lørdag, august 27, 2011

Strikkefiks

I sommar hadde jo han Busten seg ein rehab.periode der han dagleg mått smørast inn med antibiotikasalve og/eller feitt på potar og klør. Og dermed måtte ha mine kvite, låge bomullssokkar på. Dei vart grautskitne då han fekk springe små turar ut i hagen og gjerne grave litt i eit bed. Så tidleg byrja eg på eit strikkeprosjekt. Hundar treng òg sokkar. Både til vinters når dei går på hard og kald snø, og gjerne vegsalt som slit på potar. Men tydelegvis også til fjells under klatring på steinur (som me vel aldri skal gjer igjen på same måte). Så då vart fire fine sokkar strikka, i gutevenleg blåfarge med trendy grøne striper. Dei var spinnglatte på, så då sydde eg på nokre flater av falskt skinn (arva frå butikken til Klara  på kaien). Bakpå sydde eg ei hempe slik at ein lett kan dra dei på. For å ha dei på må eg no uansett feste slik at dei ikkje glir av, så me prøver igjen med tape, eller så får det bli noko anna lurt etterkvart. Tek imot lure forslag med takk!

Bustefjes med flotte sokkar på

Sokkane klare
Tøff og barsk i siste sokketrend!

søndag, august 21, 2011

Kata hornid

 - er namnet på fyrste albumet til Teitur, ein singer/songwriter frå Færøyane eg har likt i nokre år. No har eg og Marianne frå Toten besøkt heimstaden hans, og funne ut at Kata hornid (uttalt /kata hådne/) tyder gledeshjørne, eit hjørne der ein gjerne møtes for eit stevnemøte. Eit kjent uttrykk på Færøyane. Og eg er forelska, forelska i det færøyiske språk, rare og finurlege ord med nydeleg uttale av r-lyd. Så dette lange  innlegget, eller rettare sagt reisebrevet byrjar med språkmimring. Katt heiter "kjetta" (hannkatt - frensur), hund heiter "hondur", protein (lest på yoghurten) heiter jammen meg eggjakvitaevnu. Vakkert! Noko færøyisk er lett å forstå både skriftleg og talt, mens andre ord er fjerne frå vårt norske språk. Men dei gjer som island, lagar nye ord i staden for å bruke importerte engelske ord.

Me fekk litt ekstra opplæring hos guiden vår Samon, han hadde me nesten for oss sjølv. Det er ikkje mange turistane som stikk innom færøyane, både som positivt og negativt. Samon skulle gjerne kjørt rundt på fleire, mens me synes det var nesten litt eksotisk å vere så åleine på ein så vakker plass. Men me hadde ikkje guide heile tida, så me fekk surra litt åleine og. Til dømes tok me båten over til ei øy - Nólsøy, traska innover forbi eitt og anna menneske, herlege dyr og mot blå sjø.




Me var heldige, me fekk oppleve ein heil dag med sol på øyene. Vel, me har tross alt berre vore innom tre øyer, det er totalt 18 øyer der 17 har buande på. Og for det meste ser ein berre grøne bakkar og fjell, og sauge. På grunn av alle dei 80 000 saugene (nesten 2 per innbyggar) så veks det ikkje fram tre og buskar der saugene beitar. Det er berre på tettstadane du ser dette. Så det føles nesten som å vere midt oppe på fjellet, både i omgjevnadar og i den kjølege og friske lufta.





Nei, me vil gjerne tilbake ein gong. Gjerne for å traske opp mot fjelltoppar, kikke på lundefuglar, ta fleire båtturar. Ta ein helikoptertur til om lag 150kr. Bade ein gong til i kaldt sjøvatn. Kjøpe meir ull  - då eg har kjøpt mykje nok no, men ein gong går eg nok tom for garn. Kikke på søte færøyiske gutar. Og prøve på ny (utan hell) å lokke til seg lodne sauge. Ta ein ridetur, leite etter blåbær (som visst nok skal finnast). Lukte på blomane, dei luktar sterkt for det finnes ingen bier/veps/humle der til å suge ut nektaren. Lære færøyisk. Jau, det kan vere draumen!


         

Så, konklusjonen er: reis til Færøyane! Dei treng turistar, og landskapet sjarmerer meir enn sydenvarmen kan nokon gong klare, det er eg nesten 99 prosent sikker på. Annaleis, herleg, fascinerande. Det går greit å kommunisere, ein treng ikkje å snakke engelsk, og ein kan lære seg nokre fine strofer og ord på dette finurlige språket. Akk...



fredag, august 12, 2011

Gjenbruk og gjensidig glede

Som de veit har eg vore glad i gjenbruk i mange år, særleg fine skattar som dukkar opp rundt om. Av og til ting som er skattar for meg er stygt eller gamalt for andre. Enten det er loppemarked, Fretex, bruktbutikkar eller marked har eg plukka med meg mykje fint opp igjennom åra. Noko vert eg lei av etterkvart, det er heilt klart, som til dømes brunfargane i Figgjo August serien, som har fått losjert seg inn i kjøkenskåpet i bestemorhuset. Mens anna er tidlaust som Noregsglas og Løveglas frå bestemorhuset, kanskje generelt ting ein har arva og fått frå familie og vener. Noko skal vere slik det er, anna kan forandre form og funksjon til det betre.

I Sagvåg på Stord har det dei siste få åra vore ein bruktbutikk (misjonsbutikk) der pensjonistar jobbar frivilleg. Bruktbutikkar kan gjerne verte kjedelige eller rotete, men denne er nett passe. Har funne noko der innimellom, og må som regel ein tur innom der om det er lenge sidan sist eg har vore på Stord. Eg fann nokre skattar denne sommaren og.

Kaffikjele ville nokon ha sagt, tekanne er det for meg. Falt for denne for ein månad sidan, men kjøpte den først no etter litt tanketid. Av og til er det lurt. Og no angrar eg ikkje. Trehandtak. 
Bestikk med handtak i teak. Nyolja.
Nydelege fuglevassglas. Det fremste fann eg no, dei bakre fann eg i fjor ein gong. Dessverre har eg fått ei sprekk i det eine glaset, så det fungerer som fin blomstervase i staden.
Blondeduk i skjønn blåfarge. Med litt sukker, vatn og litt tid kan ein lage ei flott skål av ein slik duk. Eg har fleire slike skåler eg har laga, til dømes ei kvit lita dukskål som eg har kinesiske kvitlauk i.