søndag, januar 16, 2011

Laksefantastisk

Jammen går det i mat for tida. Kanskje fordi eg ein periode ikkje fekk lov til å ete så mykje og då får ein ekstra behov i etterkant:) Og så går det litt i å fylle opp frysen med middagar og diverse til våren framover. Og det passar godt å styre på med slik når det absolutt ikkje er ute-vèr. Og så er det så kjekt å prøve ut det nye kameraet mitt!

Men i alle fall, desse laksekakene byrja eg å lage i fjor. Etter eg fant med ei god, gammal kjøtkvern på loppemarked så går det som ein draum. Laksekakene er supre til rask middag attåt kokte poteter og grønsaker, salat, på brødskiva med ein dæsj majones og litt tomat eller som saftig hamburger. Og eg er jo ein laksefant, det er min favorittmat på ein kvardag.

Laksekaker 
ca. 35-45 stk etter storleik 

1200g laksefilet (utan skinn og bein)
1 lauk, eller i mitt tilfelle 1 halv raudlauk og ein halv gul lauk
2 kinesiske kvitlauk eller nokre fedd med vanleg
2 dl fløyte
1 egg
3 gode ss potetmjøl
ei handfull friske urter - gjerne persille, oregano og eventuelt basilikum, eller andre du har lyst på - skal vere finhakka
3-4 ts malt svart eller kvit pepar
salt etter behov - eg har nytta maldonsalt og litt urtesalt

Eg salta laksen lett og lot det trekke ein halvtime før kverning. Ved at ein tek salt samtidig bind deigen seg betre. Kverna laksen saman med lauk. Det går også an å dele opp laksen i små terningar om ein ikkje har kvern, det anbefaler eg om ein skal lage seg skikkeleg saftige lakseburger.

  

  
Eg blanda så lett saman resten av ingrediensane og prøvesteikte ei kake for å kjenne an smaken. Deigen treng kanskje litt meir salt enn ein trur, men det er lurt å prøve seg forsiktig fram. Steikes på middels varme i god steikepanne i gjerne ei blanding av melange/smør og nøytral olje. Kakene kan gjerne bli litt mjuke, ikkje heilt gjennomsteikt. Konsistensen bør vere mjuk, ikkje altfor hard, då dei gjerne er for godt steikte og kan verte tørre. 

  


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!