torsdag, april 05, 2012

Påskemaling

I fjor gjekk eg på ski på Hardangerjøkulen. Det gjer eg ikkje i år. I år vert påska ei tid for soving, kryssord, fjellgåing (utan ski men med gamasjar) og maling. Leilighetsprosjektet har vore på hylla ei lita stund, no varmar eg opp att ved å pusse opp gamle møblar til stova mi. Herleg tidkrevjande  prosjekt. Gamlehuset på Eskeland er ein perfekt plass for slike sysler med radiolyd i bakgrunnen, heimalaga saft og ein pose med sjokoladelakris i nærleiken. Denne gongen vert understellet til eit spisebord, 7 fine stolar, ei bokhylle og ei kiste måla. Kista skal mor mi ha for seg sjølv. Og eg trur det vert veldig bra! Og denne gongen har eg gjort alt etter boka; kraftvask, pussing, heftgrunning og så maling.

Bilete av ferdig resultat kjem snart.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kjekt om du legg frå deg nokre ord!