onsdag, februar 27, 2013

Det er vår!


Eg ynskjer snøklokkene velkomen! 

søndag, februar 24, 2013

Februarfjellet



Fantastisk dag på fjellet. Litt dristig ekstremsport å kome seg opp til Stovegolvet men det gjekk på eit vis. Og det er jo verdt alt strev og redsel å strekke seg mot ei varm sol og la ho teikne små vårfrekner på nasa. 

Scener frå ein sundagsfrukost


Frukost. På ein sundag. Og mykje egg. Så steikte pannekaker med sirup til. God energi til månadens fjelltur! Utanfor er Florry utålmodig. Ho har lyst på fleire havregryn. Ho hoppar opp på fuglebrettet og sit og kikkar nysgjerrig inn. Det er så spanande der inne på kjøkenet. Til og med når Frensurpusen står med snuten i vindusglasavstand så engster ho seg ikkje. Dei pannekakene ser så gode ut og den kaffikanna ser veldig rar ut. 

Inne i hønsehuset har noko forandra seg. I går kveld kom det heim tre høner og ein hane frå Førland gard. Dei tre fastbuande hønene synes dette var svært spesielt. Og desse tre nye gjestene er usikre og redde. Og held seg helst inne for seg sjølv på denne fine sundagen. Men om nokre dagar er nok alt som før. Og Siggen (hanen) og damene kan henge utanfor kjøkenvinduet og mase om havregryn dei også!


Steikje fine høns!

onsdag, februar 13, 2013

Ny genserpute

Herleg barnegenser i nydeleg mønster. 
Funne på Fretex og sydd om til varm og god pute!



mandag, februar 11, 2013

Venter på ny eigar..



Ein glad liten apekatt
venter på ny eigar..
Eigaren må berre bli født fyrst!

Oppskrift kjøpt av Kaptein Biff 
og så har han fått seg ei fin skyggehue i tillegg.

lørdag, februar 09, 2013

Fuglekikking


Eg har ordna meg fuglar på veggen. Ein plakat som eg kom over på nettet frå 
ei utstilling som fotograf Sten Magne Klann hadde i 2004. Han innreia innsida av
fuglehus på forskjellige måtar og dette vart det herlege bilete av! 
Eg hadde ikkje lyst til å henge opp berre plakaten eller ramme det inn. 
Så eg fann meg ei treplate på loftet som eg dekka med dobbeltsidig tape. 
Det gjekk ganske greit å lime plakaten på og så skjære vekk overflødig papir. 
Så no er det fuglekikking på kjøkenet òg i sofakroken.

Dobbeltsidig tape er genialt!

Fotograf Sten Magne Klann - "Piip show"

Golvteppe i det blå


Endeleg ferdig med hekleteppe. Eit lite evighetsprosjekt som eg følte ikkje vart bra.
Eg hekla i stavar og det endte opp med å bli for luftig for eit golvteppe. 
Så teppet fann vegen til vaskemaskinen og vart tova tett og eit golvteppe verdig.
Så vart det ikkje like stort, men det vart større enn golvteppet eg hekla i fjor. 
Og då går det jo rette vegen! Kjekt med prosjekt som er ferdig, no er det jo snart vår!