søndag, oktober 04, 2009

Logopedknekkebrød

Søndagen er fin til baking, sjøl om ein er trøytt og slapp. Mor mi gav meg oppskrift på desse knekkebrøda, eg har jo sjølvsagt delt med mine logopedkollegaer som igjen har spreidd bakeryktet vidare utover. No er visst  knekkebrøda svært populære på barneklinikken på Haukeland etter det eg har høyrt og dei går under namnet logopedknekkebrød. Snart er vel Statped Vest og fylt med slike knekkebrød? Men eg kan ikkje ta på meg æra av å ha utvikla oppskrifta, ikkje mor mi heller:)

Knekkebrød
50g havregryn (store)
50g sesamfrø
50g linfrø
50g solsikkekjerner
50g gresskarkjerner
1ts bakepulver
1ts salt
200g kveitemjøl (envt 50g grovt anna mjøl pluss resten kveite)
2 1/2 dl vatn
3/4 dl rapsolje

Elt alle ingrediensane godt saman - deigen vert mjuk og laus. Brei utover eit bakebrett i eit tynt lag, bruk gjerne ein sleikepott. Deigen er nok til to brett. Skjær i deigen med spissen av ein kniv etter kor mange brød du vil ha. Steik på 180 grader på 15-18 min - tid kan variere frå ovn til ovn har eg erfart, dei kan trenge litt lengre tid for å bli sprø nokre gongar. La brøda kjøle seg litt og brekk dei frå kvarandre. Lagrast best i ein god kakeboks!

Attåt baking føreslår eg ha på P1 i bakgrunnen, då vert knekkebrøda ekstra gode.

lørdag, oktober 03, 2009

Olav H. Hauge og ein skrivemaskin



Denne skrivemaskinen dukka opp på ein bruktbutikk i Sagvåg på Stord. Det var ikkje eg som fann han, men ein særleg flink seljar som meinte at ein logoped skulle absolutt eige ein skrivemaskin. Litt skeptisk var eg då han drog meg med på lageret, men då dette vidunderet openberra seg under eit svart lokk, ja, då var det gjort. Og ein skrivemaskin kan jo ikkje berre stå til pynt. Så no vert det skrivne dikt! Fyrst og fremst Olav H. Hauge (som eg òg refererer til i tittelen på bloggen for dei som ikkje kjenner diktet), deretter andre, deretter kanskje meg.