mandag, juni 13, 2011

Litt paibakeinspirasjon (til Marianne)

På veg til Odda for to veker sidan kjøpte eg meg ei vakker lita paiform på butikken Stemning i Rosendal. Sist veke måtte den prøvast ut då eg skulle lage dessert til sommaravslutningen på jobben. Nydeleg, godt og lettvint med pai. Og som sagt, den som kunne starte sin eigen vesle paikafe med søtt og salt....

Om eg hugsar rett så surra eg saman ei slik oppskrift:

Bærpai i sommarstemning

Paideig

125 g smør
litt melis
250 g hvetemel
2 eggeplommer
litt salt
2 ss vatn

Smuldre saman smør, melis, mjøl og bland etterkvart i eggeplommer og vatn. La deigen kvile innepakka i plast i kjøleskåpet ei lita stund. Kjevle ut og bre utover paiforma. Steik på førehand i 180 grader 10-15 min. La kjøle ned.


Lemon curd (sitronkrem)

5 eggeplommer
100 g sukker
saft frå to sitronar
125 g smør

Bland sukker, eggeplommer og sitronsaft i ei kjele. Varm opp forsiktig og rør heile tida. Nytt svak varme. Pisk inn litt og litt smør om gongen. Etterkvart vert kremen god og tjukk. Avkjøl. Kremen kan gjerne hellast opp i sterile glas og nyttast som pålegg eller anna "snop". Eg smurte min utover paien og la bær (blåbær, rips, bringebær) frå fjorårets plukking i frysen utover saman med litt sukker og littegranne potetmjøl. Så steikte eg paien i 10-15 min til på 180 grader.



1 kommentar:

  1. Takk takk:). Utrolig søt paiform og ser ut som paien ble ganske vellykka:). Skal nok prøve ut oppskrifta i løpet av sommeren!!

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!