søndag, april 08, 2012

Maleprosjekt - ETTER

Og så.... pang! Så herleg det vart! Veldig MEG vil vel dei som kjenner meg godt seie.
Forhåpentlegvis :) 
Planen var å male 6 stolar i denne fine blålege fargen, men så plutseleg slo fargelysta til for fullt.
Og så vart det ein einsleg gul stol i tillegg. Ironisk nok i no påska, men eg hadde no litt gulfarge ståande frå sist maleprosjekt. Heilblank og vakker!

Det tok faktisk ei veke, mykje lakrissjokoladar, ein del ripssaft og ein svært vond rygg på å bli ferdig arbeid. Men nøgd!
Krydder i kvardagen.







Fargepalett. Triks er å bruke pappkrus til å ha maling i. Og så berre fylle opp etter behov. 

Denne vert mest sannsynleg ei klingande blå skohylle.

Berre til pynt for anledningen, denne har sin faste plass i gamlehuset!

2 kommentarer:

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!