søndag, september 30, 2012

Siste bruktkupp

Har hatt nokre dagar i jobben i Kvinnherad denne veka. Elles har det vore tid til så mangt. Som å kaste gammalt skrot med mor mi på Sim på Stord. Og finne ein kul lampe på gjenbruksavdelinga. Og ein tur på brukten i Sagvågen. Og finne fine tallerkenar som mor mi hadde lyst til å kjøpe til meg.

Den gule tallerkenen har eg frå før av i seks eksemplar. Den nye blå matchar fint! 


lørdag, september 29, 2012

Haustgodt

Nokre timars trasking og plukking på garden. Mykje stikkande torner. 
Fin aktivitet i haustleg regnvèr. 
Og så inn og lage duftande syltetøy i varmen på kjøkenet. 
Og bjørnebærlikøren er satt!




fredag, september 28, 2012

Frøken og jentene

I går henta eg fem stykk store hønekyllingar på ein gard langs med Fitjarvegen. Dei er av rasen Isa warren og var rolege under heile køyreturen heim til Eskeland. Vel inne i hønsehuset vart dei litt forundra, men då den eine oppdaga at maten sto klar så vart alle raske om å få i seg litt middagsmat. Den største kyllingen som er den einaste som er heilt kvit ser ut til å ha teke på seg rolla som vakt i gjengen. Den har allereie fått namnet Frøken, dei andre må få namn etterkvart. Buster vart sjølvsagt svært glad for sine nye naboar.

Kyllingane kjem ikkje til å legge egg før om ca to månader, så fram til det får eg kjøpe gardsegg med knallgul plomme på ein nabogard. Det er rart å tenke på, for eit halvt år sidan var det å ha nokre høner berre ein draum som eg ikkje såg for meg kunne realiserast med det fyrste. Livet er fint på Eskeland.



søndag, september 23, 2012

lørdag, september 22, 2012

Prosjekt hønsehus

Sola skin i dag. Og eg har fått god hjelp av mi nevenyttige mor til å ordne
opp i det gamle hønsehuset. Eg nyttar egentleg ikkje den delen av hønsehuset 
som faktisk var nytta til høns før i tida. Der er det for stort og for fuktig. Så
me har teke i bruk "grisehuset", på sida av den gamle utedoen. Utedoen vert
nytta til fòrlager. Litt saging og snekring måtte til før den flotte verpekassen 
var klar. Så har dei framtidige hønsa fått seg flotte fòr-og vasskåler frå 
Felleskjøpet sjølv. Og kjekke vagl til å sitte på om natta. 

Slik ser eit hønsehus ut! 




Ny verpekasse...ikkje alle planker vart like lange men pytt sann



Måltidskroken

torsdag, september 20, 2012

Vente på fuglane

Fuglekassen er hengt på plass på hønsehuset. Blått og eksotisk 
mot gamalt treverk. Sprudlande mønster mot raude slitte vindaugslister.
Etter tips frå verdsmester Hedda har eg putta inni fuglefrø av 
alle sortar samt hengt ein deilig matservering under huset. 
Og så er det berre å vente på at småfuglane skal oppdage
det vesle huset. 




På veggen der...









Nytt hus - vel, gamalt hus.. og tusen prosjekt. Så godt! 

mandag, september 17, 2012

Ny brun stol i stova

Eg tek meg nokre fridagar. Og det er godt. Det er mykje som må gjerast i huset så eg har hendene fulle. Og så er det godt å ta det litt med ro og å gå nokre turar ute i haustlufta innimellom også. På laurdag var eg ute på brukten i Sagvågen. Og kom over ein sjarmerande herleg stol! I dag måtte eg ut og kikka på den på ny og den vart med heim i bilen. Med nytt saueskinn i ryggen er den herleg å krype opp i ein kald kveld ser eg for meg. Stolen er nok frå 1960-åra og er meget pent brukt!




lørdag, september 15, 2012

Min fine Færøysaug



Eg har fått printa eit av mine favorittbilete frå Færøyturen på lerret frå Allkopi i Bergen. No står den stolt og viser seg på stoveveggen min. Eg må sei eg var litt småredd for denne bukken då eg fotograferte den, eg måtte hoppe over eit gjerde etterpå. Galne jenter på ville veier på ei færøy i fjor. 

torsdag, september 13, 2012

Takk for denne gong Bergen

Eg kjem gjerne på besøk.
Og ser igjen nydelege folk som bur vidare her...
Og i kveld har eg hatt siste turen på Opera. Mykje latter. 
Og den tøffe mannen eg traff der skal få sleppe å få biletet 
sitt ute på bloggen min. Men kanskje det vert eit julekort?



torsdag, september 06, 2012

Flamingo


Eg kom over ein ny bruktbutikk i dag. Ein NMS bruktbutikk 
der det jobba to skjønne damer. Butikken låg litt gøymd oppanfor 
bryggen. Der fann eg denne vesle figuern. Som mange nok vil
synes ikkje er så flott. Men den er passelig kitsch og herleg for meg.
Og i kjent loppisstil foreslo eg ein tiar for den. Kjem til å 
sakne alle loppemarkeda i byen kvar haust og vår. Det
er ikkje særleg med loppemarked på Stord etter det eg veit. 
God regnfull helg! 

lørdag, september 01, 2012

Saugesanking

Ein trakkar og trakkar. Leiter og kikkar. 
Låra er slitne og magen lengtar etter niste og varm kakao. 
Vinden er kald og sur mot ansiktet. 
Fjellet er haustleg, sommaren er over. 
Ein høyrer ein lyd som kan minne om ringande bjøller 
og vender nasa den vegen. 
Og til slutt, der er dei: kvite flekkar i det grøne fjellet. 
Og me har med gammalt brød og saugemjøl. 
Då er gjensynsgleda stor! Og så bærer det heimover.