onsdag, februar 22, 2012

Fram med nåla



Ingen store prosjekt på gong, mykje er nok for tida. 
Men måtte berre få til dette vesle broderiet,
til ei venninne over ti år - som har fått seg to tvillingjenter.
Og dei har fått så utruleg nydelege namn! 
Så det måtte setjast i krossting.
Håpar det fell i smak.
Herleg å brodere!

lørdag, februar 04, 2012

Tida går

Og det er no berre slik det er.
Den går mot vår og fuglekvitter, hestehov i vegkanten og sol som kan få fram nokre frekner på nasa.
Og mens tida går kan det vere greit å sjå på ho med glede.
I form av mi nye klokke på veggen.
Klokkeverk frå Clas Ohlson, tal (wallstickers) i enkel form for ein tiar+femmar (ebay) og mange fine og sære biletminner og dikt som har fulgt meg nokre stunder. 

Hulter til bulter, fint det.
Nyaste på veggen, bilete teke av mi kjære KS.