torsdag, september 29, 2011

Ein liten sterk ein til ein slakk ein

Fram til no har forkjølelsen banka på, hallo, er du der, er du klar, og eg har svara nei, absolutt ikkje, kvar bidige gong. Det eg har svara med ein ein liten skvett med heimalaga likør, oppå nokre isbitar og gjerne ei limeskive, saman med eit bad i baljen min og ein episode SOS på mac´en. Då slappar jenta av og då slepp ikkje virusa til. Og det har funka heilt til no! Men så gløymde eg å drikke det sist, det mistenker eg at er grunnen, eg gjekk fort opp til Ulriken og vaska leiligheita etterpå i staden. Og det var ikkje lurt. Så då hamna eg utpå influensagaleien. Er usikker på kor tid du skal kalle det forkjøling og kor tid det er influensa. Uansett, hals, feber og sylta/snylta nase og slapp kropp og lest ferdig Harstadboka og sett mange Seinfeldepisodar og etter to dagar heime frå jobb er eg klaar til å kome meg i gong igjen. Ikkje minst når leiligheitsjakta byrjar å bli interessant.
Så uansett, det eg egentleg ville dele med dette, og framleis konkludere med, at dette (og gjerne pluss tran-som eg ikkje har teke på ei stund) er den beste knekkaren for øyre-nase-halsvirus der ute! Dette laga eg i sommar, og nokre fine folk har fått sine dosar, nokre drukke opp allereie:

Bringebærlikør
eller rettare sagt bringebær og ripslikør! 
og overskrifta må jo vere rosa.
Oppskrifta fann eg ein stad og prøvde ut for to år sidan.

250 g bringebær og/eller rips
2 dl sukker
2 dl vatn
5 dl vodka

Hell sukker og vatn i ei gryte og kok opp. Set til avkjøling. 
Legg bær i eit litersglas (Noregsglas eller liknande).  Hell på 
sukkerlake og vodka. Vend på glaset nokre gonger (føler på meg 
at det er lurt). La det trekke ei god stund på ein kald og mørk stad. 
Det vert bra etter 8-10 dagar, men det vert enda betre etter enda 
lengre tid! Og enda raugare - særleg bringebærlikøren!  
Trur det har blitt ein hit! Og nei, eg går ikkje rundt og handlar 
vodka på polet, men den blei kjøpt til dette formål for ein billeg 
penge på flesland. Og neste gong vil eg prøve meg på blåbær. 
Rognebær dei som tør, det smakar spesielt. Løp og prøv!




Fine flaska som eg fant i ei eske på nordre lemen i gamlehuset

mandag, september 26, 2011

Færøyane; bok; haustlesning

Bilete (bokcover) henta frå: http://www.abcnyheter.no/kultur/litteratur/050530/littklikk-«buzz-aldrin-hvor-ble-det-av-deg-i-alt-mylderet»
Etter mi forelsking av dei Færøyske øyer fekk eg tips av fleire om å lese boka "Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet?" av Johan Harstad. Det rare men fine var at dette tipset fekk eg for fleire år sidan, av min fine ven JM, og eg hadde då starta på boka men så lagt ho i frå meg. Den har stått i bokhylla, faktisk i gamlehuset på Eskeland i tre år, og for kort tid henta eg med meg den og fleire bøker til Bergen. Og så kom Færøyane, og så kom boktips, så tok eg ho opp og vart fascinert med ein gong. Det å ha vore på Færøyane og derfrå kunne sjå tydeleg for seg skildringane av naturen og av Tòrshavn og Klaksvik og fjella og vegane.
Eg har mine favorittar blant Noreg sine flotte forfattarar, men var ikkje klar over at Harstad skulle måtte konkurrere med både Grytten, Espedal og Hovland. Han skriv så vakkert av og til at eseløyrene må ned og eg kan kikke tilbake og smile på ny. Og det er egentleg sjeldan eg tek steget og trekk ned eseløyrene. La meg berre få dele noko av det fine, enkle men fine;

"Hjernen er en pussig innretning. Et bibliotek med en rotete bibliotekar. Og i etasjene under, i kjelleren, alltid dette magasinet, fylt til taket av bøker og tidsskrifter, avhandlinger og papirer som nesten aldri blir etterspurt. Jeg sto på badet og pusset tennene (også dette en av kjedsomhetens helbredende foretagender) da jeg plutselig fikk en tannpusstanke." s. 241

"Selma og Òli kom inn igjen, satte frem  kaffe på glassbordet mellom sofaene. Men vi ville ikke ha kaffe. Verken jeg eller Sofus. Vi hadde andre planer. Og jeg så smilene i ansiktene deres da Sofus sa at vi skulle ut og prøve bilen, foreldrenes munner som heiste seg opp og ble smil man kunne henge på veggen, se på." s. 310

Boka handlar om Mattias frå Stavanger som mister alt. Spørsmålet er om han hadde alt. Han mista kjærast over fleire år og jobben som gartnar. Han vert med som innleigd "lydmann" til ein konsert i Torshavn. Og så havnar han utpå utan at me får vite korleis/kvifor. Vert teken hand om av ein mann ved namn Havstein som har ein bustad (Fabrikken) for ettervern av psykiatriske pasientar, i den vesle byen Gjogv. Mattias vil vere nr 2, vil vere anonym, ser gleda i det enkle, samtidig vandrar langt inn i seg sjølv - som å forsvinne. Og det høyres kanskje fælt ut, men det nye livet hans høyres fint ut, tragisk, men fint. Noko å lengte etter når dagane er harde innimellom, og då tenker eg ikkje på stress på jobb eller kjærleikssorg eller anna forbigåande.
Boka er tjukk og god. Har teke meg fleire veker på som sengelesing. Og eg har heile vegen kvidd meg til den vert ferdig. Sjølv om eg har hauger av bøker eg har lyst til å lese i haust. Til den som vil bli inspirert.



lørdag, september 24, 2011

Bygda i byn og shantifanti

No har eg som fleire veit bestemt meg for å satse på Bergen. Vel, eg har jo eigentleg satsa for lenge sidan for jammen har eg budd her i 9 år no, kven skulle trudd det? Har lenge følt eg har vore på vent. Men no har banken sagt ja, leilighetsjakt har så vidt starta, jobben er bra og jammen har eg fått meg eit styreverv også, og då kan eg ikkje berre rømme vekk. Ein del av rastlausheten min har òg vore knytta til by/land-fenomenet, gardsjente som eg er. Men veit å nyte godene av å kunne gå til fots frå heim til Ulriken, stikke innom "innvandrarbutikken" (lite politisk korrekt namn - men det er det den går for) og kjøpe meg fersk mynte og spanande juicar på glasflaske, ta meg ein runde i byen og prøve sushi og rød pesto og artisjokk (i gremolata) på pizza. Og faktisk ha vannvittig mange fine turmulegheitar i nærleiken med Buster som både rammar asfalt, gras, fjell og eit bad.
Men, det eg skulle fram til. I går oppdaga eg at bygda slett ikkje er så langt vekke. Og den er frodig og kreativ. Var på festival Låveleik på Unneland i går, bybane - buss - og gåtur (rett borti høgget) for å kome fram. Og eg innover smale gardsvegar opplyst av faklar gjekk eg og gledde meg til Shantikonsert. Herleg kveld, og masse fine folk eg ikkje kjende - men som var lette å prate med. Og alltid, alltid, alltid kjekt med shantikonsert!!

Fine shantiar

søndag, september 18, 2011

Helgebakst

Helg. Frysen full av muslirundstykker som eg held på å ete opp som niste på jobb. Men lyst til å bake brød att. Og på legekontoret fann eg ei kjekk oppskrift i eit vekeblad, eg likar desse vekeblada. "Brød med nøtter og frukt". Og eg følg aldri oppskrifta. Som resulterer i ulikt bakverk frå gong til gong. Både positivt og negativt med det. I følge oppskrifta skulle deigen hevast totalt i 50 minutt, det er vél og bra om ein har dårleg tid, men eg har god tid. Så deigen vart sett med kaldt vatn og gjær fredagen, sett ut på gongen med ope vindauge (kaldt den natta) og baka vidare laurdagen.
Her kjem oppskrifta (etter mi baking):

Kesambrød

25 g gjær (50 gram om du vil heve kort tid)
5 dl vatn (kaldt om du hever lang tid, lunka om du hever kort tid)
1/2 ts salt (viktig med salt, salt bind fukt i brødet)
1 ts kanel (eg var uheldig og droppa oppi større mengde enn dette, men det gjekk bra!)
1 beger Kesam original
150 g hasselnøtter, hakka
2 dl frø (alt av frø - evnt 1dl frø og 1dl rosiner/hakka aprikos)
8 dl grovt mjøl (god miks; grov rug, grov kveite, kruskakli, ertermjøl, havremjøl)
7 dl kveitemjøl sikta
1 god skei med maltextrakt (supert med masse B-vitaminer!)

Eg fylgjer tankegongen til Schakenda og blandar mjøl og vatn i kjøkenmaskin og lar stå ei lita stund for at det skal sette seg. Så kesam og krydder og maltexstrakt. Køyrer ei lita stund med kjøkenmaskinen før eg tek oppi nøtter og frø. Køyrer 10-15 minutt. Set på loket og hevar i bakeskåla til dagen derpå. Så køyrer deigen i 1/2 minutt kanskje for å slå ned deigen. Tek så ut deigen og lagar tre (eller to som oppskrfta hevdar) runde brød og legg på eit smurt bakebrett. Strør over litt kveitemjøl.


Bakebrettet pakkar eg lett inn i plast til hevinga. Plast gjer at deigen hevar godt men mistar ikkje fukt slik som det gjer om du berre legg eit kjøkenhandkle over. Deigen hevar så lunt i nokre timar att mens eg er på loppemarked og Buster passar heimen. Så er det berre å sette på omnen, 200 grader. Brøda steikes på nederste rille i 30-35 minutt, ein skal helst høyre ein hol lyd når ein bankar dei under. Men grunna kesamen vert dei litt fuktige i konsistense. Etter schakenda sitt råd; skal du fryse ned så la dei kjøle seg heilt ned på rist og legg i pose og i rett i frysen. Skal du ete brødet same dag så pakk gjerne inn i eit kjøkenhandkle og la det kjøle seg ned slik. Godt brød!



søndag, september 11, 2011

Kreativiteten vaknar

Eg kjenner det på meg. Det er deilig. Kreativiteten er ein stor del av meg som gjerne gøymer seg litt når livet jobbar i mot meg, og ikkje med meg. Og å vere kreativ er så mangt. Treng ikkje vere absolutt kunstnarisk eller hobbyvenleg. Av og til kan det blir brukande, andre gonger ikkje. Nokre gonger vellukka, andre gonger verkeleg ikkje. For meg så har eg det bra når eg kjenner kreativiteten vaknar til. Og kven vil vel ikkje ha det bra? Ingen svære prosjekt på gong her foreløbig, kanskje litt i tankane langt bak i hovudet. Men småprosjekt er alltid bra. Denne gongen har eg laga meg det som heiter "coasters" på engelsk. Usikker på kva dette ordet er på norsk, har til og med diskutert det litt med ein fresk kollega, språknerdar som me er. Drikkebrikkar, ølbrikkar (men det er jo vel berre til øl), spisebrikker (det vert feil det og). Nei, dessverre, coasters får gå. Ingen særskilt tema i mine sju stk, men for meg fine ting, minner og kjensler. Tjukke pappkort er nytta, laminert bilete limt oppå og farga papp under (blå eller gul). Og nyttig ja, det kvitmåla teakbordet mitt har allereie nok av koppemerker på seg etter varme tekoppar.

MIN FINE BRODERTE FUGL SOM HENG OVER SENGA MI, EIT ARK "LÅNT" FRÅ BOKA "INSEKTER I FARGER"

MIN SKULPTURVELKOMST DÅ EG KJEM PÅ JOBB KVAR MORGON. OG MITT FINE HUSVÆRE.

SMELTEVERKET I ODDA, DER BUSKAR VEKS LANGT OPPE I ANLEGGET. OG MITT SLITNE FJES FRAMFOR URA I RONDANE. JAU, DET ER LOV TIL Å HA SITT EIGE FJES PÅ EIN COASTER SEIER KLARA. 

MIN HOVLAND, MIN VEN. DIKTET "FERJEKAI" SOM EG IKKJE ANAR KVA VERK DET KJEM I FRÅ. "SÅ KJEM DU TIL EIN FERJEKAI NÅR SISTE FERJA ER GÅTT. OG HER ER INGEN KAFÈ OG SISTE FERJA ER GÅTT. HER ER BERRE EIN KIOSK, EIN LITEN, MYGLA KIOSK SOM HAR STÅTT UTE I ALTFOR MYKJE REGN. OG KIOSKEN ER STENGD FOR KVELDEN OG KIOSKDAMA HAR GÅTT HEIM. OG REGNET SILER NED PÅ FERJEKAIEN OG PÅ DEG. (..)" OG FINE SKRIVEMASKINEN FUNGERER ENDA. 


lørdag, september 03, 2011

Korleis går det med Busten?

Pølsebit, pølsebit, hvor har du gjort av deg?

Busten har no vore "min" i heile tre månader. Tida har vel eigentleg gått fort, men samtidig ikkje. Eg har jo ikkje hatt han lenger enn tre månader! På papiret er han framleis ikkje heilt min, omregistreringar må ordnast og eg fekk endeleg i posten i dag Busten si stamtavle. Fekk meg ein liten latter då, denne hundeverda er jo vannvittig rar av og til. Buster heiter nemlig ikkje Buster som registrert namn, nei, då heiter han Cairness´s The One And Only. Dette namnet har han fått av sin oppdrettar i 2008. Eg høyrte òg rykter om at Busten sin far er frå Skottland, enten kjøpt eller lånt derifrå. Og han heiter jammen meg Larchlea Robbie Williams (!). Robbie Williams? Har vel ikkje vore storfan av han, men det kunne jo vore verre. Det kunne jo vore andre frå Take That (som eg likte svært godt som 14-åring) eller ein flau såpesongar frå USA. Heldigvis. Busten si farmor heiter då sjølvsagt Larchlea Let Me Entertain U (!).  Og eg ser óg at to hundar går att som oldemor/far på begge sider, som igjen vil vere litt rart? Og la meg nemne nokre namn til; Penticharm Dusky Princess At Birsel (oldemor), Stanedykes The Exciseman (oldefar), Reigab´s Zorro (oldefar) og sist men ikkje minst Rottrivers Soffipropp (det beste til no).
Heldigvis for at Busten er kastrert (ikkje eg som står for det), slik at eg ikkje må ein gong stå for namnevalet til framtidige hundebarn.

På romantisk gardsferie hos dei menneskelege besteforeldra sine.

I alle fall, Busten har det toppers! Han har berre kasta opp tre gonger (ein gong då han vart bilsjuk på veg opp til Jotunheimen i sommar). Og han vil jo ete alt som er ekkelt og fælt ute på tur, så rart det ikkje har skjedd fleire gongar. Elles frisk og rask. Og kroppen har totalforandra seg, han har fått markert brystkasse og er sterk og flott. Eg hadde i løpet av ein månad slanka han ned frå 10,4 kg til 9,7 og då eg stakk innom vekta hos veterinæren etter ferien var han jammen meg 10,3kg att. Men denne gongen er han ikkje tjukk, men godt trent. Musklar veg visst meir enn feitt, som dei seier. Framleis kattegal og ikkje lenger like redd for paraglidarar.

Er fint å ha hund, det anbefales! :-)