onsdag, mars 02, 2011

Muslirundstykker


Siste nytt under bakehimmelen er eltefri bakst. Eg skal ikkje la dette ta heilt over då elting og langtidsheving er kome for å bli på mitt loft, men eg måtte berre prøve desse rundstykka. Oppskrift fekk eg av ein kollega på jobb etter å ha fått smake hennar nybakte. Og oppskrifta måtte jo berre forandrast liiittegranne på. Og steike meg så godt med smør og jordbærsyltetøy på! På grunn av frukt og nøtter så held dei seg saftige og vert ikkje så fort tørre. Dei skal rett i frysen og skal opp att ein etter ein som nistemat framover.

Grunnoppskrift
1 kg grovbakst (eg nytta det eg fann i kjøkenskåpet; grov rug + spelt + kveite, havremjøl, sikta spelt og kveite)
1 pk gjær
3 dl havrekli (eg nytta 2 dl havregryn og 1 dl speltkli)
1 dl linfrø (eg nytta 2 dl frø; knuste linfrø, solsikkefrø og gresskarkjernefrø)
200 g hasselnøtter (eg nytta 150 g hakka nøtter; hasselnøtter og valnøtter)
10 tørka aprikoser i små bitar (eg raska med meg enda fleire)
150 g rosiner (som eg droppa då rosiner ikkje er min ven i bakverk)
12 dl lunka vatn
2 ss rapsolje
2 ts salt

Rør saman det lause. Hell over vatn iblanda gjær samt olje. Det vert ei laus røre, sjå til at alt vert godt blanda. Bruk ei stor skei/sleiv til å "klaske" på rundstykker. Eg laga dei litt store, fekk plass til 9 på kvart brett - nytta to brett. Rundstykka skal heve ein time utan å vere tildekka). Tilpass steiketid etter ovn og storleik på rundstykker. Eg måtte steike mine på 225 grader i ein halv time. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!