søndag, november 13, 2011

Hausting mot vinter






HAUSTDIKT

DET ER HAUST, DET HAUSTAR UTE,
BUSSEN ER I RUTE,
MEN BERRE SÅ VIDT!
TENKER BRITT
SOM SIT VED VINDAUGET
OG DRIKK KAKAO
OG GLER SEG ALDELES FORFERDELIG TIL JUL.

KALDT

DET ER KALDT I BERGEN NO.
SJU KRÅKER MED RAUDE TOPPLUER
SET SEG TETT SAMAN PÅ DEN SVARTE GREINA
LET ATT AUGENE OG DRØYMER OM 
GULE KORNÅKRAR I SEPTEMBER.

Ragnar Hovland "Elefantmusikken" 1985 Det Norske Samlaget 




Og der var vinteren på veg. Og kanskje siste viddetur før snøen landar. Og ulltøyet klart rundt kvart eit hjørne. Og Ragnar Hovland går laus i byen, eg heldt på å sykle rett på han. Diverre brydde han seg ikkje om det og berre farta vidare. Mens eg sender storauga blikk etter hans sølvfarga hårlokkar og fine stil i sola. Og Busten er nyvaska og slett ikkje nøgd med det. Og heklenålene får ikkje fred og heller ikkje hjernen min med stadig hekling bak augelokka. Og brød har blitt baka med ertermjøl og smakslaukane er spent på det. Og det er sundag og det er igjen radiotid og ut på tur med markering-alltid-beredte Bustenskjold. Ha ein fin sundag! 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!