lørdag, oktober 22, 2011

Hauge sin heimstad

Eg har vore i Ulvik i Hardanger. For fyrste gong. Berre to og ein halv time frå Bergen, ein tur i regi av jobb. Mange kjekke menneske samla ein gong i året. Det vart ny kunnskap, masse lått og løye, god mat (inkludert saftige Hardangerepler), nydeleg utsikt frå Brakanes hotell, eit iskaldt bad i fjorden med tre andre sporty kvinnfolk og uventa publikum på balkongane bak. Seint i seng men tidleg oppe og morgontur med kamera, nesten ingen andre Ulvikingar ute tidleg ein laurdags morgon. Skodde i tynne tepper innover fjorden, lettande, spreiande, regn og solgløtt til slutt. Tur til Osa for å vere med eit knippe andre på Basecamp med larveeting (!), gruvevandring,  fyr og flamme utan moderande fyrstikker til nytte. Herleg!






I Ulvik Herad var det eit lite sentrum med folkebibliotek, to matbutikkar (eller dagligvarehandelen som det gjekk mest som), eit lite bakeri, eit galleri/verkstad, ei nydeleg kyrkje og ein speilblank freistande fjord. Eg klarte ikkje dy meg, var innom ein liten "gåvebutikk" med alt frå blomar, sy- og strikkeutsyr, bøker, konfekt (m.m) og kjøpte meg boka ABC av Hauge sjølv og hans yngre kjærast Bodil Cappelen (illustrasjonar). Fine bøker er også skattar og dette er ein ny flott skatt for meg! Nydeleg og annaleis barnelitteratur!

onsdag, oktober 19, 2011

Redesign

Flott ord, men òg veldig aktuelt. Eg var på redesignkveld på Landås i regi av "Bærekraftige liv på Landås". Og Landåsianar som eg er i hjarte og sinn (sjølv om kroppen meir fysisk sitt på ein stol ved Haukelandshallen) så møtte eg spent opp uten å kjenne ei sjel. Det vart ein inspirerande kveld og ikkje minst lærte eg meg endeleg å hekle av to kjekke jenter! Takkar for tålmodigheten:) Så no skal eg fortsette å trene meg og så får me sjå om det kjem eit bilete av eit "ferdig" resultat (les: ein firkant kanskje) på bloggen etterkvart.

Men det eg egentlig ville fram til med dette blogginnlegget var å vise kva ein kan gjere med fine gamle blondedukar! Sjølvsagt kan ein nytte funksjonen sin greit som dukar og, men om ein vil ha noko litt meir funksjonelt så kan ein lett lage seg flotte skåler av dukane. Dette har eg nemnd så vidt på bloggen tidlegare, men skal gå litt meir inngåande i det no.

Du treng runde og symmetriske (helst) blondedukar, nokre skåler, plastfolie, ei panne, sukker og vatn. For å lage sukkerlake tek du to deler sukker og ein del vatn i ei panne, varmar opp til sukkeret har smelta og laken er skinnande og fin. Prøv å legg blondedukane oppå dei skålene du syns passar best. Pakk så inn yttersida av skålene i plastfolie og set dei opp ned. Ha gjerne dette på eit brett med eit kjøkenhandkle på, det kan bli litt klissete. Legg så ein blondeduk oppi panne og sjekk at den er fukta godt over heile. Bruk gjerne to gaflar, laken er varm! Hent opp duken og bre over skåla. Pass på at midten av duken ligg midt på skåla si botn, samt at kantane ligg så fint så mogleg rundt kanten. Set så vekk til ein lun plass gjerne, og la renne av og tørke. Dette kan ta ein dag eller to, jo sterkare sukkerlake, jo kortare tid, men òg jo vanskelegare å lage skåla i full fart. Så når skåla er tørka så trekk ho forsiktig av skåla og snu opp ned - vips har du ei ny skål!
Så til slutt nokre bilete, har laga nokre skåler som stadig er i bruk! Og har planar om å kanskje lage ei blondeklokke etterkvart (inspirasjon frå kvelden i går med Birgitta frå bloggen Briggs Lekehus).

Mi fyrste skål, laga med sterk sukkerlake. TIl mine kinesiske kvitlaukar som stadig er i bruk.

                                             Ha ein strålande dag og straks etterlengta helg!!

søndag, oktober 16, 2011

Sundagstur med kamera på lur

Turen gjekk oppover Landås, opp til montana, bortover Landåsfjellet i haustlege fargar, fascinert av fine linjer og eldre menn i sjarmerande topphuer.




Veggissnacks

Eg har oppdaga kor godt aubergine smakar. Før syns eg den såg rar og smaklaus ut, med svart skal og kvit innside. Men når den vert behandla rett så smakar den overraskande saftig! Har lagt auberginekrem nokre gongar, samt bakt laks i ovnen innpakka i aubergineskiver. Veldig godt! I går prøvde eg meg på litt meir inngåande vegetarsnacks, fann ei oppskrift på nettet og prøvde meg litt fram. Eg skjærte ein squash og ein aubergine i ca 1cm tjukke skiver. La utover eit bakebrett. Strødde salt på og lot stå om lag ein time (kan stå kortare altså). Då trekk vatnet seg ut. Tørka så av og så hadde på nokre dropar god extra virgin olivenolje samt litt godt salt (samt litt oregano på squashskivene). Dette bakte eg i ovnen på ca 225grader i rundt ein halvtime til dei vart gyldne - eg snudde dei ein gong. Attåt desse skivene laga eg fetakrem. Inspirert av ei oppskrift eg fant som var kvitlaukskrem, alltid greit å ta ugongspunkt i noko. Krem: to brødskiver (minus skorper), 5-6 soltørka tomater (i olje), ein halv pakke fetaost, ei halv kinesisk kvitlauk i bitar, ein god neve valnøtter, ei spiseskei kvitvinseddik, ein god slurk olivenolje og nokre blad basilikum og mynte. Dette køyrte eg saman med ein stavmiksar til ein luftig og mjuk krem med lysrosa farge. Så var det å slenge seg på sofaen og innta snacksen, den var god!

Ferdig resultat! Ein litt sunnare variant av chips og dip kanskje?