fredag, juli 29, 2011

Ferietid


Då har eg og Busten kost oss med nesten to vekers ferie. Sidan søndag har kropp og sjel vore plassert i Jotunheimen, saman med Marianne frå Toten. Me starta opp frå Gjendesheim søndag og gjekk frå hytte til hytte i trekanten Gjendesbu - Olavsbu - Fondsbu - Gjendesbu. Veret var så som så, dei fyrste dagane var prega av regn/yr og litt skodde som seig innimellom. Busten var frisk og rask, men andre dagen med gange sette han litt ut. Ikkje visste me at ruta frå Olavsbu var fleire timar med klyving på våt og glatt stein, noko som etterkvart tok knekken på Busten sine klør og potar. Den logrande halen glei inn mellom bakbeina og små blodspor etter såre klør låg att på steinane. Så neste dag var det klart at Busten ikkje kunne gå på ei stund, så då måtte han oppi sekken og nyte utsikta. Busten, som til vanleg ikkje likar å bli bært på, storkoste seg der oppe på mine skuldre og fekk alle som me gjekk forbi (eller - heller passerte oss) til å trekke på smilebandet. 


Men turen var meir enn dette! Turen var også magiske augeblikk med villrein langs stien ein tidleg morgon, ørn, ravn, ei vannvittig glede som breidde seg då hytta kunne skimtast der framme. Lange gåturar med song og latter, og innimellom stillestunder då alle tre var slitne og trøytte. Termos med varm drikke, gode folk i fjellet, ei etterlengta øl i sola siste dagen.