søndag, november 27, 2011

Knappelysten





Alle dei fine knappane og alle dei fine fargane. Eg har lagt meg nokre fine hårklemmer som har pryda mitt hår denne veka. Eg er jo ei stolt hårklemmejente. Kanskje det tyder at eg burde få meg ein ny frisyre, det kan jo vere det, men akkurat no er eg fargeglad i håret i alle fall! Brukte nokre gamle klemmer eg hadde men òg nokre nye som eg bestilte for ein billeg penge på Ebay på seinsommaren. Supre! Dessverre skal butikken Knappehuset i byen leggast ned, men eg har utnytta tilbodet og handla både knappar og anna til ein (nesten altfor) billeg penge på opphøyrssalet. Den store treknappen er eit døme på det. 

lørdag, november 19, 2011

ANBEFALES

Enten i heilversjon på kino med kaffikopp og smågodt og heilafta med ein god ven. Eller i sofaen med blikket retta mot NRK1 seine måndagskveldar framover med tende lys og ikkje noko smågodt sidan det er måndag og ikkje helg. Velg sjølv. Buzz Aldrin.
Bilete henta frå http://oslopuls.aftenposten.no/film/article632891.ece

Tepper til kalde golv

Held på å hekle meg to tepper for tida. Har fått skaffa meg heklenål i storleik 15mm og har gått laus på bade garn og stoff. Stoffteppet mitt har stoppa litt opp då eg ikkje hadde noko meir aktuelt stoff att. Gammalt sengetøy er supert, så teppet får nok vente litt til neste tur til Stord der eg har noko liggande i gamlehuset. Til no har eg nytta ei gammal gardin frå loftet på Eskeland, eit mønster eg tidlegare har brukt til så mangt, både pengepungar og omslag til skrivebøker. Så ein liten duk og til slutt eit gammalt kvitt sengelaken. Men det vart veldig lyst og eg er jo fargegleda sjølv, så kanskje eg får lage fleire etterkvart.

Garnteppet går i grått, gult og brunt. Nyttar garn Naturgarn soft dobbel tråd (frå Spar Kjøp). Og har starta opp med sirkel som ein til dømes finn i gamle gryteklutar sitt mønster. Så nokre rundar med stavar og så fastmasker. Er ikkje heilt inni dette heklespråket enda, og er framleis for utålmodig til å følge noko som helst oppskrift. Så dei blir som dei blir og det er jo litt spanande.
Ferdig resultat kjem seinare ein gong!





søndag, november 13, 2011

Hausting mot vinter






HAUSTDIKT

DET ER HAUST, DET HAUSTAR UTE,
BUSSEN ER I RUTE,
MEN BERRE SÅ VIDT!
TENKER BRITT
SOM SIT VED VINDAUGET
OG DRIKK KAKAO
OG GLER SEG ALDELES FORFERDELIG TIL JUL.

KALDT

DET ER KALDT I BERGEN NO.
SJU KRÅKER MED RAUDE TOPPLUER
SET SEG TETT SAMAN PÅ DEN SVARTE GREINA
LET ATT AUGENE OG DRØYMER OM 
GULE KORNÅKRAR I SEPTEMBER.

Ragnar Hovland "Elefantmusikken" 1985 Det Norske Samlaget 




Og der var vinteren på veg. Og kanskje siste viddetur før snøen landar. Og ulltøyet klart rundt kvart eit hjørne. Og Ragnar Hovland går laus i byen, eg heldt på å sykle rett på han. Diverre brydde han seg ikkje om det og berre farta vidare. Mens eg sender storauga blikk etter hans sølvfarga hårlokkar og fine stil i sola. Og Busten er nyvaska og slett ikkje nøgd med det. Og heklenålene får ikkje fred og heller ikkje hjernen min med stadig hekling bak augelokka. Og brød har blitt baka med ertermjøl og smakslaukane er spent på det. Og det er sundag og det er igjen radiotid og ut på tur med markering-alltid-beredte Bustenskjold. Ha ein fin sundag! 


tirsdag, november 08, 2011

Bergensmagi





17 grader på Ulriken i november. Kaldt og kvitt i byen. Teppet som kjølar ned og lukkar byen inne. Sola som helsar oss få fjellvandrarar god kveld. Og som lar oss kjenne på ei siste kjensle av sommarvarme. Og som seier oss at livet er naturen, livet er i naturen, livet er i fjellet. 

mandag, november 07, 2011

Hekleguri

Jepp, meg og den svenske rare friaren i bonderomantikk driv med hekling. Han for å slappe av, eg har ikkje heilt kome inn i det enda og sit difor med høge skuldre. Litt prøving og feiling, men vannvittig spennande kunst å kunne. Strikking vert fort litt kjedeleg samanlikna med hekling. Har blitt nokre bestemorsruter (eller bestemorstruser - lett å ta feil der) til øving, samt litt trening på å hekle rundt. Mitt fyrste ferdige prosjekt vart ei hue. Skulle egentleg prøve meg på ei oppskrift eg fann på nettet, men som sagt, meg og oppskrifter går dårleg i lag. Så då vart det noko heilt anna!

No styrer eg på med nyinnkjøpt bomullsgarn, igjen prøving og feiling og ombestemming frå gryteklutar til heklabamse til ditt og til datt.

Nokon som ynskjer seg denne til jul? 

søndag, november 06, 2011

Klokkeklart

Vart inspirert av Brigg, ei bloggar som har mange fine klokker på samvitet. Og no har eg laga mi fyrste som eg er svært nøgd med. Trikset er igjen - ei hekla blondeduk. Denne fann eg på bruktbutikken i Sagvåg, eg likte godt at den var tofarga og eg er jammen meg litt svak for rosa for tida. Nytta sukkerlake og lot den tørke nokre gode dagar før eg festa på klokkeverk og visarar som eg hadde kjøpt på Clas Ohlson. Enkelt og søtt (i dobbel forstand).


onsdag, november 02, 2011

Færøyputa

Færøyane sit godt i minnet. Og i Klaksvik fann eg ei nydeleg strikkapute som eg så gjerne hadde lyst på. Men ein kan jo ikkje kjøpe seg alt, og heldigvis kan eg jo strikke sjølv. Så då har ideen hengt og slengt i bakhovudet ei god stund. Starta egentleg opp for ein månad og to sidan og strikka då eine halvparten. Så var det full skjerpings med å kome i mål med den andre førre helg. Garnet er sjølvsagt av færøysk ull.

Sidan eg ikkje strikka etter mål vart stykket meir firkanta enn avlangt, men eg tenkte at lett toving lot meg uansett få frie tøylar. Det viste seg at toving minkar absolutt mest i lengda, ikkje i breidda. Så puta som var planlagt med vertikale striper, fekk horisontale i staden for. Men den vart jo uansett ganske fin, og særskilt med fine knappar i. 


Denne gongen vart det ikkje fargerike knappar, men fine treknappar. Brukte ei møbelnål/dukkenål.

Fin og fjong i godstolen. Og varm i ryggen til kalde vinterkveldar.