onsdag, desember 21, 2011

Julegodter

Eller berre ei unnskyldning til å sette i gong med noko eg har hatt planar om lenge. Konfektlaging. Og fleire har fått seg ein liten julesmak no eller får nærare jul. Eg prøvde for fyrste gong i sommar med mørke sjokoladehjarter fylte med kvit sjokoladeganasje. Denne gongen har eg drøymd meg vekk i alle slags fyll. Og sluttprodukta vart mørk sjokolade (økologisk 70%) med fyll av kvit sjokoladeganache og pasjonsfruktsirup, kirsebær- og portvinsyltetøy (kjøpt på marked i byen) samt ein klatt sjokoladeganache og granateplesgele. Eg måtte prøve meg på melkesjokolade (Nidar sin Bergene) òg med smelta nougat med rista mandlar dekka av honning og havsalt samt halvfast salt karamellfyll. Det har gått hardt føre seg på kjøkenet for alt skal gå bra. Og springing til og frå frysen for å la det stivne raskt mellom slaga.

For å få til skikkeleg konfekt krever det at ein tempererer sjokoladen. Då treng ein eit sukkertermometer og ein må følge nøye med på temperaturen undervegs. Ein smeltar sjokoladen og varmar opp til over 45 grader, kjøler ned til under 27 grader og varmar forsiktig opp igjen - men ikkje over 34 grader. Om det bikkar over må ein gjer det ein gong til. Når ein tempererer sjokolade tyder det at sjokoladen vert slik den er når ein kjøper den - fast og fin - og den tåler litt før den smeltar. Smeltar ein berre sjokolade og lar den stivne vil den kanskje renne og klisse i romtemperatur og ein er avhengig av å ha den i kjøleskåpet.

Kvit sjokoladeganache - knallgodt!


200g kvit sjokolade
1 dl kremfløyte

Smelt saman og varm opp til det byrjar å bli ein fin kremkonsistens. Knakande godt både i og utanfor sjokoladekonfekten!

Fruktsirup/gele

Fruktkjøtt/saft, til dømes  saft og frø frå pasjonsfrukt, fiken eller granateple. Kok opp med litt sukkerlake og la det koke ei stund til det tjuknar. Sil av eventuelle frø/kjøt og ha på eit sterilt glas. Snu opp ned og oppbevar i kjøleskåpet så har du både noko godt for kaker, brødskiver, konfekt med meir.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!