lørdag, juni 30, 2012

Ferie

Fyrste dag med ferie, endeleg er den her! Ein heil månad utan tanke på jobben. Eg er på veg til huset på Eskeland der det kanskje vert litt oppussing i sommar. Også håpar me på at snøen smelter på hardangervidda slik at det kan bli ein fjelltur! Primus og fiskestang er nemleg kjøpt inn, og det må jo testast ut...

fredag, juni 22, 2012

Hekleblogg no.1

Eg surrar meg innom fine bloggar innimellom..og no vil eg vere med på Give-away hos badmonkey! Den bloggen setter liv i hekleinspirasjonen min! Til hausten er eg klar med hekling igjen, i nytt hus og med fyr i ovnen..

http://badmonkey-blogg.blogspot.no/2012/06/gi-bort.html?showComment=1340384759005#c3951571836550166062

Sjå kva denne dama får til!

Frå bloggen til Badmonkey:
http://badmonkey-blogg.blogspot.no/search/label/amigurumi

torsdag, juni 07, 2012

Forandring fryder?

Eg har tenkt og grubla og planlagt og drømt. Vore redd og vore spent og vore glad og vore skremd. Og no er det vel akkurat i boks, mesteparten i alle fall. Om nesten nøyaktig tre månader bur eg ikkje lenger i sjufjellsbyen, men i dette huset: