fredag, august 12, 2011

Gjenbruk og gjensidig glede

Som de veit har eg vore glad i gjenbruk i mange år, særleg fine skattar som dukkar opp rundt om. Av og til ting som er skattar for meg er stygt eller gamalt for andre. Enten det er loppemarked, Fretex, bruktbutikkar eller marked har eg plukka med meg mykje fint opp igjennom åra. Noko vert eg lei av etterkvart, det er heilt klart, som til dømes brunfargane i Figgjo August serien, som har fått losjert seg inn i kjøkenskåpet i bestemorhuset. Mens anna er tidlaust som Noregsglas og Løveglas frå bestemorhuset, kanskje generelt ting ein har arva og fått frå familie og vener. Noko skal vere slik det er, anna kan forandre form og funksjon til det betre.

I Sagvåg på Stord har det dei siste få åra vore ein bruktbutikk (misjonsbutikk) der pensjonistar jobbar frivilleg. Bruktbutikkar kan gjerne verte kjedelige eller rotete, men denne er nett passe. Har funne noko der innimellom, og må som regel ein tur innom der om det er lenge sidan sist eg har vore på Stord. Eg fann nokre skattar denne sommaren og.

Kaffikjele ville nokon ha sagt, tekanne er det for meg. Falt for denne for ein månad sidan, men kjøpte den først no etter litt tanketid. Av og til er det lurt. Og no angrar eg ikkje. Trehandtak. 
Bestikk med handtak i teak. Nyolja.
Nydelege fuglevassglas. Det fremste fann eg no, dei bakre fann eg i fjor ein gong. Dessverre har eg fått ei sprekk i det eine glaset, så det fungerer som fin blomstervase i staden.
Blondeduk i skjønn blåfarge. Med litt sukker, vatn og litt tid kan ein lage ei flott skål av ein slik duk. Eg har fleire slike skåler eg har laga, til dømes ei kvit lita dukskål som eg har kinesiske kvitlauk i. 

2 kommentarer:

  1. Hei!
    for en koselig blogg! kunne du fortalt meg hvordan eg kan lage skål av blondeduker? har kjøpt inn noen gamle, men vet ikke hvordan eg gjør det...

    var forresten innom brukten i sagvåg i sommer eg og!

    SvarSlett
  2. Hei Miriam!

    Veit ikkje om du kikkar innom her igjen, men du finn litt om det under innlegget som heiter redesign. Der forklarer eg litt nærare. Det er veldig enkelt, men ein må gjerne vere litt rask. Har akkurat laga ei klokke òg, det ser du i innlegget Klokkeklart nyleg, det er same prinsipp berre at då har det lagt på eit brett.

    Brukten i Sagvågen er herlig!
    :)

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!