tirsdag, juli 31, 2012

Ut og plukk med deg!



Det er bringebærår i år! Utruleg mykje bringebær rundt om. 
Eg er blitt Bergensbuar i nokre veker til og tenkte eg skulle 
fylle kvelden min med litt plukking på den hemmelige 
bringebærplassen min. Og der var det mykje bær i år 
samanlikna med dei to siste somrane. To liter på 
halvannen time, ikkje verst det. Bærplukking er jo litt 
meditativt, ein fin aktivitet som lar ein vere ute i frisk 
luft og la tankane vandre der dei vil vandre. Og bringebær
 kan ein jo bruke til så mangt. Syltetøy rett på brødskiva 
eller syltetøy i frysen. Bringebær med eggedosis - nam! 
Bringebærlikør, bringebærsaft, bringebærmuffins... 
Ut og plukk!

fredag, juli 27, 2012

Kjøkenglede


Eg har ikkje gjort noko oppussing med kjøkenet. Det får vere som det er. Det er gamal kjøkeninnredning frå 50-talet i søt blåfarge med skikkelege trehyller som tåler ein støyt. Eg har berre fjerna skapdørene slik at det vert litt luftigare og finare etter min smak. Men kroken med kjøkenbordet har blitt ein koseplass. Ein snartur til Bergen i går resulterte i ein fiskeplansje kjøpt på ein båtbutikk på Nordnes. Har tenkt på den lenge. Så i dag satt eg og kikka på fiskane attåt kaffikoppen. Herleg. Har òg fått lagt meg ei jernstang på eine kjøkenveggen til å henge opp litt utstyr på. Stang fant eg på loftet, krokar til å henge den opp med hadde eg liggande samt fine gamle krokar til å henge på fann eg i gongen.





onsdag, juli 25, 2012

Lyset kom inn i stova mi

Etter atter ei veke med jobbing, sprukken maling og fagmann på besøk, bytte av maling og puh..der var det ferdig! Og sofaen eg har kjøpt meg på Bohus kunne pakkast ut og settast inn i kroken attåt ovnen. Og lyset kom. Med malinga. I starten var det uvant, då eg stod på kjøkenet og såg stova i sidesynet kunne det verka som at stova var full av kvit røyk. No er det berre fint og stort. Buster har fått seg ein godstol med eit gamalt saueskinn i.

Der var sommaren min over snart, fylt med pussing, maling, Reiseradioen og Sommer i P2, Farris og mørk sjokolade. Men huset er no klart for offisiell innflytting 15 september.






Lenge leve gamle møblar

Har malt dette gamle skapet som bestemor brukte. Det har fått ein lys og litt gamaldags blåfarge. Det rommar mykje, men har berre hyller i seg, difor kleshengarstanga mi i tidlegare innlegg. Og på sida av ein gigantisk spiker som eg fann på nordre lemen, den fungerer supert som hengar for sjal og diverse.



lørdag, juli 21, 2012

Oppbevaring

Maling i stova har gitt meg visse utfordringar, som at malingen sprekk når den tørkar. Maling over lakk frå 50-talet er ikkje enkle greier! Så det går litt treigt. Og eg slit med å sitte i ro. Så då har eg ordna meg med "kjolestativ" og interiørbladhylle. Kjolestanga mi er laga av eit kosteskaft som eg skrudde fast små krokar i, tjukk ståltråd og solide krokar til å henge i taket. Har hatt lyst til å lage slikt lenge. Interiørbladhylla var enda enklare; ein tur på nordre lemen for å hente ei gamal trekasse og ordne med hjul under. Diggar det!

Lette sommarkjolar får foreløbig henge framme..

Ovnen er ikkje i bruk for dei som skulle lure på det! Buster har fått ein gammal Margarinkasse til å sove i.


torsdag, juli 19, 2012

Eg maler vidare..

Egentleg skulle eg og frøken frå Toten vandra på Hardangervidda denne veka. 
Men ryggen hennar ville det ikkje slik og då vart turen avlyst. 
Det har nok vore skremmande kaldt og vått på vidda dei siste dagane så det er forsåvidt greit. 
Eg vart litt rastlaus og ville egentleg kome meg ut på ein eller anna fjelltur med ein gong. 
Men så landa eg nedpå og fann ut at eg like godt kunne starte opp med stova. 
Forutsetningane for å bu i huset var nemleg at stova vart lysare og soverommet vart koseleg. 
Så får eg klare meg med resten.

Som de ser så er stova ganske mørk på høglys dag. 
Enda mørkare om kvelden ja. Så no er arbeidet i gong; vasking, taping, grunning og maling. Fortsettelse følger...



Jammen fekk eg besøk i det nye soverommet mitt ein dag òg. 
Overraskande besøk, trur ikkje eg kjenner mange som har hatt slike gjester på soverommet sitt. 
Dei lurte seg inn mens eg var ute ein halvtime og dei koste seg mykje innandørs.



Tatt på fersken. Og dei reagerte kraftig på alt rotet som framleis ikkje var teke hand om..

søndag, juli 15, 2012

Soverom ferdig

Etter ei veke med jobbing. Lyst og sommarleg. 
Så no er det berre å flytte inn og det har eg starta med. 


Sybordet på plass ved vindauga.
Fader Vår-bilete som høyrer heime i huset. Kanskje skal det få henge oppe.  
Fin-fine bilete som har fulgt meg i fleire år
Soverommet sin stolthet

tirsdag, juli 10, 2012

Ein golvpussars memoarer

Eg hadde byrja å pusse ned golvet då ein flink nabo tipsa meg om ein magisk måte å fjerne maling på. Dette golvet har nemleg fleire lag med maling og lakk, og den siste malingen kan ein enkelt lage stygge riper i. Trikset var å lage ei blanding av 50/50 rødsprit og salmiakk. Helle det utover og la det verke ei stund før det som ville kunne løsne. Så i desse to dagane har eg då helt utover, fordelt med ein oppvaskbørste, holdt pusten og sprunge ut for å fylle lungene med frisk luft att. Æsj for ei fæl lukt salmiakk har. Så har eg vore i hagen og slått gras, eller rett og slett berre satt rett opp og ned. Til eg så kan skrape av det feltet og så må eg gjere alt på ny igjen. Litt av eit arbeid og eg lurer på om salmiakklukt kan sette permanente spor i naser, for no luktar eg salmiakk kor hen eg går.

Fortsettelse av soveromsoppussing følger etterkvart....


Skrape, skrape.
Her sit eg og pustar og ventar og pustar mellom slaga. Og kanskje plukkar litt blomar. 

lørdag, juli 07, 2012

Frisk luft

Og varmt vér. Ein frosk rundt neste sving. 
To varme soveposar og ein primus. Japansk nudelsuppe og sweet chili-te.
Solnedgong og morellsteinspyttingskonkurranse. Nokre mygg og litt non stop.

Og det vert aldri skikkeleg mørkt.

Soving under open himmel på fjellet er favorittaktivitet om sommaren..





tirsdag, juli 03, 2012

Nytt soverom i huset

Ferien er tilstades og himmelen er grå. Men det gjer ingenting. Eg har nytt prosjekt på gong. Soverommet i huset skal gjerast klart, eg skal pusse ned og male golvet - kvitt! Eg er prega av desse interiørblada, skal innrømme det. Det skal bli lyst og fint!