mandag, april 30, 2012

Vår og fjell og lamb

Årets fyrste fjelltur til Mehammersåto 749moh. Nydelig vèr og solbrente naser. Kjeks og sjokolade og moden banan. Og to små alelamb på Eskeland som har blitt svært så sosiale vesen av seg. Herleg.






tirsdag, april 24, 2012

Vælkømmi til våren





Og alt den bringer med seg. 
Som til dømes desse fine sneglane som eg ikkje tråkka på i dag.
 God vår! 

lørdag, april 21, 2012

Laurdagsprosjekt

Inspirert av Brigg:
http://briggslekehus.blogspot.com/2012/04/aviskurvpimping-og-fargedsjer.html

Det har blitt nokre interiørblad og det funker som fin heiminspirasjon for meg. Og no har eg det rett i nærleiken av den gode sofaplassen. Eit skjærebrett frå loppis, hjul frå Clas Ohlson, belter.




Loppevåren er i gong

Loppemarked i Bergen førre helg og denne helga. Bøttevis med folk og myntane får prøvd seg. Eg var svært nøgd med min handel førre helg. Då vart det hundekorg og pute som etter vask og stell var den nye landingsplassen for Busten. Ny brødristar vart det òg sidan den fine eg kjøpte sist havna i golvet og hang så vidt saman etterpå. Elles kan eg nevne: Bialetti espressokanne, morter, ein gul kakeboks, bestikk, eit fint brett, eit lite bord og nokre lysestakar som skal få seg litt malingsskvettar.

Kjøpte neeesten leilighet hin dagen, puh, jammen meg berg og dalbane det der prosjektet der! Men jakta er i gong for våren i alle fall! Snaaart!

Fin fasong på bordet. Men treng litt nedpussing og kanskje litt maling. Tida vil vise kva farge det blir!

Brett med teakhåndtak. Får pynte kjøkenbenken med vårens blomar og blad.


Helle bestikk. Som trengte litt oljing, 15 kr for sett til seks pers.!

mandag, april 16, 2012

"Bli ny"

Eit lite innlegg om herr Bust. Som eg henta i Odda for straks eit år sidan. Og han har vel gjennomgått ein "bli ny"-prosess hos meg, til det betre må eg sei. Utruleg rart å sjå bilete av korleis han var då eg fekk han! Nedklypt og matt i pelsen. Littegranne usikker. Det var me vel begge. No er han ein glad Bust som har lært seg nokre triks, innkalling og ikkje minst - hente ball og pinne. Det skjønte han ikkje vitsen med for eit år sidan. Og så har han fått flott pels, fin figur og har allereie ei mengde fjellturar og slappe kvilar etterpå på samvittigheten. 
Og så er dette ei lita helsing til K og Walt'en:)

Buster mai 2011 - snart 3 år



Buster April 2012 - snart 4 år




fredag, april 13, 2012

Berlinerboller


Før syns eg det var mektige og sære greier. No har eg smakt berlinerboller som smeltar på tunga og eg er overbevist om at dette er gode saker. Så då hadde eg så lyst til å prøve å lage det sjølv. Men for å lage det på skikkeleg må ein steike det i smult, noko som ikkje fristar å prøve seg på. Men eg fann ei oppskrift på den bakte typen og med littt innsprøyta syltetøy - nam!
Oppskrift frå Passion for baking med litt endring:

3 dl mjølk
50 g fersk gjær
30 g smelta smør
150 g sukker
2 egg
600 g mjøl
litt vaniljesukker, litt kanel og litt salt

Melk og smør vert blanda med gjær, så tilsetter ein egg, sukker og krydder. Etterpå elter ein inn mjølet til deigen er smidig og god. Så hever den til dobbel storleik. Ein kjevler den så ut til ca 1 cm tjukkelse. Så kuttar ein ut runde former ved å bruke eit glas eller ein kopp. Så står dei til heving ca ein time til. Steikes på 190 grader i ca 8-10 min. Når dei er nedkjølte kan ein sprøyte inn litt syltetøy med ein sprøytepose med smal tupp. Litt juks, men ellers genialt!



søndag, april 08, 2012

Maleprosjekt - ETTER

Og så.... pang! Så herleg det vart! Veldig MEG vil vel dei som kjenner meg godt seie.
Forhåpentlegvis :) 
Planen var å male 6 stolar i denne fine blålege fargen, men så plutseleg slo fargelysta til for fullt.
Og så vart det ein einsleg gul stol i tillegg. Ironisk nok i no påska, men eg hadde no litt gulfarge ståande frå sist maleprosjekt. Heilblank og vakker!

Det tok faktisk ei veke, mykje lakrissjokoladar, ein del ripssaft og ein svært vond rygg på å bli ferdig arbeid. Men nøgd!
Krydder i kvardagen.







Fargepalett. Triks er å bruke pappkrus til å ha maling i. Og så berre fylle opp etter behov. 

Denne vert mest sannsynleg ei klingande blå skohylle.

Berre til pynt for anledningen, denne har sin faste plass i gamlehuset!

Maleprosjekt - FØR

Nokre bilete av bord, stolar og hylle før eg inntok gamlehuset med malerspann og tålmod. Alle "før-bilete" er jo alltid fargelause og traustige, såvel desse òg.



Mørk bokhylle som har sin sjarm, men ikkje finn bruken sin.

Grunning, gørrkjedelig, men lurt egentlig!

torsdag, april 05, 2012

Påskemaling

I fjor gjekk eg på ski på Hardangerjøkulen. Det gjer eg ikkje i år. I år vert påska ei tid for soving, kryssord, fjellgåing (utan ski men med gamasjar) og maling. Leilighetsprosjektet har vore på hylla ei lita stund, no varmar eg opp att ved å pusse opp gamle møblar til stova mi. Herleg tidkrevjande  prosjekt. Gamlehuset på Eskeland er ein perfekt plass for slike sysler med radiolyd i bakgrunnen, heimalaga saft og ein pose med sjokoladelakris i nærleiken. Denne gongen vert understellet til eit spisebord, 7 fine stolar, ei bokhylle og ei kiste måla. Kista skal mor mi ha for seg sjølv. Og eg trur det vert veldig bra! Og denne gongen har eg gjort alt etter boka; kraftvask, pussing, heftgrunning og så maling.

Bilete av ferdig resultat kjem snart.