lørdag, november 19, 2011

Tepper til kalde golv

Held på å hekle meg to tepper for tida. Har fått skaffa meg heklenål i storleik 15mm og har gått laus på bade garn og stoff. Stoffteppet mitt har stoppa litt opp då eg ikkje hadde noko meir aktuelt stoff att. Gammalt sengetøy er supert, så teppet får nok vente litt til neste tur til Stord der eg har noko liggande i gamlehuset. Til no har eg nytta ei gammal gardin frå loftet på Eskeland, eit mønster eg tidlegare har brukt til så mangt, både pengepungar og omslag til skrivebøker. Så ein liten duk og til slutt eit gammalt kvitt sengelaken. Men det vart veldig lyst og eg er jo fargegleda sjølv, så kanskje eg får lage fleire etterkvart.

Garnteppet går i grått, gult og brunt. Nyttar garn Naturgarn soft dobbel tråd (frå Spar Kjøp). Og har starta opp med sirkel som ein til dømes finn i gamle gryteklutar sitt mønster. Så nokre rundar med stavar og så fastmasker. Er ikkje heilt inni dette heklespråket enda, og er framleis for utålmodig til å følge noko som helst oppskrift. Så dei blir som dei blir og det er jo litt spanande.
Ferdig resultat kjem seinare ein gong!





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!