mandag, april 16, 2012

"Bli ny"

Eit lite innlegg om herr Bust. Som eg henta i Odda for straks eit år sidan. Og han har vel gjennomgått ein "bli ny"-prosess hos meg, til det betre må eg sei. Utruleg rart å sjå bilete av korleis han var då eg fekk han! Nedklypt og matt i pelsen. Littegranne usikker. Det var me vel begge. No er han ein glad Bust som har lært seg nokre triks, innkalling og ikkje minst - hente ball og pinne. Det skjønte han ikkje vitsen med for eit år sidan. Og så har han fått flott pels, fin figur og har allereie ei mengde fjellturar og slappe kvilar etterpå på samvittigheten. 
Og så er dette ei lita helsing til K og Walt'en:)

Buster mai 2011 - snart 3 år



Buster April 2012 - snart 4 år




2 kommentarer:

  1. Buster er flott! Og heldig som har en så god turvenn i deg, Ingvild. Han er nok storfornøyd med det gode hjemmet han har fått:) hilser så mye fra Walten. Akkurat nå er han på tur opp til preikestolen med Lars. Blir spennende å se om formen holder i alle timene.. Hvis ikke får han innta plassen i ryggsekken. Klem fra K

    SvarSlett
  2. Jammen får han Walter trent seg òg då:) Og Busten trur eg har fått ein god heim ja, han storkosar seg på tur! Me skulle fått til eit Bust+Waltmøte ein gong, det får tida vise!
    Klemmar sørøver!

    SvarSlett

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!