fredag, november 30, 2012

Den dagen då..

...eg ikkje hadde fem høner lenger. Men fire høner og ein hane. Den dagen då Frøken blei Fridtjof.

Fyrst Frøken - så Fridtjof - frå Fridtjof den frøkne (modige)
Eg som henta fem høner hos ein ung og uerfaren "hønsebonde" langs med Fitjarvegen. Og som valte namnet Frøken på høna som var "sjefen" og som var mest utvikla. Og så viser det seg at det derimot er ein seint utvikla hane som eg har. Han har byrja å få hanefakter og har til og med sprunge etter meg og Buster. Ingen galing enda, men det gler eg meg til! Ein hane i stemmeskiftet er underhaldande! 

søndag, november 25, 2012

Høns er fine dyr

Vesle Trolle er ikkje frisk som ein fisk att. I dag slapp ho ut til dei andre hønene, no er det over og ut med isolasjon og vatn og massasje og olje. Svulten stakkar. Og åt som ein hest. Og dermed vart kroa på brystet full og stor att. Så då får naturen gå sin gong. Kanskje det går over av seg sjølv. Eller kanskje ho har ein feil i systemet som gjer at ho må tas ein gong. No har ho i alle fall eit betre liv, i saman med dei andre. Og i helga har dei fått lov til å gå fritt rundt om kring. Dei kosar seg. Ryktet seier at ein ung og svulten hønsehauk er i området, så eg får passe godt på og lytte etter kråkeskrik. Kråkene varslar nemleg når hauken er på veg.

Ingen egg på meg enda, men med tidsur på lyset slik at dagen deira varer frå 06.30 til 17.00 håpar eg på verping snart.


Søndagstur

I dag var det frose på bakken. Kvitt rim som smelta utover dagen. Det er ei stund sidan sist, det har vore mykje regn i det siste. Kaldt og friskt ute og søndagsturen gjekk oppover fjellvegen. På jakt etter juletre. Ikkje for å hente heim, men å velje seg ut eitt. Eg skal ha juletre for fyrste gong i år. Eit lite eitt. Det skal stå i hjørnet der som bestemor sitt juletre alltid stod. Og eg har byrja å kjøpe inn julepynt, fyrst og fremst fine fuglar. Kanskje vert det eit tre med berre fuglar på.




lørdag, november 24, 2012

Og det vart lys..



Fram frå sin gøymeplass. Denne lampeskjermen har ikkje hengt oppe sidan hausten 2006 fann eg nett ut. Det er jammen meg seks år sidan det. Då delte eg ein leilighet med to rare folk på høyden i Bergen. Og fann ut at eg ville flytte for meg sjølv. Då vart lampen lagra i ein bod i kjellaren heime hos mor og far. Og jammen trur eg den kjem frå det fyrste loppemarkedet eg var på. No har eg jakta på lampeledningar og fått hengt den på plass. Foreløbig heng ledningen ned til eg finn ei ordning på det. 
Herlig med gult, det gir meg energi! Og godt med lys frå oven til laurdagslunsjen.

Ullkuler




Rolig inne- og littegrann utehelg. Puslehelg. 
Tok fram mine ullfiltkuer. Tidlegare har eg laga rund
bordskåner med nål og tråd. Denne gongen vart det 
lim. Så fine å ha til mine espressokanner.
God helg! 

søndag, november 18, 2012

Gardsbesøk

Moro med bybesøk av ein liten og ein stor! Snodil med son på besøk 
og me har hatt ein "travel" dag med å stelle med høns, gi mat til saugene, 
hoppe i høyet, ete komle frå ho mor, gå tur i skogen og plukke eple. 
Så mykje gøy ein kan ha det på ein gard! Velkommen attende! 




lørdag, november 17, 2012

Magnetisk



Kjøleskapsmagnet i nye former. Ferdige magnetar kjøpt for ein billeg
penge på Clas Ohlson. Fine knappar frå knappesamlinga. God lim.
Og nokre fine bilete til å pryde kjøleskåpet med som gjer ein glad når
ein skal hente ut mjølka om morgonen. 

søndag, november 11, 2012

Fuglekikk



Til Hedda: 

Dessverre ingen fuglar som har skjønt at det ligg mat
inni det flotte fuglehuset. Det står difor tomt og eg 
vurderer å legge det ut på fuglefinn.no. Andre råd?

Men fuglane har funne mat på heimasnekra skeivt fuglebrett 
og på veggen utanfor kjøkenet mitt der eg har hengt lekre meiseboller. 
Så når eg bakar brød og utålmodig står framfor ovnen kan 
eg plutselig bli svært så tålmodig med kamera på lur,
i ei vond og rar stilling slik at fuglane ikkje anar uråd og 
så vente, vente på fine fuglen som skal ha seg litt mat. 

Aktiv helg på Eskeland, masse gjort. Hønsa har fått elektrisk
lys, og no håpar eg det skal lure dei til å starte med å verpe.
Musa har fått si originale badekar/fleskemusefelle.
Huset er vaska og brøda er bakt. Chai er laga, "chailikør" og 
kaffilikør er sett. For dei som likar det.
Ullklær er vaska. Buster har vore på tur. Puh.
Sofa, hekling og A-Magasinet no og la helga vare enda litt lenger...

lørdag, november 10, 2012

India i heimen

Ho godeste Marianne frå Toten tipsa meg om ei enkel oppskrift.
Nemleg å lage Chai-sirup! Seks ingrediensar, ingen eksakt oppskrift, 
god tid og så er det berre å gjere seg klar. Eg handla inn ingrediensar på 
innvandrarbutikken på Sletten før eg flytta. 

Oppskrifta er i følge Marianne:

CHAI

* ca 1- 1,5 liter med vatn
* heile kanelstenger (knekkast litt opp)
* heil kardemomme (grøn)
* heil nellik
* heil svart pepper
* brunt sukker


Det heile skal kokast i ein times tid, deretter tilsetter ein 
ein god porsjon med godt brunt sukker. Så skal det kokast i ein halvtime/times 
tid vidare til væska har blitt litt tjukkare i konsistensen. Det vert mørkebrunt i farge 
og det luktar god jul i heile huset imens ein held på.
Etterpå siler ein av og held det opp i glas. Ein kan legge oppi litt
av krydderet i glasa for pynt og ein sterkare smak. 


Så er det å koke opp mjølk, heilmjølk er best. Og har ein ein 
mjølkeskummar så vert det enda betre. For så å toppe
skummet med deilig demerasukker. Nam!!


torsdag, november 08, 2012

Svenska gledor



Hekleguri på an igjen! Hekta på gult! Puta vart rund og gul og blå. Svenskestemning i sofaen min no. Fine striper eller knall gul med blå kant. Guri meg, er så masse eg vil hekle no at eg veit ikkje kvar eg skal begynne:) Godt det er kaldt og mørkt ute! 

søndag, november 04, 2012

Hagehelsing

Ei ny helsing frå hagen. Eg veit at særleg mi fine tante og min fine onkel på Østerås vert glad for slike blogginnlegg :) Det nærmar seg frost og vinter. Og eg har rukke å jobba litt med sørsida av huset dei siste vekene. Som regel berre når det har vore godvær og lyst. Så det har no teke si tid. Eg har ingen før-bilete av hagen på den sida. Men det seier seg sjølv at det var overgrodd med gras. Så greipa måtte i arbeid. Har gravd opp ein del kilo med jord og gras til dei gamle steinhellene til bestemor openberra seg. Og mange fine steinar som ho i si tid henta i munkesteinsstranda. Eg har gravd ut og "planert" framfor kjellardøra og bært på steinheller att. Eg har visst funne ut at eg er svak for steinheller og rullestein eg også. Så det vart til slutt ein liten platting og solkrok til nyting av kaffi heile året rundt. Nokre stauder har kome i jorda, dei ser ikkje så fine ut no men tek seg forhåpentligvis opp att til våren. Framfor kjellardøra står fleire pottar med nye blomeløk og ein del gammal blomeløk som eg har funne i hagen då eg har gravd. Eg gler meg til det skal blomstre til våren. For nokre år sidan hadde eg vel ikkje trudd at hagearbeid skulle vere noko for meg. Men det er det. Kanskje noko eg har arva frå både mor, tante Kari og bestemor?






lørdag, november 03, 2012

Fitjarmat

Det skjer på Stordøya. I dag var det Matfestival på Fitjar.
Mykje for augo og mykje for smakslaukane. 
Eg har smakt verdas beste potetkaker.
Eg fekk vite oppskrifta!
Og så var det desse vindmøllene då. Fascinerande.
Fin dag på øya.







fredag, november 02, 2012

Novemberskattar

Det er november. Siste månaden før desember. Julemånaden.
Eg har jakta på skattar på Fretex. Berre ein kikk.
Det vart nokre juleskattar. Og det kjentes greit. 
Har bestemt meg for å ha eit lite juletre i gamlehuset.
I bestemor si ånd, ho hadde alltid eit bittelite tre som 
sto oppe på eit bord. Pynta med nydeleg gamal pynt. 
Eg har ikkje så mykje pynt enda, men i dag har eg
kjøpt meg nokre fine gamle fuglar. Dei vert flotte i juletreet.
Eg fant også ein herleg kakeboks. Og ei blå emaljeskål.
Storhandel på Fretex i dag, ikkje verst!
Og så var det helg.
Og lenge til jul:)

Fire slike fuglar. Ein utan klype men det skal eg prøve å fikse. 30kr

Totalt fem fine fuglar med fjør eller ull. 15kr

Klar for kakebakst. Og noko godt i skåla! Boks 25. Skål 45. Kupp!