mandag, mai 21, 2012

Sommaren stikk innom

Og me tek gladeleg imot! 
Plutseleg mange varmegrader og kjolar som lokkar seg fram. 
Eg feirar livet for tida. 
Og drikk koppevis med god te. 
Meir om livet etterkvart. 
Fyrst må me nyte sola og blomane! :)

torsdag, mai 17, 2012

Ja, me elskar dette landet

Kan ein bu i eit vakrare land? 


Hardangervidda ein dag i april..
Klokkene blå, vitnar om sommar..
Jotunheimen..
Rondeslottets topp..
Fjellets små skattar..
Rondane...
Mektige fjelltoppar i Kvinnherad

Finse, klårt og kjølig i sola..
Prestekragane på Toten..
Toppen av Bømlo...
Det beste stovegolvet som finnes..

fredag, mai 11, 2012

Steikje godt brød!


Eg har prøvd ut mange brødoppskrifter dei siste åra, ikkje minst mange slumpoppskrifter som ikkje alltid vert like vellukka. Så då er det trygt å følge ei skikkeleg oppskrift som er laga av skikkelege folk. Denne oppskrifta er visst laga av ei dame som heiter Gunvor Refsdal og jammen må ho vere flink! Brøda vart heilt nydelege, både luftige, saftige og spekka med korn og frø. Trikset var å blaute gryn, korn og frø ei stund før eltinga starta. Smart!
Eg fulgte faktisk oppskrifta til punkt og prikke utanom at eg tok i 2-3 ss med maltekstrakt i staden for sukker, hadde extra virgin olivenolje i samt hadde kruskakli i staden for kveitetekim. Prøv!


Oppskrift: http://trinesmatblogg.no/2012/04/16/helkornbrod/

Eller på nynorsk her:

Trinn 1
3 dl havregryn
2 dl kveite heilkorn
1 liter kokande vatn
1 dl linfrø
1 dl solsikkefrø
1 dl sesamfrø
1 dl gresskarkjerner
1 dl kveitekim eller kruskakli

Trinn 2
5 dl kald væske (melk, vann eller juice)
3 ss sukker (anbefaler heller 2-3 ss maltekstrakt - fås på matbutikken)
50 gram gjær
3 ss olje (gjerne ex.virgin oliven)
2 dl byggmjøl
3 dl grovbakstmel eventuelt grov rug/kveite
3 ts salt
13-15 dl kveitemjøl

Obs! Anbefaler bruk av kjøkkenmaskin med eltekrokar! Brøddeigen skal settast i to omgongar; fyrst blautlegger ein gryn og korn, og deretter rører ein resten saman. Ha havregryn og heile kveitekorn i ei bolle og tilsett kokande vatn. La dette stå å svelle i 15 minutt. Tilsett kveitekim/kruskakli og frø og la dette svelle i nye 15 minutt. Ei slik blautlegging av korn, gryn og frø gjør dei seige, slik at dei bind seg lettare i deigen. Ein kan gjerne la blandingen svelle lengre enn det som er angitt i oppskrifta, gjerne over natta. Smuldre gjæren i væska og bland i sukker eller maltekstrakt. Ha dette i grynblandinga. Ha resten av ingrediensane i bollen, men hold igjen på litt av mjølet, og kjør deigen i ca 10 minutt til du får ei blank og smidig deig som knapt slipp taket i bollen. Dekk bakebollen med lokk eller plast og sett deigen til heving på ein lun og trekkfri stad. La deigen heve til omtrent dobbel storleik, etter ca. ein time. Ha deigen på bakebordet og elt den. Del deigen i tre like delar og la gjerne deigklumpene kvile nokre minutt om du har tid. Elting og kutting «stressar» deigen og glutenet har difor best av å kvile i ca. 15-20 minutt før du arbeider vidare med deigen. Form tre brød og legg i smurte brødformer. La brøda etterheve under klede i ca. 35-40 minutt. Steik brøda på nederste rille i ovnen ved ca. 200 grader i 45-60 minutt. Du kan sjekke om brøda er ferdigsteikt ved å banke lett under brødet. Dersom du høyrer ein hul lyd er brøda ferdigsteikt. Ta brøda ut av formene og avkjøl på rist.

Steikje godt!

torsdag, mai 10, 2012

Litt klokkereklame


http://oclock.no/

Eg er inspirert av mi venninne B som fekk denne klokka til jul. Og så måtte til slutt eg og få tak i ei slik. Den er genialt tøff! Armbandet er i gummi og sjølve klokka kan ein ta lett ta ut. Eg har kjøpt mi klokke i fin gulfarge, men tenker å kjøpe ei eller to ekstra reimer til å skifte ut etter humøret. Den vert selt på butikken Kanel i Bergen, men eg var lur og fant den på Ebay, betydelig billigare. Og klokka er vasstett. Moro

tirsdag, mai 01, 2012

Verdens beste frukost

Eg har skrive om det før, nærare bestemt i januar 2011:
http://skattar.blogspot.com/2011/01/frukostvanar.html
Og i over eit år har eg kost meg med mi eiga frukostblanding til frukost kvar einaste dag. Kunne ikkje tenkt meg noko anna. Difor har eg lyst til å nevne det igjen, eg høyrte nemleg at mi syster hadde blitt inspirert. Den har utvikla seg litt etter den fyrste produksjonen gitt. Masse sunt og godt har fått prøvd seg oppi. Dagens oppskrift ser slik ut til ein stor porsjon:

1 kg økologiske store havregryn (fås på Coop) - gjerne blanda i speltflak og/eller byggflak
1,2 liter med hakka nøtter (mandlar, hassel-, val-, paranøtter) og frø (solsikke-, lin-, gresskarkjerne-, sesamfrø). Økologiske frø fås til ein god pris på Coop.
Ca. 2 dl norsk honning - meir om ein vil ha ein søtare blanding. Ein kan også ha litt agavesirup oppi men saman med honningen i tilfelle.
Masse kanel - opptil eit halvt glas!
Ei god handfull tørka rå kokosflak
Nokre spiseskeier vatn eller god nøytral olje (raps- eller mandelolje)

Ha honning og vatn/olje oppi ei stor panne og set på varme slik at den smeltar.  Ha oppi kanel og bland godt. Ikkje la det koke opp. Ta så panna vekk frå plata og ha i frø- og nøtteblanding. Bruk ei sleiv eller sleikepott og bland godt slik at alt vert fukta. Ta så litt og litt havregryn og rør forsiktig til det er fukta. Hell så blandinga over på ei langpanne og bak blandinga på ca 175 grader. Følg med slik at det ikkje vert brent. Ta panna ut med jevne mellomrom og vend i frukostblandinga slik at alt får rista seg. Når alt er gyllent tek ein det ut og lar det kjøle ned. Så blandar ein i kokosflaka og tek det oppi ein nydeleg kakeboks! Versågod! Herleg med ein mjølkeskvett over, litt kaffi attåt, morgonradio på og ein hund snorkande i korga si!