tirsdag, april 30, 2013

Varm (inne-) vår


Ikkje så varmt ute enda. Til tross for siste dag i april.
Då er det framleis koseleg å nyte varmen inne.
Og eg har benka meg til framfor den nye ovnen min.
Reintbrennande Dovre-ovn, mi nye forelsking. 
Som gir ein herleg og jevn varme i mitt eldgamle hus! 
Og her kan eg drøyme meg vekk med interiørblad 
og andre overfladiske ting. For det kan vere lurt av og til, 
ein fin måte å kople av alt det alvorlege på! 
Ha ein god og varm 1. mai! 


mandag, april 29, 2013

Måndagsmorgon



Alltid hardt å stå opp klokka seks. Særleg måndags morgon. Særleg når ein høyrer regnet på vindauget.
Men då er det absolutt verdt det å sjå desse stå nedpå bakken når eg kjem ut med Buster. Ein hjort med kalv. Ganske så uredd, meir nysgjerrig på kva slags vesen eg har med meg i band. Så dei kjem nærare og berre studerer oss ei lita stund. Før morgonstemninga slår inn over dei og dei spring til skogs att.
Og eg vart våken. Og klar for dagen! 

lørdag, april 20, 2013

Blomepotte


Alternative blomepotter pyntar opp ute. Idèen såg eg på "Äntligen hemma" på TV4, eit genialt program om alt frå bygging til interiør og blomar. Eg klyppa ut ein firkant av hønsenetting og forma den rundt ei stor blomepotte. Så hadde eg oppi ein god del frisk og grøn mose henta på haugane. Og så var det berre å ta oppi diverse blomar frå dagens handletur. 

Kyllingsnekkerbua

Eg har fått meg ei kloks! Det betyr at ei høne er klar for å ruge egg!
Hanen er på friarfot og eg håpar han har fått befrukta ho. 
Så i dag har eg snekra til den store gullmedalje. Og fått brukt mykje restemateriale
som ligg rundt om kring.  Eit kloksebur med rugekasse.
I rugekassen har eg lagt fire vanlege egg som eg har merka med tusj.
Håpet er no at høna Florry som nett har flytta inn vil føle seg heime, 
og teste ut rugekassen. 



søndag, april 14, 2013

Napoli


Eg har slått meg på svart te med mjølk og sukker for tida. Og vanskeleg kryssord attåt. Og då var det stas å ta i bruk fløytemugge og sukkerskål som eg fant på Gjenbruk i Sagvågen på fredag! Som ein av mange bruktbutikkar har dei byrja å prise kjørel etter merke. Og sidan dette er Egersund (Napoli) så var dei prisa til 160 kr for begge. Så hadde det ikkje vore halv pris på alt den dagen så hadde dei nok blitt ståande.

Dette servise er det sjeldan ein ser og høyrer om. Eg har frå før to koppar som eg har hatt i mange år, og eit middagsfat. Kjekt å ha nokre deler frå forskjellige fine serviser på lur! 

lørdag, april 13, 2013

Lang og tru teneste


Kjære raude røyrstolar. Kjøpt av mine foreldre i 1969. 
Overteke av meg som ung student i Bergen og fulgt mi
vandring i ulike hyblar/leilegheitar. Dei har kjent på rumpene til
vener og kjæraster, dei har levd gjennom billege middagar, 
oppgåveskriving, fridomens helger etter jobbkarrierestart. 

No var det slutt. Eg håpar nokre andre vil glede seg
like mykje som meg over dåke. Om dei då kikkar innom
"godt brukande"-avdelinga på SIM på Heiane. 



For det har seg slik at eg har så mange stolar no. Fine stolar. Og i fjor sommar
arva eg nokre herlege røyrstolar med mørkelilla røyr. Som no
har fått seg nokre strøk med kvit Bengalack. Og krakken har blitt gul med hekla trekk til setet.
Og eg er forelska! Og flørtar med tanken på nytt kjøken i gamlehuset,
og då må ein jo byrje å førebu seg! 

God helg! 

onsdag, april 10, 2013

Gul vår

Den gule påsken er over. Men eg er glad i gult året rundt. Det poppar opp gule vårblomar rundt om på nedre og øvre Eskeland no. Overraskande tidleg kanskje. Men akk så fine å sjå blant grå steinknausar og visne grastustar. Og min nye gulmalte hagestol har sjølvsagt funne plassen i solkroken.



Fyrste einslege løvetann langs med vegen. Lengtar etter fleire..

Kusymre - funne på ein hemmeleg plass! 

Frøken prøver ut solstolen