onsdag, desember 01, 2010

Om boller og surdeig og andre seriøse ting frå loftet


Eg har som kjent for nokre kjøpt meg ein real kjøkenmaskin. Egentleg var dette noko eg gjerne ville avvente med, for då føler ein seg gjerne vel etablert. Men så leste eg i boka "Om boller, brød og tilfeldigheter fra bakeriet i Lom" ved kokk og sjølvlært bakar Morten Schakenda. Og der fekk eg klar beskjed. Vil du få dreis på brød og boller, bruk maskin! Eg har no alltid elta for hand og trent musklar på dette viset. Men jammen var det deilig å få sleppe dette styret. Så på sundag hadde eg ein real bakedag! Etter Schakenda si oppskrift har eg prøvd meg på surdeig. Den to det ei veke å lage. Og dette gav ein boblande deig, med syrleg halvroten (?) lukt. Men tanken på å kunne lage brød utan å bruke gjør er jo ganske interessant. Så det vart to surdeigar, ein grov og ein fin. Og to typar brød vart prøvd. Grovt surdeigsbrød (som egentlig vart flottare å sjå på enn det vart grovt) og brødet Svensken. Brøda vert noko luftig, men samtidig saftig og kompakte. Smakar litt annaleis enn vanleg gjærbakst, men smakar godt. No har eg litt surdeig liggande i to glas i kjøleskåpet som eg mata jevnleg og halda liv i om eg vil. Og eg som ikkje har fått skaffa meg katt kan i alle fall mata ein surdeig og godsnakke litt med den!

Lys surdeig til venstre, den andre grov. Synd ein ikkje kan lukte på bilete.




Og så var det desse bollene då. Det eg gleda meg mest til å bake var dei kjende bollene som også står som oppskrift i boka. Trikset er å elte inn smøret i terningar. Og resultatet vert fantastisk! Denne oppskrifta nyttar dei på Åpent bakeri i Oslo, som er kjend for desse bollene. Her er oppskrift for dei som vil prøve seg. Obs, du bør faktisk ha kjøkenmaskin her, om ikkje klarar du ikkje smøreltinga. Eg lovar deg. Frå boka nemnd ovanfor (Schakenda):

1kg kveitemjøl
5 dl h-mjølk (skal ikkje vere lunka - Schakendatips nr.1)
150g sukker
15 g salt
15 g kardemomme
1 stort egg
50 g fersk gjær
150 g smør i terningar

Ha alle ingrediensar untatt smør i eltebolle. Elt i om lag 15 minutt, tilsett smøret og elt i nye 15 minutt. Pass på at smøret er godt iblanda deigen. Legg deigen til heving, dekk med plastfolie, set lunt. Skal heve til dobbel størrelse.

Del opp i boller. På Bakeriet i Lom veg bollene 175 gram (!). Stort er gøy! Set på steikebrett med papir, dekk på ny med plastfolie og hev til dobbel størrelse. Pensle med samanvispa egg og steik ved 180-200grader i ca 15 minutt - følg med. La deg freiste! 



torsdag, november 18, 2010

Mandelkrefter


Ja, dette kunne ha vore meg.  Eller? Dette er eit bilete av yogaguruen B.K.S. Iyengar som har gjeve namnet sitt til ein eigen yogaretning (som me trener på Yogarommet). For å bli så god så tenker eg kosthaldet hans var av det beste også. Og der kjem jo EG inn! Eg kjøpte meg nemlig i sommar ein yogakokebok! Av alle ting. Forskjellige vegetaroppskrifter som var inspirerande og fine. Eg vart dessverre ingen vegetarianar (eg er altfor glad i laks og Vossasalami til det) men eg lot auga falla på ei oppskrift på mandelmjølk! Mandelmjølk er anbefalt som god og energigjevande frukost for ein god yogi. I fleire veker har eg starta dagen med mandelmjølk attåt ein kopp kaffi. Eg hadde nett ein pause men måtte tilbake att då det dukka opp kilosal på mandlar på desse lokkande matbutikkane. Så no er eg i gong att. Litt tilpassing har eg sjølvsagt gjort med denne oppskrifta. Så slik er ho etter min mage og smakslaukar:

10-15 mandlar 
ei hand store havregryn
ei lita hand med graskarkjernefrø
(eventuelt to tørka aprikosar i tillegg)

dekk dette med vatn

ein god slump svart malt pepar, kardemomme og kanel (og kverna chili om ein treng den ekstra piffen)


La dette stå over natta.

Mos blandingen med ein god stavmikser.

Kok opp 1,5-2 dl lettmjølk (evnt H-mjølk eller soyamjølk)
smelt i ei god teskei honning
Bland saman med mandelblanding med stavmiksar att.

Server! God energi, sunt feitt (ingen slankekur akkurat) og godt humør! 


lørdag, november 06, 2010

Yogakunst

Yoga på fjellet, årets nye hobby. Yoga er ikkje det nye hippe, det druknar heller ikkje ned i alle desse nye og fancy treningsformene som dukkar opp. Dei som startar med yoga og finn sin yogapust, legg den sjeldan i frå seg. Ein gong (ikkje i år dessverre) siktar eg gjerne mot yogaens heimland, men føre den tid prøver eg å få til litt trening i løpet av ei veke. Kvar dag hadde no vore optimalt, men det optimale vert gjerne aldri fullverdig nok uansett.

Yoga er ei kunstform i seg sjølv, og i vakre naturomgjevnader viser dette seg særleg. Bileta viser stillingane "tre" og "kriger" i ulik form.

Eg håpar eg kan inspirere, enten til fjell eller yoga eller yoga på fjell!

                                               Foto: Gina Valvatna - på Ulvanåso - Uskedalen (Kvinnherad)


Sjølvutløysar. Yogatrening på Finse ein nydeleg sundag morgon.

Foto: Vidar Vedå. PÅ Stovegolvet (topp på Stordafjellet). I solnedgong før ovenatting under open himmel.


Sjølvutløysar. Ved foten til Hardangerjøkulen.

fredag, februar 05, 2010

Solstråle



DU HENGJER IKKJE HATTEN PÅ EI SOLSTRÅLE

Du lydt stødt ha
fast grunn
under føtene, noko

å halda deg i,
tanken
vågar ikkje

å sleppa seg,
er som eit barn,
lit seg ikkje, men

trivlar stødt
etter hald.
Du hengjer ikkje

hatten på ein
solstråle,
du lærde seint

å symja, har
mistru til fly,
er ikkje trygg

anna til fots.

Olav H. Hauge "Spør vinden" (1971)