søndag, mai 15, 2011

Pai i mai

I den daglege middagslagingen fell ein raskt inn i vanar. Eg for min del kunne fint ete laks kvar dag, men heldigvis gjer eg nesten ikkje det og vert difor aldri lei den fisken. På jobb har eg ei matglad kollega som innimellom inspirerer med matrettar ho har prøvd. Og denne gongen var det pai som var tema. Og pai er det typisk at ein gløymer ut at eksisterer. Så då var det pai ein laurdag i mai! Litt tid å lage denne, men absolutt verdt det. Og i min single kvardag har eg middag to dagar og to middagar i frysen :)

Paibotn
  • 180 g kveitemjøl
  • 1/2 ts salt
  • 100 g kaldt smør/melange i terningar
  • 0,75 dl kaldt vatn
Smuldre smør, salt og mjøl. Bland til slutt i vatnet og kna til ein glatt deig. Pakk deigen inn i plastfolie og legg den i kjøleskåpet i 15 min (gjerne dagen før). Kjevle/kna deigen ut i paiform. Sett i frysen i 10-15 min. Prikk botnen godt med gaffel. Førehandsteiking 180 grader i 10-15 min.

Maipai med tomat og camembert

  • 1 førehandsteikt paibotn
  • 450 g cherry- eller miniplommetomater delt i to
  • 2 ss god olivenolje
  • 2 egg og 1 eggeplomme
  • 2,5 dl matfløyte
  • ca. 250-300 g camembert i terningar/bitar
  • salt og kverna pepar
  • litt reven parmesan (eg hadde litt restar av jarlsberg som eg nytta i tillegg)
Vend tomatene i olje, salt og pepar. Spre dei på eit steikebrett med bakepapir. Vend snittflata opp. Bak i ovnen i 180 grader i ein halvtime og avkjøl. Rør saman egg og fløyte. Bland inn tomater og camembert. Hell over paibotn og strø over reven ost. Steik i ca 30 min på 180 grader. Server med rucola og nyt! Like god kald som varm.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!