onsdag, mai 29, 2013

Frodige Eskeland

Det blømer på Eskeland. Det blømer om kapp og
saman med den deilige lukta og den fine temperaturen
så er det hardt å gå å legge seg om kvelden. Det er no
ein berre vil vere ute. Leve ute. Gå barbeint og få jord mellom fingrane. 
No er Eskeland på sitt finaste. Så då ynskjer eg onkel Anders velkomen! 

Velkomen til blomegarden. 
Saugene har kome "heim".

Ein vill-apal i full bløming. 


Utetre. 

lørdag, mai 25, 2013

Snekkerdag

Endelig har eg kome i gong med ny grind! Og fiksing
av gjerde på sørsida av huset. 
Og igjen må eg sei -  snekring er så kjekt! 



Og på framsida av huset blømer tulipanar og anna for fullt! 

tirsdag, mai 21, 2013

Med andre sine augo


Å sjå seg sjølv som andre ser ein er ikkje enkelt. Men å sjå
sin heimstad via andre sine auge er spennande. For andre tek
gjerne bilete av motiv som ein ikkje oppdagar sjølv. Og nettopp dette
har Marianne frå Toten gjort. Med sin Iphone. Eit heilt nydeleg bilete! Eg nyt det! 

mandag, mai 20, 2013

Haneslakt


Ein dominerande og hissig hane gjorde at haneslakt vart sett på programmet. 
Min tredje kylling som eg tek livet av, denne gongen gjekk det tårefritt. 
Og denne gongen skulle kjøtet etast!  Gardslivet er fint! 

Etter at hovudet er hogd av så må hanen ribbast for alt av fjær og dun. 

Slik ser ein ribba hane ut!

Og slik ser ein magesekk ut! Vakker!

God hønsekraft vart kokt på skrotten, lauk, gulrot og noko krydder.

søndag, mai 19, 2013

Pinsekos




Det er som om sommaren stikk innom. Mange plussgrader. 
Besøk frå austlandet. Grilling i "bålpanna". Heimalaga iste
Slakke høner i sola. Varme i drivskapet. Herleg! 

fredag, mai 17, 2013

Drivskap




Alt går an! Ein treng ikkje å kjøpe seg eit drivhus når ein kan snekre seg eit drivskap sjølv! Heldig er eg som kan leite opp skattar på garden. Gamle og fine vindauger har kome til sin fulle rett - i staden for å støve ned. Saman med nokre resteplankar og ein palle. På toppen har eg lagt to gamle glas frå mor sitt gamle drivhus.

Eg var så heldig som fekk tre flotte tomatplanter av onkel Torleif! Og no håpar eg dei vil trivast der inne i skapet! Så har eg nokre krydderurter på gong innandørs som eg håpar tek seg opp. Utanfor drivskapet har eg lagt ei lita palle der eg har andre planter på gong. Forhåpentlegvis vil dei også trivast no når sola kjem innom. 

Naturens kvitlauk

Kvar torsdag kjører eg over Onarheim på Tysnes. Og der bugnar
det over av kusymre og ikkje minst ramslauk!
Ramslauk er lite kjend for meg på Fjellgardane. 
Så eg måtte berre stoppe bilen i går og plukke med
meg i farten. I dag har eg laga ein rein type ramslaukpesto
og ein skikkeleg pesto med valnøtter, parmesanost og
nokre soltørka tomater. Den siste må vere ein av dei
beste pestoar eg har smakt! Den reine pestoen skal lagrast
i kjøleskåpet til vinteren, den andre skal nytast i helga!

Rein ramslaukpesto

Ein god bunt skylt ramslauk
Godt salt
God olivenolje - ca 1-2 dl

Kjøres i blender/med stavmikser og helles på glas.
Må oppbevares kaldt og lufttett og kan då stå i lengre tid!

Snacksen ramslaukpesto

100 g valnøtter
50 g parmesan
4-5 soltørka tomater
ca 20- 30 ramslaukblad
God olivenolje - ca 1-2 dl
Godt salt.

Kjøres godt saman. Denne er ferskvare og kan stå i nokre dagar. Nam! 



onsdag, mai 15, 2013

Morgonstund har mus i munn



Jippi! Frensur si fyrste mus! Det er jo litt synd
på musa, men samtidig så er det betre at den går
i magen til Frensen enn i huset mitt! Fin start på dagen! 

onsdag, mai 08, 2013

Stille morgon







Klokka seks om morgonen...

tirsdag, mai 07, 2013

Planteklar

Våren er her! Og sommaren er på veg! Og til sommaren håpar eg på å få hauste 
mine eigne grønsaker. I alle fall nokre sortar. Så eg har laga til ein plantekasse 
av noko eg fann på låven her. Kassen er om lag 120 x 120 cm. 
Eg har gravd litt lett rundt for å få den til å passe godt. Så har eg dekka den innvendig
 med ein slags planteduk/fiberduk for å hindre ugras frå marka. 
Kassen har eg dekka med herlegluktande tjære. Så har eg fylt kassen 
med ein del liter med plantejord. I skuten min fann eg to gamle vindauge 
som var perfekt (lenge planlagt!) lengde på. Med dei liggande over får 
plantene det godt og varmt. Så var det berre å plante! 




mandag, mai 06, 2013

Skattar frå bestemor





Det byrjar å bli grønt rundt om. Og sjølv om påsken er over for lengst så blømer
påskeliljene for fullt i hage og utanfor. Særleg i "hadlo" (skråninga) 
oppanfor vegen til huset. Der har bestemor sett ned laukar ein
gong. På denne tida blømer dei fylte påskeliljene ein etter ein og eg
plukkar flittig med meg inn. Seinare kjem dei gamle pinseliljene. 
Ei lita liljeeng oppanfor hagen.

søndag, mai 05, 2013

Kjøkenbord

Mitt nye kjøkenbord. Styggfint. 
Stygt grunna det gulna furutreet med stygge blyantstrekar her og der. 
Eigd av ein barnefamilie ein gong skjønar eg.
 Eg hoppa i det same dag som eg hadde gitt hundrelappen for det. 
Puss, puss, puss. Ein del timar med nedpussing for å få vekk 
all lakk på bordplate og klaffar. Så falt valet på kvitkalka beis 
og matt lakk over. Og det vart jo kjempefint! 
Heilt noko anna enn det eg bærte inn i huset.

Pussa fyrst med 40 (veldig grov), så ein god runde med 80 og så pussa eg fint over med 180.

Eg nytta kvitkalka beis med berre eitt strøk. Fyrst maler ein og så tørkar ein over med svamp.

Til slutt to strøk med matt Trestjerners golvlakk. Den tørkar veldig fort og ein ser nesten ikkje lakken.
Meget nøgd! 

onsdag, mai 01, 2013

ÅRETS loppis

Årets store loppemarked sør for Bergen. Har aldri vore der før, men har høyrt at det skal vere bra. Kvar 1.mai er det nemleg loppemarked på Solgry i Sveio. Om lag ein halvtime å køyre frå Eskeland og no er det faktisk også gratis i gjennom trekantsambandet! Og jammen var det tjukt med folk som sto klare til å springe til loppestarten. Og mange smilande fjes å sjå. Utruleg bra lopper og ikkje for stive loppeprisar. Mykje matservering og både pølse og kake m/kaffi måtte fortærast.

Kjempenøgd med gode kupp! Teaknattbord som skal få litt maling på seg, Stanleytermos, steiketakke, strykejern, lamper og ikkje minst eit herleg kjøkenbord som også treng litt nedpussing. Og anna smågreier. Til 2-300kr! Eg diggar loppis!