søndag, mars 06, 2011

Briochebakst på loftet


Jau, eg kan få sagt at den beste gjærbakstdeigen som eg til no har smakt, er briochedeig. Eg har jo mine bakeprosjekt stadig vekk og denne helga ville eg prøve meg på brioche. Det er jo til og med fastelavnshelg, men eg har aldri vore noko glad i denne kremen, eller i alle fall kombinasjonen av kveitebakst og mektig krem. Rare greier. Så eg prøvde ut oppskrifta til Morten Schakenda, frå bakeboka hans som eg har vist til tidlegare. Brioche er gjærbakst, men er annaleis enn vanlege boller då dei innheld mykje egg og smør. Egg og gjær saman gjer at dei hevar seg mykje, vert luftige og fine samt at dei vert gule i fargen. Men dei er av typen helgekos, ikkje kvardagskos.

Brioche med sjokoladebitar

5 dl egg
120 g sukker
15 g salt
830 g kveitemjøl
50 g fersk gjær
300 g smør i terningar
150 g sjokolade i bitar

Alle ingrediensane utanom smør og sjokolade vert elta saman til deigen slepp taket i bakebolla. Så eltar ein smøret godt inn i deigen. Til slutt sjokoladebitar. Så dekk ein deigen med plastfolie og hevar til dobbel storleik. Så slår ein deigen ned, dekk på ny med plastfolie og lar den stå kaldt natta over. Då hevar den seg fint.


Så var det berre til å forme boller. Mine boller vegde 100 gram og heva seg til dobbel storleik før steiking. Eg steikte dei på 175 grader i ca 13 min.  Ved neste briochebakst skal det prøvast brioche med vaniljekrem og sjokoladebitar - inspirert av den mektige kjøpe-briochen ein finn i matbutikkar.


2 kommentarer:

  1. Å, fyttigrisen dei såg gode ut!! Tusen takk for den deilige middagen igår forresten. Gourmet-kvinnen!

    SvarSlett
  2. Ja, dei er skummelt gode. Du får smake dei ein anna gong. Eller me skulle ha reist opp til Lom og smaka på han Schakenda sine bakverk og luska litt rundt!

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!