søndag, januar 22, 2012

På tide med fiskekaker att

Super vintermat. Og grei laurdagssyssel når vèret er surt ute.
Denne gongen blanda eg saman fersk laksefilet med fersk seifilet. 
Den gamle kjøtkverna fekk gjere jobben sin att med å kverne både fisk og lauk, røra vart spedd med fløyte, egg og litt potetmjøl. Og så mykje godt krydder; finmalt kvit pepar, litt grovmalt svart pepar, litt cayennepepar, litt kverna chili og litt godt salt.
Og husmor med forkle i steikesky. 



Og desse fiskekakene smakar best over sennep på ei brødskive,
særleg etter ein skitur i sola. 
Og Busten er grådig enig. 

lørdag, januar 14, 2012

FARGAR

FARGAR
I livet, i rommet, i heimen.
Avhengig.
Oppfriskande.
Inspirerande.








søndag, januar 08, 2012

Fjellvis




Fyrste Bergensfjelltur i det nye året. Fjellsko og brodder og varm sol og kald vind. Fine smil i raude ansikt. Niste i sekken. Tenk om denne vesle hytta var mi? Det hadde vore noko det.