mandag, desember 30, 2013

Heklasaug

Haustens hekleri. Vesle Magne måtte få
noko gardsleg til jul. Så eg kjøpte meg oppskrift
frå bloggaren Bad Monkey som eg har fulgt tidlegare,
investerte i god babyull og ikkje minst ein lydboks med
saugebrek bestilt på Ebay frå o´store Kina. 
Eg brukte litt anna garn enn det ho hadde brukt i 
oppskrifta, men med litt improvisering og god
tid så gjekk det seg til! Lydboksen vart plassert 
inni ei hekla kubjelle som ein heldigvis kan ta av
når all bæinga tar knekken på ein. 
Saugen er kome i dei beste barnehender og har
fått namnet Eddie.



mandag, desember 23, 2013

Juletre 2013



Eit spinkelt og skeivt lite juletre er henta på stølen i dag.
Og pynta med fine fuglar og kvite lys. 
Og då var vel jula i gong i år igjen. 

Busten, Frensur, sju høner og eg helsar
god jul
til alle kjende
og ukjende der ute! 

Fuglegåver


Fuglane vil også ha julegåver! Dei vil ikkje har
Ipad eller nye flotte sko, dei vil ha god julemat!
Det lagar du enkelt med å smelte to blokkar med Delfiafett
i ei panne. Ha oppi fuglefrøblanding, usalta peanøtter (begge
finn du på matbutikken), to gode nevar med rosiner,
ein god neve med hasselnøtter, to gode nevar med havregryn og
gjerne litt heilkorn kveite om du har liggande. Bland saman
og fyll det oppi tørre mjølkekartongar som du har klypt av toppen på.
Når det er stivna kan du skjære hol i mjølkekartongen med ein tapetkniv
slik at kun dei små fuglane kjem seg inn. Så er det berre å feste tau i 
kartongane og henge dei opp til jul! 



Etande gåver



Me har så mykje og me har som regel alt me treng i hus og heim. 
Så eg slår eit slag for å gi vekk noko ein kan ete. Eit brød er ein flott
presang og når du bakar brødet på denne måten ser det ut som om du 
har eigen bakarovn i huset. Eg har skrive ei oppskrift på grytesteikt brød
tidlegare her på bloggen, og her kjem ei ny og knakande god oppskrift:

GRYTEBRØD TIL JUL

200 g grov rug
25 g kruskakli
400 g sikta kveitemjøl
1 ss salt (er viktig for god smak)
6 dl vatn
1/4 pakke med fersk gjær
1 ss maltekstrakt (det finn du i "helsekostavd. på matbutikken)
Mjøl til utbaking

Bland alt det tørre godt i ei bolle. Bland så kaldt vatn saman
med gjæren og maltekstrakten. Rør godt saman og dekk bolla
med ein plastpose og eit handkle. La bolla stå på kjøkenbenken i
minst 12 timar. 

Set ovnen på 260 grader og la jerngryta stå i ovnen fram til den er 
varm nok. I mens tek du ut deigen på bordet og saman med mjøl 
brettar du den saman nokre gongar og snur den slik at brettane
ligg på undersida av deigen. Når ovnen er varm nok tek du ut 
gryta, strør fyrst godt med mjøl i botnen samt litt saltflak om du har.
så legg du deigen nedi og strør over enten mjøl eller det du har av frø.
Saltflak under og på toppen gir ein god smak! 
Set lokk på gryta og set gryta inn i ovnen, skru ned varmen
 til 250 grader og steik brødet i ein halv time før du tek
av loket. Steik så brødet i 20 minutt ekstra. 
Eg let brødet stå i jerngryta i fem minutt etter steiking før eg veltar
ho ut på ei rist for avkjøling. 

Det er ekstra snilt å gi vekk ein god pakke smør i tillegg til brødet, 
til dømes ein pakke Kvitseidsmør eller økologisk smør. 


søndag, desember 15, 2013

Årets sjokoladeri

Då var det på an igjen med sjokoladelaging til jul. 
Eit skikkeleg helgeprosjekt med konsentrasjonen på
høggir. Sjokolade skal smeltast, tempererast, hellast i former,
avkjølast, fyllast og så legge "lokk" på. Inn og ut av kammerset. 
Og så var det fyllet då. Det må jo vere hundrevis av forskjellige
fyll ein kan lage om ein begir seg ut i det. 

I år har eg fokusert på kaffi, pistasjnøtter, bringebær og 
heimalaga marsipan. Så håpar eg på at vener og naboar er sjokolade-
svoltne nærare jul! 

Eg brukar ein sjokoladesmeltar, då har eg kontroll på temperaturen slik at det ikkje
brenn seg i botnen. 

Brente mandlar? Nei, "brente" kaffibønner med same metode. Snacks!

Fylte, fine hjarter med kvit sjokoladeganasje med bringebærsirup og
litt raudfarge. 

Former klar til å få lokk over seg. Bringebærgele nærast. 

Det er faktisk ikkje så vanskeleg å lage så flott konfekt! Det krever berre litt tid. 

Smaksprøve = godkjent. 



lørdag, desember 07, 2013

fredag, desember 06, 2013

Storm


Stormen sveipa innom Stord. Og sette dagen ut av rutinane. Eg kom meg
ikkje på jobb for båtane var innstilt. Og då var det berre å køyre heim og pynte
til jul i staden for. Og jammen gjekk strømmen også! Den var vekke i åtte
timar og glad var eg for at eg hadde nok stearinlys, ein ovn eg kunne
koke på og batteri til radioen min! Då var kvelden redda!


Sterke krefter ute, og snøen har kome for fullt i løpet av natta. 
Rundt om er det flust av rotvelta tre, heldigvis ikkje så mange på garden.


Storm ute er lik innetid med radio og tende lys. Akkurat slik eg likar det! 

søndag, desember 01, 2013

Berlinerkranser

Då eg var lita var eg ikkje noko særleg glad i 
julekjeks. Mor mi bakte og bakte, men me ungane
åt jo aldri opp alle kjeksa, og ho kutta ned på baksten
etterkvart. Til slutt baka ho berre sirupssnippar, nokre krumkaker,
og nokre gongar peppernøtter. Eg likte best dei barnevennlege
peanøttsjokoladekjeksa. I år har eg slått opp augo for dei 
gode gamle sortane, etter å ha vore med på bakekveld med
bygdekvinnene. Eg kjem nok ikkje til å bake sju sortar, 
men eg måtte prøve meg på nokre Berlinerkranser! Saftige
og gode, og ikkje minst gule! 


Deigen lagar du slik:

2 hardkokte eggeplommer
2 rå eggeplommer
120 g sukker
250 g smør
300- 350 g kveitemjøl
Pynt: Eggekvite og perlesukker

Mos dei hardkokte eggeplommene godt med gaffel og tilsett dei rå.
 Ha i sukker og pisk til eggedosis. Bland inn sikta kveitemjøl 
og mjukt smør vekselsvis.  
La deigen stå kaldt ei stund. 





Trill deigen ut til tynne stenger. Del dei i 12-14 cm lange emner. 
Form dei til kransar,  pensle kransene med halvpiska eggekvite og dryss over perlesukker.
 Steik kransane lys gule ved 180 c i ca 10 minutt. 





lørdag, november 30, 2013

Adventstid

Ny adventsstake til kjøkenvindauget! 
Koppar som eg fann på lemen (loftet) etter 
bestemor. Lysa festa eg med smelta lysrestar. 
Pynta opp med knæsje nyper og fine fuglar
frå brukten i Sagvågen. Og nokre trolldeigssnø-
krystallar. Julestemning på kjøkenet no! 


No manglar berre snøkledde bakkar - dei hadde me jo sist helg! 

fredag, november 29, 2013

Barnsleg jul

Eg har funne fram trolldeigen att. Den hugsa eg frå
då eg var liten og me laga snertne figurar som me malte etterpå. 
Trolldeig er veldig enkelt å lage, du brukar 1 del salt, 
2 deler kveitemjøl, 1 del vatn og litt matolje. Deigen skal
vere fast så det er greit å tilpasse den med kveitemjøl undervegs.
Figurane skal steikast på 80 grader til dei vert harde. Mine figurar 
sto i ovnen i 14 timar. 




tirsdag, november 26, 2013

Lefsebakst

Eg og søster mi var så heldige å få koma på
lefsebakst med den flinkaste lefsebakaren eg veit om:
ho Rigmor på Førland. I eit koseleg lite bakstehus på Førland
der mykje godt av bakst har funne vegen ut i heimar og ned i magar. 
Rigmor hadde laga deigen til oss og me fekk trene oss på både 
emneoppdeling, utkjevling og steiking. 
Oppskrifta vil eg nok ikkje ut med her, men desse vart knakande
gode! Og det må nok prøvast ut i gamlehuset etterkvart. 

Stolt lefsebakar! 

Etter ein del trening vart lefsene fine, store og heilt runde! 

Ei steiketakke er obligatorisk i ein bygdeheim! 

Nydelege ferdige lefser til avkjøling. 


søndag, november 24, 2013

Vintersøndag


I går var det regn og yr. I dag starta dagen slik. Fine vinterdagar er gull 
verdt. Spesielt kjekt er det å få så fint vèr på ein søndag då!
Eg har fått planta ut blomelaukar i siste liten og har fått sett
opp nytt fuglebrett i hagen. Denne gongen kan eg sjå det frå
nye kjøkenet. Det vart visst ein heil matstasjon, så no berre ventar
eg på at dei finn fram til den. Eg fann nemleg eit nydeleg gamalt fuglebrett/hus 
i kjellaren, eg veit ikkje kven som har laga den i si tid. Men fin er den
og fint fungerer den! 


Meisebollehaldaren min er endeleg oppe. Veldig smart ting som eg styrte på med her.

lørdag, november 16, 2013

Haust i tunet

Det er skikkeleg haust på Eskeland. Og eg må ut og sette
 hausten på tunet fast til bilete. Til å sjå tilbake på. 
Og dette er min andre haust her i huset. I fjor haust gjekk det
berre i hage, hage og hage. Og å få i gong jobben i Kvinnherad.
I år har det vore kjøken, kjøken og kjøken egentleg. Og betre
varme i huset. Kva eg har for meg til neste haust er ikkje godt
å seie. Men eg trur året som kjem vert bra det også!





Forsiktig julepynting



Det har vore stille på bloggen i to veker no. Eg har farta litt rundt og elles
ikkje hatt noko særleg energi. Men litt har eg fått gjort den siste tida, som
å byrje med litt småpynting til jul! Fyrst å fremst har eg fylt lommene med nyper
frå min daglege sykkelpendling i Kvinnherad. Og har fått tredd dei inn på ein ståltråd
og har forma tre hjarter som får henge i det eine kjøkenvindauget. Med ein fugl festa på det 
eine - som då katten har vore svært nysgjerrig på. Nypene tørkar og skrukkar seg litt med tida,
men det er berre sjarmerande. 



Og så slår eg eit slag for fine, gamle brødformer! Dei kan brukast til så 
mangt. Blant anna til å ha blomar i. I vinduskarmen står det ein med tre planta 
raude amaryllis oppi. Dei treng jo ofte litt tid på å bløme. Og i ei anna form
har eg berre sett to sviblar. Det kjem til å bli fint! 

søndag, november 03, 2013

Eskeland slakteri


Eg har hatt litt for mange hanar vandrande rundt her no. Så i dag kom
dagen for den store haneslakten. Fem hanar og to høner måtte leggast
under øksa. Og sidan det i dag var storslakt så vart det flåing i staden
for ribbing slik eg gjorde sist. Og det var slik bestemor tok sine hanar 
også, så kjekt å gjere det i hennar ånd! 


Flåinga vart gjort ute og så hygienisk som muleg. Som betyr alltid reint
vatn - måtte ha assistenthjelp til det. Ei bøtte med kokande vatn, ei med
såpe i til å ofte vaske hender og ei panne med kaldt vatn. 


Etter at hanen er hovudlaus og kroppen ligg roleg så held
eg han under kokande vatn i to minutt. 



 Så er det å dra av skinn og fjør og klyppe av venger og bein. Og så tømme
den for alt av innvollar før eg skyller han i kaldt vatn. 


I denne omgong vart det seks kyllingkroppar, den siste høna fekk
legge kroppen sin under jorda. Fin søndagsaktivitet!

Krakk i rute



Eg er så nøgd med at håndarbeidshausten er i gong. Mørke og regnvèr
lokkar til hekling og strikking og andre kreative inneprosjekt. 
Den siste månaden har eg småhekla nokre bestemorsruter i tjukt
ullgarn. Rutene vart hekla saman og stifta fast til blåkrakken. 
Nytt koseleg møbel i stova!