lørdag, november 06, 2010

Yogakunst

Yoga på fjellet, årets nye hobby. Yoga er ikkje det nye hippe, det druknar heller ikkje ned i alle desse nye og fancy treningsformene som dukkar opp. Dei som startar med yoga og finn sin yogapust, legg den sjeldan i frå seg. Ein gong (ikkje i år dessverre) siktar eg gjerne mot yogaens heimland, men føre den tid prøver eg å få til litt trening i løpet av ei veke. Kvar dag hadde no vore optimalt, men det optimale vert gjerne aldri fullverdig nok uansett.

Yoga er ei kunstform i seg sjølv, og i vakre naturomgjevnader viser dette seg særleg. Bileta viser stillingane "tre" og "kriger" i ulik form.

Eg håpar eg kan inspirere, enten til fjell eller yoga eller yoga på fjell!

                                               Foto: Gina Valvatna - på Ulvanåso - Uskedalen (Kvinnherad)


Sjølvutløysar. Yogatrening på Finse ein nydeleg sundag morgon.

Foto: Vidar Vedå. PÅ Stovegolvet (topp på Stordafjellet). I solnedgong før ovenatting under open himmel.


Sjølvutløysar. Ved foten til Hardangerjøkulen.

4 kommentarer:

  1. Fine bilder altså..

    SvarSlett
  2. ein utruleg gøy hobby for tida! kanskje den skal utvidast til ørkenyoga i egypt? vent i spenning

    SvarSlett
  3. Stilig:) Denna ideen bør u ta copyright på!! Og gi ut en bok med disse bildene i.

    SvarSlett
  4. Nydelig. Og kalla boko for "Yoga i min kropp, mitt hus, mi verd. Refleksjonar"

    Av Ingvild Sriland Yogaguru

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!