onsdag, juli 31, 2013

Jerngrytebrød




Eltefritt brød, langtidsheving, lite gjær - kan det bli betre enn det? 
Jerngrytebrød, sprøare skorpe og saftigare brød skal ein leite lenge etter.

Standardoppskrift som ein kan variere etter ynskje:

Ei god gamal jerngryte, eller ei ny fancy Le creuset om du vil!

3,5 dl kaldt vatn
2 ts salt
12,5 g tørrgjær eller lik mengde fersk gjær
450 g kveitemjøl

Bland raskt saman ingrediensane. La deigen stå i ei bolle med plast over over natta, 
eller til og med eit heilt døger om du har tid!
Set omnen på 250 grader og set gryta inni for oppvarming. 
Når temperaturen er nådd tar du ut gryta, strør kveitemjøl og gjerne litt
godt salt i botnen før du tek den samanbretta deigen forsiktig oppi gryta. 
Brødet skal fyrst steike 30 minutt i gryta med lokk over, så nye 20-30 minutt
utan lokk. Ta så ut, la brødet kvile litt før du skjærer deg ei solid skive
og smører på godt smør som smeltar utover..mmm..


Gamle minner


Nye fotografi på veggen. Med ny fin ramme frå bruktbutikk på Moster. 
Familie og fine folk på veggen. På den finaste veggen, stråtapetveggen, 
ein skatt i seg sjølv. Far har fått hedersplass no, med vesle Magnegut på fanget 
og med mor i armkroken. 



Gamlehuset før i tida, trur det er i året 1954. Gardshunden i forgrunnen, var det 
Kvisten eller Basse mon tru? Mjølkespann hengande til tørk, den no nedrive
vedaskuten framfor det staselige hønsehuset. 

Ein leikande far i barneår, og tante Kari i sine ungdomsår. Så fine strikkajakker! 

fredag, juli 26, 2013

Lampeglad

Ein gamal og stygg lampe som dukka opp ein eller anna stad, 
trur eg fann den på SIM si gjenbruksavdeling for nokre 
månader sidan. 



Det fæle stoffet vart rive av og lampen fekk seg litt av
min favorittmaling, den gule bengalacken. 
Og litt stofftape. Stor lyspære frå Clas Ohlson!
Fin-fin lampe til mitt nye soverom. 



tirsdag, juli 23, 2013

Rabrabrarest - rabarbrafest!

I mange hagar der ute står det ubrukt rabarbra.
Blant anna i min hage der rabrabraen ikkje fekk vakse
seg stor i år (men til neste år derimot!). Og i hagen til ho mor
var det nokre restar og i hagen til ho tante var det mykje. Rabarbraen
er no altfor trevlete til å brukast til mat, men det betyr ikkje at den ikkje
kan fungere til saftlaging! Og saman med overmodne jordbær etter
sommarens jordbærsyltetøylaging, litt limesaft, og nokre nellikspikar
så vart safta kokt opp med vatn, kjølt litt ned og så silt av i sileklede. 
Etterpå vart safta kokt opp på ny, blanda i sukker og litt sitronsyre, 
skumma av og helt på fine flasker og glas! Lenge leve
sommaren når ein kan bevare den slik! 





Nydeleg natt

Sol og varme og lite vind jaga meg og
herr Vedå opp til fjells att for å sove ute. 
Nydeleg solnedgong, herlege yogapositurar,
ein stor og gul måne over fjorden..








søndag, juli 21, 2013

Chicken news





Kyllingane vert større og større. 
Men dei har vorte morlause, mora
fann like greit ut at ho ville attende til 
det gode liv med henging med hønevenninner 
og soving på vaglen og legging av egg. 
Så kyllingane tuslar rundt åleine og det
har gått greit fram til i dag, då katten ville
prøve seg på noko større enn ein liten småfugl
eller ei lita mus. 
Så no har eg elleve kyllingar, ikkje lengre tolv. 
Og så får det vere eg som er hønemor framover då. 

Sjøsundag






Endeleg.
Sol og sommar.
Ein sjøsundag med fin familie, slik
som mine besteforeldre hadde før i tida.
 Med mat og saft og fine rullesteinar. 
Diverre ikkje i Munkesteinsstranda, den er
ikkje som før, men i ei ny, hemmeleg strand,
det er fint å ha nokre hemmelegheitar. 

lørdag, juli 20, 2013

Den gamle telefonbenken

Eitt møbel som har forsvunne frå utruleg mange heimar. Den gamle telefonbenken. I forskjellige former, men det vanlege var nok å ha eit sete på sidan av eit lite bord. Eg kom over ein slik på gjenbruksavdelinga på SIM. Og lurte ei stund på kvifor i all verden eg hadde teke den med meg heim i blåbilen. Men puta fekk ny skumgummi og vart trekt om i både fin turkisduk og så ein blondeduk på toppen. Som sagt, stiftepistolen er genial! Og så fekk benken ein knæsj blåfarge. Eg har ikkje heilt funne plassen for benken enda, tenkte å ha den i gongen min, men det vert brukt som lagerrom for tida. Så no får den stå på hedersplass i stova med globusen (også frå SIM) som telefon!

Før-bilete av den og mitt loppisteaknattbord. 


Frensur er nøgd mer å 

fredag, juli 19, 2013

Jordbærsyltetøy



Jordbæra har endeleg kome på torget på Vikjo. Til 30 kr korga
for små bær - supert til sylting!
I fjor vart det kokt jordbærsyltetøy med vaniljestang. I år er eg
meir på den friske fronten, og årets syltetøy vart i år
laga med mynte frå hagen, brunt sukker og limesaft. 
Eg knusar mynten i lag med limesaft og brunt sukker i ein
mortar og blandar så dette i lag med oppskjærte bær. 
Så blandar eg i frysejam med litt kvitt sukker før det heile
går i frysen i fine små boksar med den fine merkelappen klistra på :)

Salen

Sommarens maleprosjekt byrjar å nærme seg klart.
Fyrst ut er bestemor sine gamle senger som var lyserosa
når ho levde. Mor måla dei så i bondefargar mens
eg vil tilbake til pastellen sjølvsagt.
Sengene står no inne på rommet "Salen" og
er klare til overnattingsbesøk!  


Før bilete:


Og så dei berømte etter-bileta: 









torsdag, juli 18, 2013

Tilbake til sommaren

Tilbake til sommarkvardagen. Etter nokre tyngre 
dagar. Og det som ynskjer oss på Eskeland
velkomen no er ein ny liten nabo. Eit nydeleg
lite piggsvin har funne vegen både til Krokhaugen,
opp forbi løa og opp til tunet mitt. 
Dei små gleder er dei styrste gledene.




mandag, juli 15, 2013

Måndag 15. juli

Me sigler ikkje same havet

Me sigler ikkje same havet,
 endå det ser so ut.
Grovt timber og jarn på dekk, 
sand og sement i romet, 
djupt ligg eg, seint sig eg,
stampar i broddsjø,
uler i skodde.
Du sigler i ein papirbåt,
og draumen ber det blå seglet,
so linn er vinden, so var er bylgja. 

Olav H.Hauge 
Dropar i Austavind (1966)




søndag, juli 14, 2013

Bondeknølbilete




Høns og kyllingar og sauge og lamb i fint sosialt samvær. 
Ingenting er meir sjarmerande enn når kyllingane
klatrar over lambet for å komme seg inn til nokre godsaker
i hønsehuset. 




Og apropos sauge. 69saugen åt opp heile paprikaplanten min,
men kvifor gråte over spilt paprika når ein har drivskapet
fullt av (fire) auberginar, chiliar og tomater? 

Herleg å vere ein bondeknøl. 

Frå hage til gourmet



Sjølvforsyningsprosjektet gir nokre resultat. Blant anna desse
flotte reddikane som eg hausta no hin dagen. Reddik tek ikkje lang tid
å få opp så ein kan så og hauste fleire gongar i løpet av ein sommar. 
Reddikar er jo litt skarpe i smaken men det fins ein måte
å mjukgjere dei litt på, nemleg å bake dei i omnen.

Til det treng du: 

ferske reddikar
olje
salt 
kvitlauk
olivenolje

Vask reddikane fri for jord. Kutt vek rot og stilk. Del dei i to
og legg dei i ei form dekka med vanleg olje (t.d. rapsolje) og nokre 
kvitlauksfedd. Dryss lett over med godt salt. Bak dei i omnen på 180 grader
i ca 15-20 minutt, følg med på dei, dei skal bli møre og gyldne, men
ikkje brende. Vend gjerne litt på dei undervegs. 
Vel ute av omnen legg dei på fat, hell nokre striper med god
olivenolje over og enda meir godt salt. Kvitlauken kan ligge att, 
eller ein kan ete den også om ein er ekstra dristig.
Nydeleg godt! 




fredag, juli 12, 2013

Mitt rom, mitt rom


Eg elskar dette rommet. Eg berre elskar det. Mitt nye kjøken.
Etter innsmørning av måttmiddel kom treverket verkeleg fram. 
Etter at det tørka vart det lysare, men berre
sjå dette kunstverket av vått og rått tre mot kvitmala takbjelker! 

Og eg elskar min ovn! Ein skatt som berre
må reparerast etterkvart. Den står som eit kunstverk 
og vil vere ein viktig del av kjøkenet mitt.
Så no gjenstår det nytt strøk av golvet, besøk av elektrikar og rørleggar
og så er det berre å vente på leveranse frå Sunde Snekkeri! 
Kjekt å kunne bruke lokale aktørar :) 







torsdag, juli 11, 2013

Perla på Tysnes

Haaheim Gard. Godt gøymd perle med utsikt
over dei trolske skogar. Nydeleg hageområde for
slike ferske hobbyhageentusiaster som meg. Ein herleg 
eigar som surrar rundt om kring, slår av ein prat
og bles litt i luren sin.

Ein plass som tek vare på det
gamle og som freistar med deilige rettar.
 For min del vart det berre dessert i dag og perfekt 
kaffi attåt, men eg kjem tilbake for middagen ein anna gong! 

Gamlehuset og nybygget attmed.  
Ein kvar gard budre jo ha hestar gåande..

"Bestemors Kringlehage"
Urter og grønsaker i lange banar..

Vil gjerne lure med meg dette skapet med heim!