søndag, januar 23, 2011

Til eit fjell

Når eg no sit ved kjøkenbordet og kikkar ut takvindauget mitt så ser eg eit raudt hustak og eit kvitt teppe i bakgrunn. Til vanleg ser eg rett opp på majestetiske Ulriken. For ein time sidan tok eg likevel banen opp, for å kjenne på litt god fjelluft. Og jammen meg, der oppe kikka sola fram, skodda låg som luftig krem over byen og kravla seg oppover Natlandsfjellet. Og det nye kameraet var med og sommarfuglane kvitra i magen, for på fjellet kjenner eg at eg lev fullt og heilt. Og la meg krydre bileta med Hauge (for tida) sitt venaste dikt:

TIL EIT FJELL

Det er som eg ikkje har sett deg fyrr, endå eg har hatt
di viljeklo for augo all min dag,
fjell er fjell, og Herren har vege dei.
Reisingi har eg set og roi,
mitt eige ovmod andsynes det uendelege;
dette er tydde teikn.

Men i otta i dag såg eg deg: Du var som ei ørn
som venta på solkoma, flogbudd.
No har du falda dei breide vengene
attum skogtoppane. Og skymingi
og stjernone er dine.

Olav H. Hauge, PÅ ØRNETUVA (1961) 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!