søndag, juni 30, 2013

MMMpizza



Til ære for min favorittbakar: Morten Schakenda.
Den beste pizzaen er enkel å lage. Deigen skal kjevlast tynnare
enn tynn, botnen skal prikkast med gaffel og skal
forsteikast på høg varme i nokre minuttar.
Så skal ein smøre på god saus. Denne gongen
falt valet på kvit pizzasaus, noko ein lagar raskt av creme fraiche,
finhakka kvitlauk, friske hakka urter, salt/pepar/sukker. Deretter
kan ein ha på det ein ynskjer. Her representert ved noko
som sjeldan vert laga rundt om i dei norske heimar - potetpizza! 
Eg strimla poteter over, noko raudlaukskiver 
og så bittelitt rive ost samt oregano,
extra virgin olivenolje og godt salt. Og så inn i ovnen på
270 grader (!) i nokre minuttar og voila - italiensk
pizza med sprø botn rett på tallerken!  

lørdag, juni 29, 2013

Ny krakk - ja takk!

Gjenbruk er mitt mellomnamn. Difor vert eg så glad når 
det dukkar opp ting eg kan bruke på ny att! Som desse to styggfine
gamle krakkane, som far min mest sannsynleg har fått med seg
heim frå sløyden på skulen der han jobba før. Krakkane har
absolutt sett betre dagar og dei er nok litt for stygge til å ha inne.
Så fram med bengalack, skumgummi og stoff! Og min beste venn
innan verktøy - stiftepistolen! 

Det kan vere det vert eit hekla trekk oppå stoffet, tida vil vise!
No er i alle fall tre fine krakkar klare for mitt nye kjøken!







fredag, juni 28, 2013

Linjer



Slåttelinjer. Slåtten er i gong, på nabogarden vel å merke. Og eg synes det er så nydeleg å sjå på, dei fine mønsteret som brettar seg utover bakkane. Som snart vert til svære, kvite egg som også er spesielt i seg sjølv. Den gamle forhaustinga si tid er forbi, tida då ein sto i siloen med radioen på full guffe. Og lukta av nyslått gras, lukta av maursyre, lukta av sommar. 

mandag, juni 24, 2013

Ferieregn



Himmelen opnar seg, gong på gong. Skikkelege sommarbyger.
Ein burde nytte sjansen til å dusje i regnet, men sparer det til neste
gong. Er så koseleg å vere inne også i slikt vèr! Og eg har ferie!! Jippi! 

lørdag, juni 22, 2013

Sommarbevis


Mitt fyrste jordbær har kome i jordbærkassen min! 
Eg feira med å ete det i eit jafs, og det smakte nyydeleg! 

Sydleg solskinssyltetøy

Enda ei stund til bæra er modne ute. Men eg hadde lyst
til å starte syltetøysesongen. Så då måtte eg ha hjelp i sydlege
frukt og bær. Appelsinmarmelade vart målet og 3 kilo
økologiske appelsiner vart kjøpt inn. Eg nytta også to økologiske
sitronar og safta frå ei lime. Samt nokre utanlandske jordbær for litt
sødme og ei kanelstang for litt lett kryddersmak. Når ein lagar
appelsinmarmeladen på den klassiske måten brukar ein
heile frukta. Eg gjorde som eg gjorde i fjor, nemleg pressa saft
av alt og skrapa av ein del av skalet. Også hadde eg litt fruktkjøt i også.
Det fekk koke ei god stund og eg hadde oppi ein god mengde med brunt 
sukker (for det likar eg best) og kvitt sukker. Etterkvart som 
det kokte tjukna det til og eg hadde oppi ei teskei smør
for å klarne syltetøyet før eg helte det oppi sterile glas. 
Det vart veldig godt på smak, søtt som det skal vere og ikkje 
så bittert som appelsinmarmelade kan vere. Nam! 

Så fine fargar i lag. 

Det koker og syder og fyller kjøkenet med deilig lukt! 

Kanelstanga er ute, siste rest av syltetøyet er på eit lite glas. Resten skal
lagrast til vinteren eller kanskje bli ein presang til nokon syltetøyglade. 


torsdag, juni 20, 2013

Nakent hus


Den gode nabo er i gong. Med å skrelle av dei gamle plankane. Inn til skinnet på gamlehuset.
Og ein kan sjå dei gamle tømra på soverommet mitt. Vakkert syn. Og no skal alt berre bli betre. Dei siste vindauge skal skiftast ut, isolasjon vert lagt og ny bordkledning skal kle opp huset til å leve enda nye hundre år. Kanskje gamle Østen fylgjer med på prosessen!

onsdag, juni 19, 2013

Herlege Halsnøy

I dag har eg, ein kollega og nokre fine klientar
vore på sommartur til Halsnøy. Den frodige øya som 
tilhøyrer Kvinnherad kommune. Me har storkosa oss på 
Sæbøvik! Sjølvaste Peder Bakar har fortalt oss om 
bakeriets historie og korleis han arbeider. Og me har hamstra
 på gode brød og knaska på gode boller. På Sæbøvik har dei elles 
nokre utruleg kjekke butikkar! Mykje kjekt interiør for oss
interiørtravarar og litt annaleise klesmerker. Eg har latt litt av
feriepengane fått bein å gå på i dag :)
Dagen vart avslutta med middag på Dill, nydeleg middag med 
mør kylling og frisk mango. Til ein svært billeg penge! 
Det var dagens reklame, ta gjerne turen innom Halsnøy!

Gode, gamle bakeriet

Vart du litt svolten no? Berre litt? 
Den gamle Peder Bakar. Den nye er faktisk yngre enn meg og ein del
av Eskelandslekta! 

Me fekk snikkikke litt på den flotte steinomnen.  Denne tek 14 dagar å kjøle ned
og 14 dagar å varme opp. Så den er då alltid på! 

tirsdag, juni 18, 2013

Sjølvforsynt



Vel, i alle fall på veg til å bli det! Kvardagsmiddag med speilegg med 
den gulaste plomma du kan finne. Ruccolasalat frå hagen. Steikte svære
tomater frå grønsakshandlaren på torget med herlig parmesan på. Og 
saftig bacon - frå grisen sjølvsagt. Og eg har ingen gris...enda. 

Og så kaffi i finekoppen med høner på, frå Rice. Fekk åtte
herlege koppar av mi søster! Og har fått tak i slikt fancy kaffilokk til
å ha oppå. Fin-fine dagar og snart ferie! 

lørdag, juni 15, 2013

På Eskelandstunet i dag..


Kyllingane har flytta ut for nokre timar. Dei må vere i bur ei stund
framover. 


Til saman ni kyllingar, den siste kom i går. Ei reservekloks ligg på 
enda fleire egg og tek den jobben meget seriøst. Det ser
ut som om det kan bli ein del farga høns på meg! Det er gøy!
Men tida vil vise om det vert høner eller hanar då...


Det spirer og gror i plantekassane mine. Spesielt ruccolasalaten er klar
for å plukkast no. Luksus å plukke sin eigen ruccola i hagen! Rødbetane
er også godt på veg. I den bakerste kassen har eg graskar og ein drøss med raudlauk.
Deilig!


I drivskapet er det to aubergine som er store og flotte. Enda ei stund
til dei kan etast, men med grønsaksdyrking følgjer også tålmodighet.

Dagens skatt



Lenge sidan eg har kikka innom brukten i Sagvågen no. 
Så då var det på tide og då måtte eg jo finna noko bra.
Denne teboksen dukka opp, med eit slags kikkevindauge
som dessverre er litt sprekker i.. Men mønsteret var heilt
nydeleg. Og så fine fargar! Den skal pryde mitt nye 
kjøken som fortsatt er på idèplanet. 

mandag, juni 10, 2013

Sommardagar

Herlege lyslykter frå kid. Og Noregsglas frå bestemor :)

Levegg av tøy for anledningen, klar for babybesøk!

Drivhuset er bygd på og tomatplantene strekk seg store og fine.

Soldagar og solplassen er godt i bruk. Den gamle jerngryta
vert av og til brukt til grill, med kubbar frå skuten og ei gamal rist
frå eit kjøleskåp. 
Familiebesøk. Søster og vesle Magne er heime. Eg er ikkje tante, men "mosto" 
(frå "moster"). Koseleg :)

torsdag, juni 06, 2013

Vælkømmi til gards





Til no er det fire små! Fleire ventar eg på! 





tirsdag, juni 04, 2013

Tid for kylling!



Eg har blitt kyllingbonde. I liten skala. To små fjærnøster har brote seg ut
av skala sine. Og trivst best under vingene til hønemor der det er 
varmt og godt. Og det er mange egg igjen! Men eg får no sjå
kva som er kyllingegg og kva som er vanlege egg, det har vore litt vanskeleg
å halde styr på. Så då har eg lært litt til neste gong!