onsdag, november 02, 2011

Færøyputa

Færøyane sit godt i minnet. Og i Klaksvik fann eg ei nydeleg strikkapute som eg så gjerne hadde lyst på. Men ein kan jo ikkje kjøpe seg alt, og heldigvis kan eg jo strikke sjølv. Så då har ideen hengt og slengt i bakhovudet ei god stund. Starta egentleg opp for ein månad og to sidan og strikka då eine halvparten. Så var det full skjerpings med å kome i mål med den andre førre helg. Garnet er sjølvsagt av færøysk ull.

Sidan eg ikkje strikka etter mål vart stykket meir firkanta enn avlangt, men eg tenkte at lett toving lot meg uansett få frie tøylar. Det viste seg at toving minkar absolutt mest i lengda, ikkje i breidda. Så puta som var planlagt med vertikale striper, fekk horisontale i staden for. Men den vart jo uansett ganske fin, og særskilt med fine knappar i. 


Denne gongen vart det ikkje fargerike knappar, men fine treknappar. Brukte ei møbelnål/dukkenål.

Fin og fjong i godstolen. Og varm i ryggen til kalde vinterkveldar. 

3 kommentarer:

  1. Et lite stykke Klaksvik i Bergen:). Nå tror je Samal hadde blitt imponert ha ha.

    SvarSlett
  2. Jau, då hadde han blitt stolt! Og ikkje minst når serien om Færøyane kjem på tv i Noreg til hausten og. Klaksvikputa, klaksklaksklaks, deilig namn!

    SvarSlett
  3. herlig pute og takk for tipset!
    hvor fant du møbelnålen?
    gleder meg til å se hva du har heklet ü

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!