søndag, februar 06, 2011

...sundag..

Lese avis-sundag, gå i morgonkåpe til langt på dag-sundag, bake havrekjeks som ikkje vart vellykka-sundag, vaske golvet-sundag, drikke kaffi av ny gul kopp-sundag, skrive litt-sundag, kikke litt i diktbøkersundag, og sjå kva eg fann der-sundag, filosofere over det rare ordet sundag, tenke litt evighetstankar-sundag, ikkje vere friskus og springe ute på den store kom deg ut -sundagen, ja, berre vere-sundag, sjå påskeliljene vekse i vinduskarmen-sundag..

EI STEMNINGSFULL SKOKNIRKING FYLLER LOKALET

Høyr kva skoen seier.
Høyr kva skoen seier.

Den venstre skoen seier:
Kjem du?
Kjem du snart?
Kjem du snart etter, gamle venn?

Og den høgre skoen svarar:
Nei, gamle venn. Nei, nei.
Eg blir der eg er.
Det er du som må kome til meg.

Men sjå kva skoen gjer.
Sjå kva skoen gjer.

Sjå kva den høgre skoen gjer:
Den høgre skoen kjem.
Den kjem seint.
Men den kjem.

Og den venstre skoen helsar vel den høgre:
Velkomen hit, gamle venn.
Velkomen etter.
Du veit eg har venta på deg.

Nei. Og vidare nei. Den venstre skoen
er ikkje der. Den har gått eit steg til.
Den venta ikkje.
Kom hit.
Til meg.
Det er her det er best.
Slik roper den venstre skoen bakover
til sin gamle venn, den høgre.

Er det rart sko
blir gamle og trøtte før tida?

Einar Økland
Romantikk Folkeminne (1979) 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!