søndag, mai 29, 2011

Buster er "heme" i Bergen


Buster, nærare bestemt Buster Grytten (nødvendig etternamn å ha når han kjem frå sjølvaste Odda), har endeleg roa seg i sin nye heim. Jammen er eg blitt adoptivmor, med prøvetid på ein månad, for Buster sine tidlegare eigararar sleit med samvittigheten for at han ikkje fekk all tur han trengde. Fin og koseleg familie han kom frå, mens no skal han dele loftet med ho tøtta her med høge skuldre (som skal ned med litt hundekos). Rart, men fint med sin eigen hund, blir ei spanande og ny tid for meg framover!

Og Buster, han ser kanskje liten ut, men har allereie rukke å nå tre år snart. Kastrert er han, slik at me slepp denne gåinga på byen i helgene for å treffa fine damer. Og så er han stille, ingen bjeffert i det heile!

Oppdatering på Eskeland sitt hundehald kjem etterkvart. No ventar tissetur og tidleg natti-natti i buret sitt.

søndag, mai 15, 2011

Pai i mai

I den daglege middagslagingen fell ein raskt inn i vanar. Eg for min del kunne fint ete laks kvar dag, men heldigvis gjer eg nesten ikkje det og vert difor aldri lei den fisken. På jobb har eg ei matglad kollega som innimellom inspirerer med matrettar ho har prøvd. Og denne gongen var det pai som var tema. Og pai er det typisk at ein gløymer ut at eksisterer. Så då var det pai ein laurdag i mai! Litt tid å lage denne, men absolutt verdt det. Og i min single kvardag har eg middag to dagar og to middagar i frysen :)

Paibotn
  • 180 g kveitemjøl
  • 1/2 ts salt
  • 100 g kaldt smør/melange i terningar
  • 0,75 dl kaldt vatn
Smuldre smør, salt og mjøl. Bland til slutt i vatnet og kna til ein glatt deig. Pakk deigen inn i plastfolie og legg den i kjøleskåpet i 15 min (gjerne dagen før). Kjevle/kna deigen ut i paiform. Sett i frysen i 10-15 min. Prikk botnen godt med gaffel. Førehandsteiking 180 grader i 10-15 min.

Maipai med tomat og camembert

  • 1 førehandsteikt paibotn
  • 450 g cherry- eller miniplommetomater delt i to
  • 2 ss god olivenolje
  • 2 egg og 1 eggeplomme
  • 2,5 dl matfløyte
  • ca. 250-300 g camembert i terningar/bitar
  • salt og kverna pepar
  • litt reven parmesan (eg hadde litt restar av jarlsberg som eg nytta i tillegg)
Vend tomatene i olje, salt og pepar. Spre dei på eit steikebrett med bakepapir. Vend snittflata opp. Bak i ovnen i 180 grader i ein halvtime og avkjøl. Rør saman egg og fløyte. Bland inn tomater og camembert. Hell over paibotn og strø over reven ost. Steik i ca 30 min på 180 grader. Server med rucola og nyt! Like god kald som varm.