torsdag, august 30, 2012

Smått og fint

Gjenbruksbutikken Den grønne baljen på Minde har sin siste åpningsdag i morgon. 
Eg stakk innom for siste gong i dag for å kikke etter småskattar. 
Og etter litt leiting fann eg eit fint klede med broderi som kan hengast på vegg ein stad. "Egen härd er gull värd" er eit kjent svensk ordtak som tyder bokstaveleg at eigen peisovn er gull verdt, eller eigen heim er best. Det passar jo fint til meg no!
To fine hekledukar i søte fargar fann eg som enten får vere som dei er eller kanskje ender opp som fine skåler eller vindaugepynt ein vakker dag. Sjølvsagt plukka eg med meg gamaldagse drops med sjokoladefyll også. Takk for no Baljen! 




mandag, august 27, 2012

Sopp

Noko av kunsten me finn i naturen. Sterke fargar, rare former, reine linjer. Søte, rare, ekle, slimete. Trygge eller giftige. Ny sopptur, på Kvamskogen denne gongen, med Snodil og ein ivrig gutt. Det vart nokre fine kantarellar, litt piggsopp og elles nokre skumle som fekk stå modell for kameraet mitt.








torsdag, august 23, 2012

Dagens skatt


Fann eg på Indiska. Ein sjeldan gong eg var innom der.
Så blå og fin. To etasjars fuglehus! 
Eg gleder meg til å henge den opp,
kanskje den skal få henge på hønsehuset. 
Og så håpe på at nokre små vil ta seg ein kvil. 
Tre veker igjen til flytting no. Det er rart, 
eg gleder meg og kvir meg. 

søndag, august 19, 2012

Skogsro

På leiting etter sopp. Med fine folk. 
Lite sopp men mykje knott, varm sol, nokre blå og raude bær. 
Og mykje kuskit. 
Fin sundag.




torsdag, august 16, 2012

Siste slant av sommar


Dette bilete kom eg tilfeldigvis over i dag. Eg likte det så godt! Fotografen er Nino Migliori og biletet er teke i 1951. Kanskje siste sommardagar no. Eg hoppa ut, eller rettare sagt gjekk uti med Buster, i Nubbevatnet i går. Deilig! I kveld kom regnet att.


søndag, august 12, 2012

Nytt i hus


Mor var i går med og rydda ut av huset til si gamle tante. 
Der fann ho nokre skattar som ho stabla inn i bilen og tok med heim til meg. 
Og ho traff blink. To rørstolar med smalt rygglene og raudlilla bein. 
Ein krakk i same farge med tre bein. To bord, derav det eine på bilete. 






torsdag, august 09, 2012

Sjokoladepålegg

No har eg ete bringebærsyltetøy på brødskiva i halvannen veke. Så det var på tide med eit påleggsbytte. Eg kan vere svak for sjokoladepålegg, og difor kjøper eg det sjeldan. Men så har eg sett oppskrift på "sunt" sjokoladepålegg på nokre bloggar. Eg lagte fyrste porsjon før sommarferien. Den vart god, heilt ok, men samtidig litt rar. Så fekk eg det for meg å endre litt på oppskrifta. Og dagens porsjon vart nydeleg. God nøttesmak og god sjokoladesmak. Ikkje altfor søt. Og jammen meg ikkje det dummaste å ha på brødskiva ein torsdagskveld.

Sjokoladepålegg

ca. 2 dl mjuke og litt store dadlar (eg kjøpte fine dadlar på innvandrarforretning)
ca. 1,5 dl rista hasselnøtter (ein rister dei sjølv i ovnen fyrst)
3 - 4 toppa teskeier med kakao
2 ts ekte vaniljesukker
1 ts med espressokaffi
2 -3 ss olje, feks rapsolje

Fyrst tek ein ut steinane i dadlane. Kok så dadlane med litt vatn ei kort stund. Hell av vatnet. Ha dadlar, nøtter og dei andre ingrediensane i ei bolle og bruk stavmikser for å blande dei saman. Smør på brødskiva og server attåt eit stort glas kald melk - eller ein kopp krutsterk kaffi (det ville Hovland ha gjort).




søndag, august 05, 2012

Fin-fin vekt

Fått meg herleg innflyttingspresang frå familien B+J. I rett farge! 
Kjøpt på butikken 13 i Tønsberg, der skulle eg gjerne ha vore ein tur! 
Vekta får foreløbig prøve seg her i Bergensleiligheita som ei nøkkelhylle :) 
Og det er ganske så sjarmerande!


Sommarboller


I dag har eg prøvd noko heilt nytt! Boller med blåbær og appelsin. Tipset fekk eg då eg kikka så vidt på eit Jamie Oliverprogram der han besøkte Sverige. Blåbær har eg ikkje plukka enda i år, men hadde nokre restar igjen frå i fjor sommar som er greit å bruke opp. Og så brukte eg Schakenda (eller Åpent bakeri) si faste bolleoppskrift som grunndeig berre at eg kutta ut kardemomme og hadde litt brunt sukker saman med det lyse sukkeret.


1kg kveitemjøl
5 dl h-mjølk 
150g sukker
15 g salt
15 g kardemomme
1 stort egg
50 g fersk gjær
150 g smør i terningar

Ei skål med blåbær, ferske eller fryste
1 appelsin
brunt sukker
smør

Ha alle ingrediensar untatt smør i eltebolle. Elt i om lag 15 minutt, tilsett smøret og elt i nye 15 minutt. Pass på at smøret er godt iblanda deigen. Legg deigen til heving, dekk med plastfolie, set lunt. Skal heve til dobbel størrelse.

Bland bæra med raspa appelsinskal og safta av ei halv appelsin. Ta også oppi nokre teskeier med brunt sukker. Bre deigen utover, gjerne utover eit stort skjærebrett for dette kan bli sølete. Legg bæra på midten, brett over til du lager ein pakke. Del så pakken i to og del igjen i fleire delar alt etter kor mange boller du vil ha. Dra delane ut og snurr dei rundt, pass på at bæra får vere med. Legg nokre klattar med smør og litt brunt sukker på ei bakeplate ikledd bakepapir. Legg bollene tett saman på brettet og la dei heve i 45 minutt.  Steik så på 180-200grader i ca 15 minutt - kanskje litt lengre då det er ein del fukt i bollene - følg med. La dei kjøle på brettet slik at dei vert karamelliserte under. 

Litt annaleis enn den vanlege bolleoppskrifta med både syrleg og søtt! Utruleg gode!






lørdag, august 04, 2012

GUL DAG





Gul dag i dag. Det vil seie eit Solobrett kjøpt på misjonsbutikken på Danmarksplass i formiddag, gule store blomar funne rundt Solheimsvatnet og handleddet bærer for tida den gule reima til O´clocken. Eg kjenner det er rett farge i dag! Ein gul og god dag..