tirsdag, oktober 30, 2012

Heklehekta

Eg har teke fram heklenåla att. Har ikke heilt fått hekling inn i fingrane enda så eg var litt forvirra på korleis eg skulle gjere det att. Men litt øving og så rett på sak. Eg skal jo faktisk bli tante til neste år og då må eg jo øve meg på babyting. Så eg kjøpte meg oppskrift på aperangle og ranglekapslar frå kaptein biff sin butikk på epla. Og så kjøpte eg meg safety eyes frå etsy.com. Litt vanskelig men veldig gøy!



søndag, oktober 28, 2012

Spraymaling

I sommar bestilte eg meg to boksar med spraymaling frå KEM (Kunstnerenes eget materialutsalg). I butikkar har dei som regel begrensa fargeutvalg på spraymaling og på KEM har dei bra maling i mange forskjellige fargar. Planen var å male taklampen i stova i ein sprek farge. Men då veggane vart kvite og sofaen var på plass fann eg ut at lampen passa egentlig godt inn slik den var. Så då har eg etterkvart brukt spraymalingen til ein del andre ting. Og det er veldig gøy! Både her i huset og i kjellaren til ho mor har eg funne nokre blomsterpotter som ikkje tåler dagens lys. Vegglampane mine har blitt meir gøyale  - det gjekk fint å spraymale lampeskjermar og det blir ganske kult når lampen er tend. Og så var det litt anna knask då:








Mitt nye soverom

Vel, det er jo ikkje nytt. Men det er finare. Og littegrann varmare. Framleis kjølig som eit soverom skal vere om natta. Men ikkje slik naturleg ventilering som det var før. Og eg har til saman 12 vindusgluggar som eg faktisk kan opne. I staden for eitt. Og med den nye forvandlingen så måtte eg ommøblere litt. Så heldig eg er som kan sove her!






torsdag, oktober 25, 2012

Kald oktoberdag

Den fyrste vinterdag. Med snø som prøver å klore seg fast til bakken. Iskald vind som lokkar vinterjakka på. Og ei hue. Og akkurat i dag, på denne fyrste vinterdagen, får eg nye vindauge på soverommet. Eg hadde ikkje tenkt så mykje over saken enn at det skulle no skje. Men når ein skal skifte vindauge så må jo det gamle vekk. Og det har resultert i eit iskaldt hus. Eg har barrikadert meg oppe på soverom Salen med oljeovn, radio, kaffikopp og heimekontor. Og eg skjønte vel etterkvart at eg er fint nødt til å sove her oppe også.

Så foreløbig ser mitt soverom slik ut:


Og ute er det jammen meg slik:

Men det kjem til å bli bra! Kanskje litt lunare på soverommet framover med nye vindauge. 
Og dei som har gode forslag på kva eg skal finne på med dei gamle, håndblåste vindauga 
dei må kviskre det til meg. Og så har eg eit nytt prosjekt å glede meg til!

Og takk for det vinterjakkekledde besøket i iskaldt hus kjære Kristin med Lars og nydelege vesle Jakob. :)

søndag, oktober 21, 2012

Babushka

Mine fyrste babushkadokker. 
I maritim stil. Funne på brukten i Sagvågen. Gamle og fine. 
Den største litt slitt, men men. 
Pyntar opp stovevindauget.




torsdag, oktober 18, 2012

PuteGLAD

Så heldig eg er! Som har ein god-god ven. Som tenker på meg.
Når han ser ein saug på ei pute. 
Og kjøper den til meg som innflyttingspresang. 
Akk, så fin! Eg vart så glad! 
Putene frå by nord synes eg er knallfine! 
Og sofaen min vert enda meir innbydande. 
Til kveldar innandørs med fyr i omnen, kakao i koppen, 
og kanskje eit hekleprosjekt på gong.



søndag, oktober 14, 2012

Hagejakt

Å flytte frå leigd leiligheit til hus og hage er jammen ei stor forandring. Alltid noko å gjere. Og når sola kikkar innom (eller det berre er opplett) er hagen ein sjølvsagt plass å vere. For då eg sette i gong med huset såg det slik ut:




Viltvoksande og forsåvidt ganske sjarmerande. Men ikkje ein stad å vere og ikkje så lett å plante noko ut. Så graset fekk seg ein omgong med den gode gamle ljåen i sommar. Så vart det greinsaks, øks, greip, handkraft, støle musklar og mykje blåmerker som dukka opp på kroppen. Og bestemor sine planta stikkebuskar og svarthyllbærtre vart fjerna med rot frå blomsterbedet. Så har fine steinheller fått plass i hagen til ein fin liten gangveg. Lavendel, hortensia og magnolia er planta og håpet er at dei overvintrar fint.










No driv eg på med å "grave" vidare ut hagen som den var i bestemor si tid. Og så får ein sjå kor langt eg kjem før kulden trer inn for fullt. Og resten får vel vente til våren. Men då gler eg meg til å sjå resultata av blomeløkane eg har planta. Håpar det vert fargerikt!
Ha ei god hage- og blomeveke! 

lørdag, oktober 13, 2012

Sånn går nu dagan

Denne veka har eg engasjert meg i litt gardsoppgåver. På tysdag var eg med då slaktebilen henta fleire uvitande og lukkelege sauge. I dag har eg henta heim ved. Og seint i går kveld, ein kveld der dei fleste kosar seg inne i stova eller ute på livet, så venta eg på årets saugeklyppar. Han var ikkje ledig før rundt halv elleve om kvelden etter ein travel klyppedag på diverse gardar. Denne flotte mannen kom heilt frå New Zealand der dei er kjende for å klyppe utruleg raskt og effektivt. Og det vart det. Berre få minutt per saug. Og så flotte dei vart som nyfriserte! Ja, slik har livet mitt blitt, blogging om saugehald. Men er ikkje det fint mon tru?



Glade sauge i gong med frukosten i dag tidleg. 

torsdag, oktober 11, 2012

Loftsskrot

Det har regna godt ute fram til no, så det har vore litt prosjekt inne. Eg har byrja å legga isolasjon på loftet her, for å halde betre på varmen i huset. Og på loftet, som eg aldri har vore oppå før, fann eg gamle saker. Som eit stort vaffeljern som kan leggast oppå ovnen, inni peisen eller kanskje på bål. Eg fann også ein sirkel i tre som eg ikkje veit kva har vore brukt til. Den vart grunnlag for ny klokke på kjøkenet. Saman med eit lite hekleverk frå sist vinter så vart den ganske bra!



mandag, oktober 08, 2012

Gjester i huset

Eg og Buster har fått nye gjester i huset. Me
har nok høyrt dei kravlande på loftet, det
var nok som forventa. Buster har no fått jakta
i lykkerus oppe på nordre lemmen, utan fangst. 
Men i dag, på veg ut døra for å gå på tur, stod ho der.
I gongen (vaskerhuset), mellom bad og kjøken. 
Ho spratt raskt ut gjennom ei tydeleg opning under
inngongsdøra. Søte er dei, men det er ikkje så greit 
å ha dei så nært seg sjølv og eins mat. Så då var
det i gong med litt snekring. Og opp med musefelle. 
Alltid noko å gjere på her gitt! 

lørdag, oktober 06, 2012

Dei finaste dyra

Det traskar og går på Eskeland. Alt er definitivt ikkje munter glede, men det er jo gledene eg vil ha ute på bloggen min! Eg er i dag glad for at eg har fått meg tv og internett innstallert. Eg gleder meg til å sjå Bonderomantikk frå godstolen. Eg er glad for at hønene mine har byrja å sove på vagl og ikkje på bakken. Eg er glad for at eg kan stelle med hønene mine for at dei skal ha det godt her oppe. Eg har snekra ein sandbadekasse til dei i dag. Eg er glad når eg vandrar rundt på garden og prøvesmaker epler frå trer og oppdagar nye bjørnebærbuskar. Eg får adrenalinkick når eg klarar å dra opp ei lang trerot i hagen. Eg vert glad når eg høyrer naboar sei at det er så kjekt å sjå lys i gamlehuset om kvelden. Eg gleder meg over å godsnakke med sauge og andre dyr på mine turar. Blant anna desse villsaugene som går nedanfor Førland. Dei måtte eg helse på i dag. I nydelege haustfargar.






mandag, oktober 01, 2012

Ute på vift

Sjølvbygd hønsegard. Og kyllingane testar ut det våte graset ute for fyrste gong i dag. Det var saker det.