mandag, desember 31, 2012

Frensur

Ein fin slutt på året tjuetolv. 
Og ein fin start på året tjuetretten!
Eit nytt medlem i familien har flytta inn 
i gamlehuset. Den dag i dag. 
Han heiter Frensur og har fått namnet sitt frå
Færøyane (katt=frensur på færøysk).
Frensur og Buster har enno ikkje treft kvarandre...


lørdag, desember 29, 2012

Feriehekling

Juleferie. Avslappa kveldar på sofaen. Lange frukostar attåt radioen. Og hekleprosjekt på gong. Litt mange kanskje, men det er jo greit å variere litt. Har absolutt fått hekledilla og har masse garn som ventar på å bli surra rundt ei heklenål.


Sitteunderlag til å ha på spisebordstolane mine. Desse skal eg tove litt før dei skal i bruk til å varme romper på kalde trestolar. 

Små enkle sirklar hekla med nydeleg garn frå Færøyane. Planen er å hekle opp alt garnet og å feste saman sirklane til eit pledd. Dette kan ta tid! 

Hekla slike til julepresangar til nokre utvalde. I veldig fint luksusgarn. Og så måtte eg lage nokre til meg sjølv. Coasters eller glasbrikkar. Det gjenstår å feste trådane. Kjedeleg arbeid.

Nytt golvteppe på gong. Med heklenål nr. 15. Også til å drive på med ei lita stund framover. Det går visst i blått for tida. 

søndag, desember 23, 2012

Jul i stova

Juletreet henta i skogen i går. 
Koseleg lite. Med fuglar og gamal pynt. 
Og norske flagg.
Kjekt å ha sitt eige juletre!

God og roleg jul til alle som er innom bloggen min av og til! 



lørdag, desember 22, 2012

Blondejul



Eg har skrive om blondedukar med sukkerlake på før. Denne gongen har eg fått samla inn ein del kvite, både som bestemor har strikka og som eg har funne på brukten og diverse andre stader. Og dei kjem no til sin rett! Så fine dei er! Det store stovevindauget er pynta med desse og der er det fint å sitje til bords. 

søndag, desember 16, 2012

Barnsleg glede




Treskiver, hekla tråd, lim og pynt. Heimalaga dørskilt, til meg og hønene.
Ikkje beine og fine bokstavar. Berre barnsleg og koseleg.
Vitnar om at ei hobbyglad jente bur i gamlehuset. 

Fjellflora

Eg er så heldig.
Som har fått ein førjulspresang.
Frå vener av mine foreldre, som flyttar frå hus til leiligheit.
Serviset "Fjellflora" frå Porsgrund Porselen. 
Koppar og asjettar, fløtemugge og sukkerskål, liten oljelampe.
Bittesmå tynne koppar som rommar ein kopp espressokaffi. 
Med blomar som minnar om fjell og sommar. 

Tusen takk A.S+Y og god flytting til Bergen! 




Gjenbruk

Bokstaveleg talt. Me brenn mykje lys i denne tida. Vel, eg brenn mykje lys gjennom heile året. Det er både koseleg og varmande. Særleg her i det gamle huset som krev mykje oppvarming. Då hjelp tende lys ein del attåt fyr i ovnen. Uansett så vert det ein del stubbar av lange lys eller kubbelys. Som kan sparast på. Og brukast om att! Det er nett det eg har gjort i helga. Eg har laga lys i to porsjonar, ein med restar av varme fargar, og ein av kalde. Stubbane har eg hatt oppi ei aluminiumspanne med tjukk botn. Og varma på ovnen på kjøkenet. Eg har hatt oppi litt farge eg har hatt liggande; gul og lilla. Og litt lavendelolje for litt lett lukt. Når alt har smelta har eg helt det oppi gamle boksar og ei skål. Og veker fann eg på hobbybutikken. Lysstund på kjøkenet ein sundagsmorgong!





torsdag, desember 13, 2012

Sjokolade i livet

Sjokolade i bøtter og spann. 
Fylt sjokolade. 
Søt sjokolade.
Salt sjokolade. 
Sjokolade for kaffiglade tunger. 
Pasjon og granater.
Sjokolade til jul! 

Sjokoladeriet er i gong igjen.
I år med base på Eskeland.
fjor til jul skreiv eg om korleis eg tempererte sjokolade.
Og laga ganache og sirup. 
I år har eg litt større produksjon, og har hatt 
med meg på jobb til fine kollegaer. 
Og så kjem det kanskje noko godt i posten eller under
juletreet til andre. 




søndag, desember 09, 2012

Julestemning

Det nærmar seg. Vekedagar er travle og kveldsslitne,
 men helga kjem med energi og snø og la oss putle på med alt mogleg. 
I dag har eg henta meg ei lita furu som sto i vegkanten her nede. 
Den sto no berre i vegen, no er den midtpunkt. 
Den vart "planta" oppi ei bøtte med grus og jord og dekka til med mose og litt snø på toppen. 
Og sjølvsagt får den stå oppi ei fin gammal trebøtte eg har hatt ståande. 
Så fann eg ein krakk inni eine løa, den treng no vask og nokre strøk maling, men akkurat no får den stå i kroken her.






lørdag, desember 08, 2012

Fugleglede

Har flytta min vakre fuglekasse. Og satsa på å ha den
ultimate fuglematstasjonen rett utanfor kjøkenvinduet. 
Og no kikkar fuglane innom kassen både i fyrste og andre etasje. 
Og hentar seg litt gode frø. Og kokosnøtter er kjøpt inn
og fylt med godsaker.

Og eg kan sitte med frukosten ein helgemorgon med vinteren
si koselegaste utsikt. Der som bestemor satt og åt
sin kruskakli med rips og surmjølk. 
Hugs på fuglane der ute! Og god helg!



mandag, desember 03, 2012

Nyperaudt



Julepyntinga har starta. På den gode gamle døra mi har eit
hjarte kome opp. Nyper er plukka langs med sykkelvegen 
min på Sunde. Dei beste og finaste nypene.
Billig og fin julepynt!
Ein treng berre ei stor synål, stålstreng/viklestreng og så
er det berre å tre dei på. 

søndag, desember 02, 2012

Gardsbesøk

Førjulssundag på Førland Gard. Førland er kanskje den finaste staden på Stord, Eskeland på ein god andre plass. Så der måtte eg bort. Julestemning med mengder av snø, godt kledde ungar med akebrett nedover den bratte vegen, kaffi og pølse over bål og nissejakt på låven. Salg av heimalaga ting i vedaskuten og lefser og gløgg å få hos ho Rigmor i bakstehuset. Så fint!







lørdag, desember 01, 2012

Julekalender

1. desember 2012. 
På Eskeland vakna me til snølandskap. 
Og snømåkingstrim! 
Eg har ingen julekalender, trudde eg. 
Men jammen meg fekk eg meg ein presang.
Frå ein av mine små leigebuarar. 



Det fyrste egget skal nytast til sundagsfrukost! 

fredag, november 30, 2012

Den dagen då..

...eg ikkje hadde fem høner lenger. Men fire høner og ein hane. Den dagen då Frøken blei Fridtjof.

Fyrst Frøken - så Fridtjof - frå Fridtjof den frøkne (modige)
Eg som henta fem høner hos ein ung og uerfaren "hønsebonde" langs med Fitjarvegen. Og som valte namnet Frøken på høna som var "sjefen" og som var mest utvikla. Og så viser det seg at det derimot er ein seint utvikla hane som eg har. Han har byrja å få hanefakter og har til og med sprunge etter meg og Buster. Ingen galing enda, men det gler eg meg til! Ein hane i stemmeskiftet er underhaldande! 

søndag, november 25, 2012

Høns er fine dyr

Vesle Trolle er ikkje frisk som ein fisk att. I dag slapp ho ut til dei andre hønene, no er det over og ut med isolasjon og vatn og massasje og olje. Svulten stakkar. Og åt som ein hest. Og dermed vart kroa på brystet full og stor att. Så då får naturen gå sin gong. Kanskje det går over av seg sjølv. Eller kanskje ho har ein feil i systemet som gjer at ho må tas ein gong. No har ho i alle fall eit betre liv, i saman med dei andre. Og i helga har dei fått lov til å gå fritt rundt om kring. Dei kosar seg. Ryktet seier at ein ung og svulten hønsehauk er i området, så eg får passe godt på og lytte etter kråkeskrik. Kråkene varslar nemleg når hauken er på veg.

Ingen egg på meg enda, men med tidsur på lyset slik at dagen deira varer frå 06.30 til 17.00 håpar eg på verping snart.


Søndagstur

I dag var det frose på bakken. Kvitt rim som smelta utover dagen. Det er ei stund sidan sist, det har vore mykje regn i det siste. Kaldt og friskt ute og søndagsturen gjekk oppover fjellvegen. På jakt etter juletre. Ikkje for å hente heim, men å velje seg ut eitt. Eg skal ha juletre for fyrste gong i år. Eit lite eitt. Det skal stå i hjørnet der som bestemor sitt juletre alltid stod. Og eg har byrja å kjøpe inn julepynt, fyrst og fremst fine fuglar. Kanskje vert det eit tre med berre fuglar på.




lørdag, november 24, 2012

Og det vart lys..



Fram frå sin gøymeplass. Denne lampeskjermen har ikkje hengt oppe sidan hausten 2006 fann eg nett ut. Det er jammen meg seks år sidan det. Då delte eg ein leilighet med to rare folk på høyden i Bergen. Og fann ut at eg ville flytte for meg sjølv. Då vart lampen lagra i ein bod i kjellaren heime hos mor og far. Og jammen trur eg den kjem frå det fyrste loppemarkedet eg var på. No har eg jakta på lampeledningar og fått hengt den på plass. Foreløbig heng ledningen ned til eg finn ei ordning på det. 
Herlig med gult, det gir meg energi! Og godt med lys frå oven til laurdagslunsjen.

Ullkuler




Rolig inne- og littegrann utehelg. Puslehelg. 
Tok fram mine ullfiltkuer. Tidlegare har eg laga rund
bordskåner med nål og tråd. Denne gongen vart det 
lim. Så fine å ha til mine espressokanner.
God helg! 

søndag, november 18, 2012

Gardsbesøk

Moro med bybesøk av ein liten og ein stor! Snodil med son på besøk 
og me har hatt ein "travel" dag med å stelle med høns, gi mat til saugene, 
hoppe i høyet, ete komle frå ho mor, gå tur i skogen og plukke eple. 
Så mykje gøy ein kan ha det på ein gard! Velkommen attende! 




lørdag, november 17, 2012

Magnetisk



Kjøleskapsmagnet i nye former. Ferdige magnetar kjøpt for ein billeg
penge på Clas Ohlson. Fine knappar frå knappesamlinga. God lim.
Og nokre fine bilete til å pryde kjøleskåpet med som gjer ein glad når
ein skal hente ut mjølka om morgonen. 

søndag, november 11, 2012

Fuglekikk



Til Hedda: 

Dessverre ingen fuglar som har skjønt at det ligg mat
inni det flotte fuglehuset. Det står difor tomt og eg 
vurderer å legge det ut på fuglefinn.no. Andre råd?

Men fuglane har funne mat på heimasnekra skeivt fuglebrett 
og på veggen utanfor kjøkenet mitt der eg har hengt lekre meiseboller. 
Så når eg bakar brød og utålmodig står framfor ovnen kan 
eg plutselig bli svært så tålmodig med kamera på lur,
i ei vond og rar stilling slik at fuglane ikkje anar uråd og 
så vente, vente på fine fuglen som skal ha seg litt mat. 

Aktiv helg på Eskeland, masse gjort. Hønsa har fått elektrisk
lys, og no håpar eg det skal lure dei til å starte med å verpe.
Musa har fått si originale badekar/fleskemusefelle.
Huset er vaska og brøda er bakt. Chai er laga, "chailikør" og 
kaffilikør er sett. For dei som likar det.
Ullklær er vaska. Buster har vore på tur. Puh.
Sofa, hekling og A-Magasinet no og la helga vare enda litt lenger...

lørdag, november 10, 2012

India i heimen

Ho godeste Marianne frå Toten tipsa meg om ei enkel oppskrift.
Nemleg å lage Chai-sirup! Seks ingrediensar, ingen eksakt oppskrift, 
god tid og så er det berre å gjere seg klar. Eg handla inn ingrediensar på 
innvandrarbutikken på Sletten før eg flytta. 

Oppskrifta er i følge Marianne:

CHAI

* ca 1- 1,5 liter med vatn
* heile kanelstenger (knekkast litt opp)
* heil kardemomme (grøn)
* heil nellik
* heil svart pepper
* brunt sukker


Det heile skal kokast i ein times tid, deretter tilsetter ein 
ein god porsjon med godt brunt sukker. Så skal det kokast i ein halvtime/times 
tid vidare til væska har blitt litt tjukkare i konsistensen. Det vert mørkebrunt i farge 
og det luktar god jul i heile huset imens ein held på.
Etterpå siler ein av og held det opp i glas. Ein kan legge oppi litt
av krydderet i glasa for pynt og ein sterkare smak. 


Så er det å koke opp mjølk, heilmjølk er best. Og har ein ein 
mjølkeskummar så vert det enda betre. For så å toppe
skummet med deilig demerasukker. Nam!!