søndag, mars 06, 2011

Briochebakst på loftet


Jau, eg kan få sagt at den beste gjærbakstdeigen som eg til no har smakt, er briochedeig. Eg har jo mine bakeprosjekt stadig vekk og denne helga ville eg prøve meg på brioche. Det er jo til og med fastelavnshelg, men eg har aldri vore noko glad i denne kremen, eller i alle fall kombinasjonen av kveitebakst og mektig krem. Rare greier. Så eg prøvde ut oppskrifta til Morten Schakenda, frå bakeboka hans som eg har vist til tidlegare. Brioche er gjærbakst, men er annaleis enn vanlege boller då dei innheld mykje egg og smør. Egg og gjær saman gjer at dei hevar seg mykje, vert luftige og fine samt at dei vert gule i fargen. Men dei er av typen helgekos, ikkje kvardagskos.

Brioche med sjokoladebitar

5 dl egg
120 g sukker
15 g salt
830 g kveitemjøl
50 g fersk gjær
300 g smør i terningar
150 g sjokolade i bitar

Alle ingrediensane utanom smør og sjokolade vert elta saman til deigen slepp taket i bakebolla. Så eltar ein smøret godt inn i deigen. Til slutt sjokoladebitar. Så dekk ein deigen med plastfolie og hevar til dobbel storleik. Så slår ein deigen ned, dekk på ny med plastfolie og lar den stå kaldt natta over. Då hevar den seg fint.


Så var det berre til å forme boller. Mine boller vegde 100 gram og heva seg til dobbel storleik før steiking. Eg steikte dei på 175 grader i ca 13 min.  Ved neste briochebakst skal det prøvast brioche med vaniljekrem og sjokoladebitar - inspirert av den mektige kjøpe-briochen ein finn i matbutikkar.


onsdag, mars 02, 2011

Muslirundstykker


Siste nytt under bakehimmelen er eltefri bakst. Eg skal ikkje la dette ta heilt over då elting og langtidsheving er kome for å bli på mitt loft, men eg måtte berre prøve desse rundstykka. Oppskrift fekk eg av ein kollega på jobb etter å ha fått smake hennar nybakte. Og oppskrifta måtte jo berre forandrast liiittegranne på. Og steike meg så godt med smør og jordbærsyltetøy på! På grunn av frukt og nøtter så held dei seg saftige og vert ikkje så fort tørre. Dei skal rett i frysen og skal opp att ein etter ein som nistemat framover.

Grunnoppskrift
1 kg grovbakst (eg nytta det eg fann i kjøkenskåpet; grov rug + spelt + kveite, havremjøl, sikta spelt og kveite)
1 pk gjær
3 dl havrekli (eg nytta 2 dl havregryn og 1 dl speltkli)
1 dl linfrø (eg nytta 2 dl frø; knuste linfrø, solsikkefrø og gresskarkjernefrø)
200 g hasselnøtter (eg nytta 150 g hakka nøtter; hasselnøtter og valnøtter)
10 tørka aprikoser i små bitar (eg raska med meg enda fleire)
150 g rosiner (som eg droppa då rosiner ikkje er min ven i bakverk)
12 dl lunka vatn
2 ss rapsolje
2 ts salt

Rør saman det lause. Hell over vatn iblanda gjær samt olje. Det vert ei laus røre, sjå til at alt vert godt blanda. Bruk ei stor skei/sleiv til å "klaske" på rundstykker. Eg laga dei litt store, fekk plass til 9 på kvart brett - nytta to brett. Rundstykka skal heve ein time utan å vere tildekka). Tilpass steiketid etter ovn og storleik på rundstykker. Eg måtte steike mine på 225 grader i ein halv time.