lørdag, august 31, 2013

Slow food


RISOTTO

Berre smak på ordet. Eit herleg ord og ein herleg rett. Som kan varierast
til det uendelege. Eg lagar risotto ein gong i blant om eg har noko kvitvin
på lur og ei flis med god parmesan i kjøleskåpet. Og den vert laga med
kjærleik og omtanke, for ein må passe nøye på den heile tida.
I dag vart det god laurdagsmiddag med mild og rund risotto 
attåt ein steikt kyllingfilèt med bakt tomat. 

Risottobasis

2 dl risottoris (får du nok tak i på ein god matbutikk)
2 ss smør
 2 sjalottlauk el 1 gul lauk
2 fedd kvitlauk el 1 kinesisk kvitlauk
1 dl kvitvin
8 - 10 dl kyllingkraft
50 g rive parmesan
2 ss god olivenolje
2 ss smør
sitron/lime og salt/pepar

Finhakka lauk og kvitlauk skal fresast fyrst åleine, så i lag med risen. 
Hell så over kvitvinen og la det trekke inn før du sper 
litt etter litt med kyllingkrafta. Krafta skal trekke nesten heilt inn
i risen før du hell på litt meir. Til saman tek det nok 20-25 minutt før risen
er al dente. Risottoen skal så kvile under lokk med smør, parmesan og olivenolje
over seg.  Så er det berre å røre om og smake til med salt og pepar og saft frå
sitron eller lime. 

Eg blanda min risotto med bakte cherrytomater, søtpoteter og små raudlaukar frå hagen. 
Det hadde eg i rett før risen var ferdig kokt. 

Tomater, søtpotet og raudlauk bakt i omnen på 180 grader i 30 minutt. Det er godt å blande
det saman med olivenolje, salt og pepar fyrst!

Risotto tek tid. Stadig å røre rundt og å spe på med kraft før det vert for tørt.

Deilig parmesan

Rykande heit risotto med fine fargar i raudt, oransje og lys lilla. Voila! 

søndag, august 25, 2013

Open gard 2013

Open gard på Førland gard. Kanskje den finaste garden på Stord?
Med stort tun og utsikt som minner om Hardanger. 
Eg har selt kaker og saft til søtsvoltne store og små 
saman med fine bygdekvinner!








lørdag, august 24, 2013

Fjellhausting

På fjellet byrjar haustfargane å kikke fram. Røsslyngen blømer og lukter deilig. 
Hoggormen solar seg i seinsommarsola. Froskar i massevis.
Sauger går det framleis ein del av i fjellet, og vindmøllene surrar og går
på Midtfjellet på Fitjar.
Fjellbilete på ein av dei siste augustdagane tjuetretten:










fredag, august 23, 2013

Lyden av sommar




Sommaren var visst ikkje over enda. 
Enda nokre dagar med kjolevær. 
I sommar har eg ikkje vore på noko særleg av festivalar. 
Men på Stordfest spelte L´ angelus, og dei har vorte 
lyden av sommaren 2013 for meg. Spesielt denne songen her, Ca c'est bon. 
Fantastisk med dansande, glade musikarar! 

lørdag, august 17, 2013

Laurdagssgodt



Eg måtte bare. Har sikla på desse koppane i sommar. 
Dei er jo akkurat som snop!! Retro i stilen og retro i fargen. 
Kvit inni og svart kant på toppen, akkurat som dei gamle
emaljekoppane, som den grøne fine eg fann på ei strand for 13-14 år
sidan. Merket er Borg og koppane fann eg på Fem høns, ein butikk eg
etterkvart byrjar å like littegrann :) 

fredag, august 16, 2013

Veke 33

Fyrste veka på jobb er omme. Ikkje så gale å byrje att
egentleg, særleg når temperaturen går nedover ute. 
Og for augeblikket er det bøttevis med regn
og det er stille på Eskeland. 
Så her kjem nokre bilete frå vekedagane som var. Med sol.
Og med dei finaste dyra, framleis 11 kyllingar, seks
høner, ein katt og ein hund. 






tirsdag, august 13, 2013

Dagens nytt

Vel, for snart 124 år sidan.
Avisa Stavangeren, fire sider lesbart!
Funne som lett isolasjon bak
bordkledningen i den eldste stova. 
Fine annonser! Og siste nytt om "moder-
drab" og kva eiffeltårnet kosta blant anna.












søndag, august 11, 2013

Kafèsone

Kafè Eskeland velkomen! 
Eg nærmar meg kjøken. Mi enkle kjøkenøy frå IKEA er på plass
og lintøyskapet er festa til veggen. Det var då eg oppdaga ein krok som kunne nyttast til noko.
Entusiasmen og arbeidsgleden bobla over i blodet!
Og så kjekt å kunne bruke litt av den gamle bordkledningen som er rive av huset.
Så eg har sagd og finsagd, pussa og pussa og pussa litt til,
impregnert og så til slutt lakka med mattlakk.
I dag kom jobben med å skru fast bordet til veggen (og ein fot) 
og resultatet vart nydeleg syns eg. Ei lita kafèsone til avislesing og kaffikoppen,
til litt småprosjekt på sundagar, eller berre for å sitte og
sjå ut på vèr og vind med radioens stemmer surrande rundt.
Og så fekk eg nytta mine herlege kvitmalte røyrstolar då!


Gamle eplekassar funne på garden har blitt beisa og lakka og har
no fått sin funskjon som vegghyller. Fine gamle
ølflasker har eg fått frå far sitt arbeidsrom. 

Borda vart i samme nyanse som veggane på kjøkenet, etter både impregnering
og nedpussing. Så bordet vert på ein måte ei forlenging av veggane. 

På den bakerste veggen kjem kjøkeninnredninga. Men foreløbig står kjøkenøya klar og allereie i bruk
dagleg som frukostbord.
Ungdomskulekrakkane har fått seg eit kvar sitt heklatrekk i bestemorruter.
Som jo kan skiftast ut etter ynskje og behov.
Den geniale lampen som kan dras ut og inn og flyttast her og der er kjøpt på bruktbutikken
på Moster for nokre tiarar. Snart skal den få ny og fin lyspære!
Bladstativet på veggen er funne på gjenbruksavdelinga på SIM. 

torsdag, august 08, 2013

RIPS

Ein viktig del av denne bloggen er jo bær, 
deilige bær, friske bær, bær heile året 
gjennom sylting og safting. 
Og no er ripsa her! Saugene har knaska sin
del av ripsbuskane, fuglane har kost seg
med ein del også, men eg fekk plukka
meg nok til å lage herleg ripssaft - i år igjen. 
Berre sjå desse lekre bæra..




tirsdag, august 06, 2013

Ny svart dør i huset

Og nye fargekritt
Her må då ord og teikningar koma
her som er so fin dør!



Eg har drista meg til å male døra inn til kjøkenet med tavlemaling. 
Etter ærleg å ha blitt påverka i ein del nummer av kjekke interiørblad. 
Døra var i trøttande teaklaminat og no i knasjande svart! Og med skrift og
krusedullar etter humør. Fire strøk og litt nedpussing måtte til
før malinga satt. Så no er fyrste dikt ute, det sjølvsagte fyrste diktet. 
Så berre la hausten komme no, eg er klar. 

mandag, august 05, 2013

Kveldsmat frå hagen



Sommaren er kanskje på hell men det er framleis noko å hente
i grønsaksbeda mine og i drivskapet. Raudbetane vart ikkje så store
alle saman, men dei var nydelege på smak, bakt i ovnen med
kvitlauk, salatlauk, olje og salt på 225 grader i 25 minutt. Og så
ein klatt smør nedi, nam!
Ein aubergine fekk også bein å gå på, eksotisk å bake sin
heimedyrka aubergine i ovnen. Den var nydeleg! 
Til neste år vert det nok meir av raudbetar og reddikar, mine
favorittar i år frå grønsaksbedet! 

søndag, august 04, 2013

Forvandling

Nordsida av huset er no skjønnheita sjølv,
så kvit og rein. Ny, flott bordkledning, nye vindauge, 
isolasjon i veggen som gjer at eg går vinteren varmt i møte. 


Og til fine familiemedlemmer som følgjer bloggen så legg eg
også ved bilete frå framsida av huset. Den gamle tømra er så vakker då 
den får lufta seg nokre dagar, på veg til å bli ny den også!
 Litt "isolasjon" har no dukka opp, 
i form av masse gammal treflis og spon. Har sikkert varma bittelitt 
igjennom kalde vintrar. 


Mykje spindelvev og støv oppover langs tømra.  
Den eldste stova frå 1860, her har det vore ein del mått. 

Årstalsbevis: på tømra i den tredje stova står det rissa inn i store fine tal.
Så mitt nye kjøken vert då heilt korrekt i frå 1888!