onsdag, januar 30, 2013

Dagseng

Eg har hatt eit prosjekt i hovudet og i praksis sidan nyttår omtrent. Ei dagseng, eller "daybed" som det heiter på fint. Grunnen er jo at eg innrømmer at eg byrjar å bli interiørnerdete; eg vart liksom aldri nøgd med den tomme kroken min i stova. Og det er jo ein bra krok. Understellet har eg visst om lenge. Det er nemleg eine delen av far og mor sin heimebygde sofa frå lenge sidan. Madrass har eg skjært til av to gamle madrasser frå loftet her. Mønstrete stoff fann eg på salg på Åhlens. Sydde så stoffet direkte på. Eg har også brukt ein rest av madrass til ei pute i enden der trekket er eit stort putetrekk frå salg på JYSK. Det er lurt å ta seg ein runde rundt no etter jul.

Hylla ved sida av senga samt ved sengeenden er gamle trekassar eg har funne her. Dei har fått seg litt originale bein; gardinstanghaldarar funne på brukten som eg har spraya rosa. Var berre til å skru på under. Herleg!

Dagsenga har allereie vore i bruk ei god stund. Eg har faktisk sove her nokre gonger under eit godt pledd. Og med katten som selskap. Men dagsenga vert fyrst og fremst ein lesekrok med kjekke interiørblad, eg har jo fått meg gaveabonnement på Rom123 og Lev Landlig no!




Og så ny lampe då. Brukten i Sagvågen med foldelampeskjerm der foldene gjekk i bosset! 



lørdag, januar 26, 2013

Sånn går nu lørdagan...




Ein ny hobby er i gong. Motorsag! Kledd opp i siste mote med vernebukse 
og hjelm frå sjølvaste Felleskjøpet (for kven har sagt at dette ikkje er ein rosablogg med klesreklame?).
Knakande kjekt men også knakande tungt. Eg prøvde motorsaga for fyrste gong i mitt liv førre lørdag. Søndag låg eg flat nesten heile dagen med støl kropp frå topp til tå. I dag har eg prøvd å felle mine fyrste to trer. Dei var no ikkje dei tjukkaste trea, er nok lurt å trene seg opp litt. Og dei falt rette vegen. 

Putevarm

Inspirert av programmet Tid for hjem igjen. Denne gongen laga dei putetrekk av gamle strikkegensrar kjøpt på bruktbutikkar. Eg tok meg ein runde på Fretex og gjenbruk. Lite strikkagensrar å finne der, dei eg fann hadde prislapp på nesten femhundrelappen. Og det er for drøyt for bruktbutikkar spør du meg. Men heldig som eg var fann eg meg ein genser heime hos ho mor. Den fekk seg to rundar med grønsåpe i vaskemaskinen. Og så vart armar og band forsiktig klypt av. Eg sydde rundt med svart ulltråd og hadde inni ei god 60x60cm dunpute. Fin og fjong, deilig, mjuk og varm i ryggen!



søndag, januar 13, 2013

Bokhus

Nydeleg vèr på ein kald sundag. 
Ein dag til å vere ute. Til å putle på med ting.
Til å sage, pusse og snekre litt. 
Til å lage mitt eige bokhus, eit hus for lesestoff.
Idèen såg eg på Tid for hjem førre sesong då ein designar sveisa eit slikt hus.
Men eg diggar jo snekkerarbeid! Og materiale har eg i kjellaren. 
Eit slikt hus er veldig greit for meg og andre, 
som alltid har mykje forskjellig lesestoff på nattbordet. 
Og taket passar fint som "bokmerke".



lørdag, januar 12, 2013

Til fjells, til fjells

Til fjells me går. Den 12. januar. Det er nesten bart og snøfonnene er steinharde. Glatt oppover frå Tyseskaret opp til Stovegolvet. Men det går. Og det er nesten vindstille. Og varm sol. Det kjennes som ein vårdag, berre at det er fem minusgrader på toppen. Og tenk at det berre er 12. januar. Og fjellsesongen allereie er starta. Tjuvstarta i alle fall. Og yoga-på-fjellet-sesongen 2013 er med dette også opna.



Ikkje meg men herr V i sprek yogapositur! 

lørdag, januar 05, 2013

Skoddeland





Skodda letta aldri på Eskeland i dag. TIl morgonen låg ho som eit tjukt teppe og
det kjendes som at det var langt og lenger enn langt til næraste nabo.
Frukosten må berre vente i slike augeblikk.
Og dei gamle asketrea som leier fram til gamlehuset viste seg i sin finaste prakt i dag. 

fredag, januar 04, 2013

Det bor en baker..

Jobben fekk meg til Rosendal ein kort tur i går. 
Ei god stund sidan eg har gått gjennom Skålagato,
ei koseleg lita gate med nokre kjekke butikkar. 
No har dei til og med fått bakeriutsal, ikkje mindre enn han Peder Bakar
(han heiter Peder ja) som held til på Halsnøy.
Eg måtte inn og teste ut ei bolle og eit brød til å ta med heim. Veldig bra. 
Og eg falt pladask for papirposen eg fekk, både den vesle og den store.
Den store posen hadde eg så lyst til å bruke til noko, 
så no har den ei korg oppi seg, rommar alt teppegarnet mitt og sprer bakeglede ut i huset.