lørdag, november 28, 2009

Det er jo så kjekt å lage sjølv!



Mitt prosjekt er denne nydelege leppepomaden. Forferdeleg namn, så mine får namn "Honninglepper" som eg og Marianne fant saman til ein vandringstur i gamle Fredrikstad. I sommar leste eg at honning er noko av det reinaste og sunnaste ein kan ete. Mykje næringsstoff som også kan vere god pleie for huden. Å ha honning direkte på leppene er det beste du kan gjere ved såre lepper, men samtidig klissete og svært lett å slikke av att :) Så då starta prosjektet om å finne fram til andre stoff som kunne få honningen litt fastare i formen. I mi eiga oppskrift nyttar eg bivoks og økologisk sheasmør som fettstoff (sheasmør eg også mjukgjerande) samt litt kaldpressa avokadoolje. Dette smeltar eg og tek oppi honning. Ikkje kva som helst honning sjølvsagt, den utvalte er nøye vurdert, økologisk honning i frå Sotra kjøpt via Bondens marked den dag i dag. Dei andre ingrediensane samt krukker og etikettar vart kjøpt på sunvita. Så heldige er dei som finn noko slikt under treet i år!

2 kommentarer:

  1. Ååååå!Detti så moro ut:)Du har virkelig kost deg i helga du. Fikk ille lyst til å lage meg en rom-spray jeg nå!! Og de honningleppene er je spent på. Ere mulig å bestille en boks?? Starter du nettbutikk snart kanskje?:)

    SvarSlett
  2. ja, nettbutikken opnar 24. desember, men det er berre å forhandsbestille frøken! Honninglepporna (den svenske versjonen) trur eg ikkje blei så bra som eg hadde håpt, men men....thats life!!

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!