onsdag, mars 27, 2013

Påskesyssel III

Saging og snekring. Av resteplank frå her og der og ein gammal gjerdestolpe.
Ein fin-fin benk til å ha framfor kjellarvindauget mitt. 
No er det god plass til å sitte der
- både i solvarme - 
- og under stjernehimmel -
som eg har gjort nokre gonger i vinter. 

Sakte men sikkert byrjar hus og hage å bli Ingvildfisert. 




mandag, mars 25, 2013

Påskesol i hagen

Dei fyrste krokusane har lurt seg opp mellom steinheller 
Knallblå himmel og utsikt mot Kvinnheradfjella 
Frensepus er på jakt. Eit lite bord i form av ein kabeltrommel funne langs vegen pyntar opp i solkroken
Den eine kyllingen valte å legge sitt fyrste egg i dag, eit bittelite egg. Ho kakla godt etterpå på veg ut av verpekassa. 

søndag, mars 24, 2013

Påskesyssel II

Ferietid er lik hus- og hageforbetring for min del. 
I gamlehuset er det mykje å ta tak i, men det er greit å ta litt om gongen. 
Etter å ha lest "Hel ved" av Lars Mytting, som er sjølvsagt lesestoff for ei vedinteressert sjel, 
fann eg for alvor ut at fyringsovnen måtte skiftast ut. 
Eg har jo faktisk heile fire ovnar i huset, der to av dei fungerer. 
No skal ovnen i stova tas ut til fordel for ein reintbrennande og varmande Dovreovn.
 Det høyres enkelt og greit ut, men denne gamle ovnen er steintung! 
Så i kveld får musklane prøvd seg! 



lørdag, mars 23, 2013

Påskesyssel

I fjor var påskeferien maling av spisebord og stolar. I år vert det maling av ca 100 (!) lange plankar til kledningsskifte på gamlehuset. Og så må eg male noko gøy i tillegg, så då vert det frisk maling av ein teakkommode som eg har arva, den gamle krakken frå garden og ein hagestol som eg har funne på SIM. Så jobbing vert det i sola før sydentur ventar på oss tre, kjekke syden-uerfarne friskusar. Så påsken kan bli bra i år :)


søndag, mars 17, 2013

Sjokoladegjørme

Stadig egg i verpekassa gir vekentleg undring på kva eg skal bruke dei til. Denne veka har det blitt to paiar, ein salt til middag og ein deilig dessertpai, sjølvaste Mississippi Mud Pai. Den har eg sikla lenge etter i "The hummningbird bakery - kakeboken".  Dei nyttar vanleg lyst paiskal og eit mektig sjokoladefyll som vert dekka av vispa krem. Nytta til laurdagskos og sundagsdessert i dette huset!


Mississippi Mud Pai

Du treng:

Eit forsteikt paiskal


150 g mørk sjokolade
50 g smør                                          Dette vert smelta forsiktig og rørt saman til ei glatt masse.
0,3 dl sirup

6 egg
300 g brunt sukker                            Dette vert vispa saman og så blanda forsiktig saman med
vaniljeekstrakt/vaniljesukker             sjokoladeblandinga.

Hell røra oppi paiskalet og steik paien på 170 grader i om lag 35-40 minutt. Paien skal vere fast men litt skjelven i midten. Eg serverte min pai med ein gong, men helst skal den avkjølast, dekkast til og stå i kjøleskåpet til dagen etterpå.

Til servering kan den etast som den er, med is attåt, med vispa krem og som her på bilete: med frisk pasjonsfrukt oppå kremen! Steikje godt!

lørdag, mars 02, 2013

Å bygge sjølv

Eg startar så smått mi snekkerkarriere med å bygge min eigen kompost! 
Oppskrift fann eg på Grønn Hverdag si heimeside, materiale kjøpte eg på Montèr
på Stord og det kosta meg rundt 1500kr. Og så var bygginga i gong. Og eg vart stjerneforvirra.
Vanskeleg å følge ei oppskrift når alt ikkje er etter oppskrifta! Det var både feil i oppskrifta 
og feil i mål eg hadde fått frå butikken slik at ikkje alt gjekk opp i opp. Så då måtte eg til å
måle opp på ny og sage litt før eg kunne sette i gong.
Så hadde eg fått 10 cm brei isopor når eg skulle ha 5 cm brei.
Det resulterte i saging av isoporplater på langs og kunstig snø liggande overalt.
Men så gjekk resten som ein draum eigentleg! To arbeidsdagar og så er den på plass attåt hønsehuset! 
Har smurt den inn med tjære som me hadde ståande i løa. 
Og eg er veldig stolt av min innsats! Steikje fin kompost!