mandag, desember 07, 2009

Ugler



Ugler

Kvar gong eg legg meg
i badekaret
kjem uglene
inn av vindauget.

Dei seier ingenting.
Berre legg hovudet på skakke
og ser på meg
og blunkar av og til.

Aldri blir eg
skikkeleg rein.

Ragnar Hovland "Elefantmusikken" - Det norske samlaget 1985

Og med dette ynskjer eg meg oppskrift på både scones og ca-oppskrift på potet-purresuppe frå den purrande Astrid som ynskjer at tida skal gå litt seinare.

lørdag, november 28, 2009

Det er jo så kjekt å lage sjølv!



Mitt prosjekt er denne nydelege leppepomaden. Forferdeleg namn, så mine får namn "Honninglepper" som eg og Marianne fant saman til ein vandringstur i gamle Fredrikstad. I sommar leste eg at honning er noko av det reinaste og sunnaste ein kan ete. Mykje næringsstoff som også kan vere god pleie for huden. Å ha honning direkte på leppene er det beste du kan gjere ved såre lepper, men samtidig klissete og svært lett å slikke av att :) Så då starta prosjektet om å finne fram til andre stoff som kunne få honningen litt fastare i formen. I mi eiga oppskrift nyttar eg bivoks og økologisk sheasmør som fettstoff (sheasmør eg også mjukgjerande) samt litt kaldpressa avokadoolje. Dette smeltar eg og tek oppi honning. Ikkje kva som helst honning sjølvsagt, den utvalte er nøye vurdert, økologisk honning i frå Sotra kjøpt via Bondens marked den dag i dag. Dei andre ingrediensane samt krukker og etikettar vart kjøpt på sunvita. Så heldige er dei som finn noko slikt under treet i år!

Eteriske oljer

I sommar fekk eg interesse for eteriske oljer og bruken deira. Så har ballen rulla vidare og naturkosmetikk er vel blitt haustens tema på Sletten. Eteriske oljer har nytteområder på alt frå kjensler til hår- hudpleie og behandling av alle moglege lidingar. Ei god eterisk olje av lavendel er den viktigaste olja, den er antiseptisk, er ein av svært få som kan brukast direkte på huden (til dømes til eksem, brannsår med meir), den er balanserande, beroligande, antidepressiv..Altså heilt super til å fordampe nokre dropar før sengetid eller lukte litt på i ein stressande kvardag. Eg kjøper mine oljer på sunvita.no og myrra.no. Det kan vere ein dyr hobby å setje seg inn i, men samtidig varer oljene lenge. Ein nyttar berre nokre få dropar om gongen. Utanom fordamping kan ein blande nokre dropar i ei baseolje (til dømes mandelolje) og massere direkte inn i huden. Ein kan tilsetje nokre dropar rett i badevatnet (eg ynskjer meg eit stort badekar!), blande det med vatn og nytte det som romspray. Eg har ein spray tilgjengeleg på kjøkenet med peppermynte og sitron, klar til å spraye litt rundt når steikeosen har sett seg. Eg nyttar rosmarin og lavendel i mitt Neutral oppvaskmiddel som gir ei lett og frisk lukt av kjørel og glas i stadan for denne standard Zaloen.

onsdag, november 18, 2009

Det skin eit lys
bak alle ting på jorda
bak alle mjuke trådar
bak alle nakne kroppar

sirr sarr
det rundar opp
det rundar ned
det svinn ved verdens ende

det skin eit lys
det blafrar mildt
inst i kroppen vår

Arild Stubhaug, 1973
"Du ber vatn i hendene"
Det Norske Samlaget

mandag, november 02, 2009

Til Astrid

Eg vil gjerne dele med deg mitt favorittdikt av Helge Hagerup. Han er sonen til Inger Hagerup og døydde, etter det eg hugsar, i 2008. Heilt tilfeldig leste eg eit stykke om han i Morgenbladet, og eit utdrag av dette diktet var med. Det er så enkelt, samtidig så rått, om liv, død og kjærleik. Det rører i det innerste i meg.
Eg prøvde straks å få tak i det eg trudde var diktboka, men det var utselt sjølvsagt. Så gjekk det eit halvt år før eg traska innom bruktbutikken på kaien på Stord. Det er svært lite utskifting av bøker der etter det eg har merka, men eg kikka no over diktbøkene att. Og der stod ho. "Til stjerner skal vi bli", eit eksemplar som stamma frå Kvinnherad Folkebibliotek.

Hytten og hagen en dag i juli,
en solsvidd sommer med barn på stranden.
Er det mulig at alt tar slutt?
Ja, det er mulig, jeg vet det er mulig
når dagene lukter av svovel og krutt.

Kan kjærligheten bare bli minner
om vegger vi malte, en kam i en skuff,
en seng som står tom, ting vi har kjøpt
for å eie dem sammen, og planer, planer
langt frem i tiden.
Det hastet jo ikke, trodde at siden
skal være som nå, som i dag og i går.
En kam i en skuff! Jeg vil ikke se den.
Jeg vil ikke vite at sorgen og gleden
alltid ligger i samme seng.
Jeg vil ikke vite, jeg nekter å vite
at kjærlighetenen dag skal bli minner,
de bitreste minner som noen har grått.
Jeg vil ikke vite, men vet jo så godt;
det kommer en dag da alt forsvinner.

Det må jeg tåle, det må jeg bære,
men gi meg litt tid!
Ser du ikke at sommeren tegner
fugler i luften og sol som regner
ned over havet? En dag i juli
tror jeg det ikke. Det er ikke mulig
at solen forsvinner
og alt tar slutt.

Da kjenner jeg lukten av svovel og krutt.

      Helge Hagerup (1989)
"Til stjerner skal vi bli" Solum Forlag 

søndag, oktober 04, 2009

Logopedknekkebrød

Søndagen er fin til baking, sjøl om ein er trøytt og slapp. Mor mi gav meg oppskrift på desse knekkebrøda, eg har jo sjølvsagt delt med mine logopedkollegaer som igjen har spreidd bakeryktet vidare utover. No er visst  knekkebrøda svært populære på barneklinikken på Haukeland etter det eg har høyrt og dei går under namnet logopedknekkebrød. Snart er vel Statped Vest og fylt med slike knekkebrød? Men eg kan ikkje ta på meg æra av å ha utvikla oppskrifta, ikkje mor mi heller:)

Knekkebrød
50g havregryn (store)
50g sesamfrø
50g linfrø
50g solsikkekjerner
50g gresskarkjerner
1ts bakepulver
1ts salt
200g kveitemjøl (envt 50g grovt anna mjøl pluss resten kveite)
2 1/2 dl vatn
3/4 dl rapsolje

Elt alle ingrediensane godt saman - deigen vert mjuk og laus. Brei utover eit bakebrett i eit tynt lag, bruk gjerne ein sleikepott. Deigen er nok til to brett. Skjær i deigen med spissen av ein kniv etter kor mange brød du vil ha. Steik på 180 grader på 15-18 min - tid kan variere frå ovn til ovn har eg erfart, dei kan trenge litt lengre tid for å bli sprø nokre gongar. La brøda kjøle seg litt og brekk dei frå kvarandre. Lagrast best i ein god kakeboks!

Attåt baking føreslår eg ha på P1 i bakgrunnen, då vert knekkebrøda ekstra gode.

lørdag, oktober 03, 2009

Olav H. Hauge og ein skrivemaskin



Denne skrivemaskinen dukka opp på ein bruktbutikk i Sagvåg på Stord. Det var ikkje eg som fann han, men ein særleg flink seljar som meinte at ein logoped skulle absolutt eige ein skrivemaskin. Litt skeptisk var eg då han drog meg med på lageret, men då dette vidunderet openberra seg under eit svart lokk, ja, då var det gjort. Og ein skrivemaskin kan jo ikkje berre stå til pynt. Så no vert det skrivne dikt! Fyrst og fremst Olav H. Hauge (som eg òg refererer til i tittelen på bloggen for dei som ikkje kjenner diktet), deretter andre, deretter kanskje meg.