torsdag, desember 01, 2011

Fyrste teppe ferdig

 Så kjekt å ha laga sitt eige golvteppe. Det vart ca 1 meter i diameter, men kunne gjerne ha lagt det større. Vanskeleg å stoppe når ein fyrst er i gong! Det vart nokre trådnøster gitt. Og i rein ull. Difor ganske glatt på golvet, så antisklibelegg vart kjøpt inn, klypt til og festa under teppet. Så no ligg det godt på golvet framfor sofaen. Deilig, deilig. 

Antisklibelegg kjøpt for ein billeg penge. Festa under med enkle sting.

Busten har funne seg til rette. Varm og mjuk og god både teppe og Busten. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!