fredag, april 13, 2012

Berlinerboller


Før syns eg det var mektige og sære greier. No har eg smakt berlinerboller som smeltar på tunga og eg er overbevist om at dette er gode saker. Så då hadde eg så lyst til å prøve å lage det sjølv. Men for å lage det på skikkeleg må ein steike det i smult, noko som ikkje fristar å prøve seg på. Men eg fann ei oppskrift på den bakte typen og med littt innsprøyta syltetøy - nam!
Oppskrift frå Passion for baking med litt endring:

3 dl mjølk
50 g fersk gjær
30 g smelta smør
150 g sukker
2 egg
600 g mjøl
litt vaniljesukker, litt kanel og litt salt

Melk og smør vert blanda med gjær, så tilsetter ein egg, sukker og krydder. Etterpå elter ein inn mjølet til deigen er smidig og god. Så hever den til dobbel storleik. Ein kjevler den så ut til ca 1 cm tjukkelse. Så kuttar ein ut runde former ved å bruke eit glas eller ein kopp. Så står dei til heving ca ein time til. Steikes på 190 grader i ca 8-10 min. Når dei er nedkjølte kan ein sprøyte inn litt syltetøy med ein sprøytepose med smal tupp. Litt juks, men ellers genialt!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!