søndag, august 21, 2011

Kata hornid

 - er namnet på fyrste albumet til Teitur, ein singer/songwriter frå Færøyane eg har likt i nokre år. No har eg og Marianne frå Toten besøkt heimstaden hans, og funne ut at Kata hornid (uttalt /kata hådne/) tyder gledeshjørne, eit hjørne der ein gjerne møtes for eit stevnemøte. Eit kjent uttrykk på Færøyane. Og eg er forelska, forelska i det færøyiske språk, rare og finurlege ord med nydeleg uttale av r-lyd. Så dette lange  innlegget, eller rettare sagt reisebrevet byrjar med språkmimring. Katt heiter "kjetta" (hannkatt - frensur), hund heiter "hondur", protein (lest på yoghurten) heiter jammen meg eggjakvitaevnu. Vakkert! Noko færøyisk er lett å forstå både skriftleg og talt, mens andre ord er fjerne frå vårt norske språk. Men dei gjer som island, lagar nye ord i staden for å bruke importerte engelske ord.

Me fekk litt ekstra opplæring hos guiden vår Samon, han hadde me nesten for oss sjølv. Det er ikkje mange turistane som stikk innom færøyane, både som positivt og negativt. Samon skulle gjerne kjørt rundt på fleire, mens me synes det var nesten litt eksotisk å vere så åleine på ein så vakker plass. Men me hadde ikkje guide heile tida, så me fekk surra litt åleine og. Til dømes tok me båten over til ei øy - Nólsøy, traska innover forbi eitt og anna menneske, herlege dyr og mot blå sjø.




Me var heldige, me fekk oppleve ein heil dag med sol på øyene. Vel, me har tross alt berre vore innom tre øyer, det er totalt 18 øyer der 17 har buande på. Og for det meste ser ein berre grøne bakkar og fjell, og sauge. På grunn av alle dei 80 000 saugene (nesten 2 per innbyggar) så veks det ikkje fram tre og buskar der saugene beitar. Det er berre på tettstadane du ser dette. Så det føles nesten som å vere midt oppe på fjellet, både i omgjevnadar og i den kjølege og friske lufta.





Nei, me vil gjerne tilbake ein gong. Gjerne for å traske opp mot fjelltoppar, kikke på lundefuglar, ta fleire båtturar. Ta ein helikoptertur til om lag 150kr. Bade ein gong til i kaldt sjøvatn. Kjøpe meir ull  - då eg har kjøpt mykje nok no, men ein gong går eg nok tom for garn. Kikke på søte færøyiske gutar. Og prøve på ny (utan hell) å lokke til seg lodne sauge. Ta ein ridetur, leite etter blåbær (som visst nok skal finnast). Lukte på blomane, dei luktar sterkt for det finnes ingen bier/veps/humle der til å suge ut nektaren. Lære færøyisk. Jau, det kan vere draumen!


         

Så, konklusjonen er: reis til Færøyane! Dei treng turistar, og landskapet sjarmerer meir enn sydenvarmen kan nokon gong klare, det er eg nesten 99 prosent sikker på. Annaleis, herleg, fascinerande. Det går greit å kommunisere, ein treng ikkje å snakke engelsk, og ein kan lære seg nokre fine strofer og ord på dette finurlige språket. Akk...



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!